søndag 21. mars 2021

Medlemskap i Vossevangen CK

Vossevangen CK ynskjer nye medlemmer hjartleg velkomne! Det kostar berre 100,- for ungdomsmedlemskap og 450 for ein heil familie. Les meir om kva du skal gjera for å verta medlem på denne sida

Som medlem i Vossevangen CK får du gode prisar og ikkje minst rask

fredag 19. mars 2021

Tinging av nye Vossevangen CK kle!

No kan du tinga deg nye bunad for sesongen! Nettbutikken er open from til og med torsdag 25. mars! På tysdag vert alle bileta av dei ulike plagga i nettbutikken oppdaterte med korrekt VCK design!

Klikk deg inn på denne lenkja for å koma til nettbutikken. Dei som har konto frå før kan bruka same påloggingsinfo som før, de andre må registrera ny konto.

Klubben støttar nok ei gong 50 % av prisen på alle kle i klubb-design til alle betalande medlemmer - prisane er justerte i nettbutikken.

NB! Skotrekk, hanskar og sokkar vert bestilt inn av klubbben, og så kjøper medlemmene frå klubben sitt lager - til gode prisar sjølvsagt.

I år vert det viktig å handla litt, for bunaden vår kjem i flott nytt design, sjå video og

søndag 28. februar 2021

Ørjan Hirth-Horvei ny leiar i Vossevangen CK

I dag var det årsmøte i Vossevangen CK, og Ørjan Hirth-Horvei vart vald som ny leiar i klubben og Sindre Hirth som nytt styremedlem. Geir Ove Byrkje og Dag Tore Roe har begge hatt fleire år som leiar og styremedlem, men no slepp dei nye krefter til. Me takkar begge to for innsatsen, og me ynskjer Ørjan og Sindre lukke til med arbeidet!

Styret til Vossevangen CK er frå i dag av sett saman slik som dette: Ørjan Hirth-Horvei (leiar), Martin Hindenes (kasserar), Stine Gjerald (styremedlem) og Sindre Hirth (styremedlem).

lørdag 23. januar 2021

Årsmøte 2021

 


Årsmøte i Vossevangen CK!

Årsmøte vert halde sundag 28.2 kl 19.30. Kvar møtet skal haldast og om me må ta det digitalt kjem an på kor mangen me blir og korleis covid-situasjonen er når det nærmar seg.
Me er derfor avhengig av å ha ei påmelding til møtet, du kan melda deg på i kommentarfeltet under saka på facebook eller på mail: vossevangen.ck@gmail.com innan 15.2.

Saksliste som fylgjer;
...
1. Godkjenne stemmeberetta.
2. Godkjenne innkalling og saksliste.
3. Val av ordstyrar, referent og to medlemmar til å signere protokoll.
4. Årsmelding og rekneskap.
5. Medlemskontingent 2021.
6. Innkomne framlegg.
7. Val

Saker som ein ynskjer å melde til årsmøtet kan sendast på vossevangen.ck@gmail.com  innan 15.2.21.

Venleg helsing Styret.

lørdag 10. oktober 2020

Flott sti-ritt i Bømoen i dag!

Vossevangen CK skipa i dag til siste rittet i årets Sykkelbutikk-cup. Nytt av året var ein ekstra lang runde med to klatringar, to nedkøyringar og mykje flott flytsti. No gjorde vrange værgudar siste døgeret til at det vart ein kraftprøve og ein smule glatte røter og nokre litt fuktige parti, men under rittet var det opphaldsvær og god stemning. 

Sjå resultat på denne lenkja, og sjå ein heil haug med bilete tekne av Johanne Blikberg Herheim og Tormod Vågenes på denne lenkja.

fredag 21. august 2020

Terrengritt i Bømoen 10. OKTOBER

Vossevangen CK skipar til det siste rittet i årets Sykkelbutikk-cup  i Bømoen den 10. oktober. 

Sjå meir info om rittet på våre sider for rittet

SISTE NYTT 5. OKTOBER: video av heile løypa er lagt ut, så klikk deg inn på linken over!

søndag 9. august 2020

Siger til Rune og Hans-Inge i Offroad Valdres

Det var strålande innsats av Vossevangen CK i Offroad Valdres i helga. Dette er eit terrengritt på 130 km på Golsfjellet med stort sett berre stisykling og navigering etter GPS. I år var det deltakarrekord med over 60 lag, og Rune Herheim og Hans-Inge Klette stakk like godt av med sigeren etter ein spanande kappestrid med eit anna lag. Dei klokka til slutt inn på 7:28, dryge seks minutt før nummer to. Det vert også arrangert ein