fredag 11. november 2011

Fellestrening tysdagar 1730-1945 hjå Mosjonsgutane

No er det lagt ut informasjon på treningssidene våre. Der finn du informasjon om tider, kven som er instruktør og kva type spinningsøkt det vert. Gje beskjed i skranken om at du er medlem i Vossevangen Ck. Ein kan òg kjøpa klyppekort viss ein ikkje skal trena så ofte hjå Mosjonsgutane.

søndag 6. november 2011

MALLORCA MARS 2012

Vossevangen CK reiser til Mallorca i siste halvdel av mars 2012. Alle er hjarteleg velkomne til å vera med. Dette er ein makalaus sykkelferie på ei øy som er perfekt for sykling i kort sjåtts i mars. Opplegget er fleksibelt (og billig!): ein vel fritt kva tidspunkt ein reiser ned og heimatt. Me bur på Fontanellas, gå inn og bestill sjølv på Velotel. (I år kan det sjå ut som me vert ein heil delegasjon ... sjå æppetaisar)

Trykk på les meir for å sjå kva flyreise me har me som alt har bestilt.

lørdag 5. november 2011

Påmelding Birken 2012 ons. 9.11 kl. 09:00!

Onsdag 9. november kl. 09:00 opnar trinn 1 på www.birkebeiner.no. Når du går inn på www.birkebeiner.no vil heile sida verta lagt i ”påmeldingsmodus” frå ca. kl 07:30. Eit nedteljingsur vil visast fram til påmeldinga opnar kl. 09:00.

fredag 4. november 2011

Hjulsett til sals: Easton EC90 Aero

Hjulsettet er kjøpt på Sykkelsenteret våren 2011, og er berre brukt i 3 ritt. Dei er i god stand og vert seld med dekk limt på. Dei kan verta dine for kr 8.000,-.

Ta konktakt med:
Odd-Inge Jordalen, tlf 90626520.

lørdag 22. oktober 2011

Vintertrening 2011-12

I vinter kjem me som de veit til å trena hjå Mosjonsgutane. Gje beskjed om at du er medlem i Vossevangen CK, så får du rett pris. Dei har mange tilbod i tillegg til styrketrening, så her er det berre å gje gass heile veka.

Me satsar på ei fellestrening i veka: tysdagar kl. 1730-1945. Me trener fyrst styrke 1730-1830, deretter spinning 1830-1945. Bjarte, Stine og Nils har vore så velvillige at dei tek på seg instruktørjobben på deling.

FYRSTE FELLESTRENINGA VERT TYSDAG 1. NOVEMBER, KL. 1730-1945!

mandag 17. oktober 2011

To terrengsyklar litt sals

Gary Fisher, ny i 2008, til sals for 5999,-. Dette er ein 29 tommar, passar til folk mellom ca. 173-185 på sokkaleisten. Ny kassett, ny kjeda, alt fungerer som eit skot.


Corratec Revolution, 2011 mod., polert, som ny, til sals for 16.900,-. Brukt nokre måndar på seinsommaren. Passar til folk mellom 173-187, ca. Sjå annonse på finn: http://www.finn.no/finn/torget/tilsalgs/annonse?finnkode=30815915

Ta kontakt med Rune på 95272414 eller rune.herheim@psych.uib.no.

onsdag 12. oktober 2011

Helsing frå Stine og Johnny

"Hei alle sammen!

Tusen takk for gavekortet og planten vi fikk i anledning vårt bryllup 1.10.11. Vi hadde en flott dag på Stalheim. Nå ser vi frem til en snørik vinter med trening og mange kvelder med dere på spinning.

Mvh Stine og Johnny Gjerald"

søndag 9. oktober 2011

Klubbmeisterskap 2011, Vossevangen CK

I strålande haustever vart årets klubbmeisterskap til Vossevangen CK arrangert. Flott dag, flott ritt, mange ryttarar og mange støttespelarar stilte opp. Bjarte Vethe vart årets klubbmeister. Gratulerer!

Intens spaning før start
Om kvelden hadde me årsfest på Store Ringheim. Her vart det utdeling av årets mange gjeve prisar.

Den offisielle prisutdelinga vart som fylgjer:
Ungdomsstøtte: Carsten Christensen, Nikolai Hanevik, Eirik Mjelde og Sondre Tysseland.
Årets prestasjonar: Vidar Mehl, Asbjørn Tveit og Bjarte Vethe.

søndag 25. september 2011

Stoltzen 2011: Eirik og Einar med knalltider

Vossevangen CK hadde fleire med i årets utgåve av Stoltzen. Dei to raskaste av våre var Eirik Finne og Einar Trefall. Dei kom begge under den magiske grensa på 10 minutt, og tida 9.55 held til ein imponerande delt 34. plass av 4200 sprekingar.

søndag 18. september 2011

Renate nr. 7 og Einar nr. 8 i Birken-trippelen!


Einar i mål etter Birkebeinarrittet
Renate (arkivfoto)
Reante Salbu og Einar Bystøl frå Vossevangen CK sprang i helga Birkebeinarløpet. Dei har før i år gått både Birkebeinarrennet og sykla Birkebeinarrittet. Når alle desse tre tidene vårt slått saman, så kom Renate på ein fin 7. plass i klassen 20-24 år, medan Einar kom på ein sterk 8. plass i klassen 50-55 år.


Sjå resultat på våre resultatsider. Les meir på http://www.birken.no/.

fredag 16. september 2011

Knallprisar på 2012 syklar til våre medlemmer

No har me fått klubbtilbod for neste års sykkel-modellar frå G-sport. Diamant-syklane har no vorte svært populære, og me har fått ein veldig god avtale ned G-sport. Sjå syklane her.

Syklane vert levert seinast i veke 16. Ein betalar ikkje før ein får sykkelen. Viss du ikkje har fått e-post med prisar og bestillingsskjema, ta kontakt med Rune.

NB: Bestillingsfrist er 20.9. Bindande bestilling.
Trykk på les meir for å få vita meir detaljar.

onsdag 14. september 2011

Klubbmeisterskap og årsfest 8. oktober!

No er datoen setla: 8. oktober. Kvess klødne! Spre rykte! Smør kjedo! Start psykologisk krigføring! Årets viktigaste ritt nærmar seg!

søndag 11. september 2011

Skarverittet: Nikolai vann M17-19


Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, viser at formen så aboslutt er inntakt. Han vann klasse M17-19 i Skarverittet med den sterke tida 2.05.50. Då kom han så høgt som ein 17. plass totalt.


mandag 5. september 2011

Sykkelcamp på Golsfjellet

Njål, Jarle og Martin tok turen austom vatnskilje for å finna sykkelterreng for hardtail. Me lukkast, nydeleg tur med varierande terreng (og ver).

lørdag 3. september 2011

Den grøne sløyfa: Nikolai og Eirik på pallen!

Det nye turrittet "Den grøne sløyfa" frå Evanger til Eidsland vart i dag avikla under noko fuktige forhold.


Klikk på les meir for å sjå Nikolai sin strålande rittrapport :)

søndag 28. august 2011

Tor Halvor vann (ikkje) UltraBirken!

Tor Halvor Bjørnstad frå Proteinfabrikken/Vossevangen CK vann fredag UltraBirken i utklassingsstil. Eller det vil seia, han vann vist ikkje, trass i at han hadde vunne likevel :). Les siste nytt hjå dn.no og hjå birken.no.

Foto: Reidar Kjæstad/NRK

UltraBirken er eit ekstremt terrengløp på 11 mil, steinete og veldig bratt opp og nesten endå brattare ned. Tor Halvor vann med 27 minutt, trass i ei punktering (som han fiksa med sjokoladepapir!).

Vossevangen CK hadde mange ryttarar i aksjon denne helga på det "vanlege" 94,6 km lange terrengrittet, både på fredagsbirken og laurdagsbirken. Trykk på les meir for å sjå bilete og for å få fleire detaljar.

onsdag 24. august 2011

To sykkelfestivalar i september

Ck Sotra inviterer til Øygarden sykkelfestival 3. og 4. september: Lenkje (påmeldingsfrist 28.8).
Åsane Ck inviterer til Åsane sykkelfestival 10. og 11. september: Lenkje (påmeldingsfrist 3.9).

onsdag 17. august 2011

Klatreturen

Tre vossevangarar, Jarle, Egil og Martin, ville ha ei utfordring litt utanom kvardagsturen. Lenge har me snakka om at det hadde vore kjekt å sykle opp på fjellet frå Aurland, 1300 meter rett opp. Etter ein del snakk med ungdommelege og bråkjekke vendingar utvida turen seg til det doble.

søndag 14. august 2011

Asbjørn med glimrande 4. plass i Nordisk meisterskap

Asbjørn Tveit viser igjen at han er i støtet. Ein glimrande 4. plass i nordisk meisterskap i Finland. Asbjørn sat inn med hovudfeltet, som sprakk opp litt på slutten. Han var godt med i spurten, og var berre 10 cm frå 3. plass og pallen. Asbjørn er og kvalifisert til å representere Norge under VM i Austerrike. Asbjørn har verkeleg vist god form denne sommaren med god plassering i NM og i Nordisk. Me veit kva me målar oss med på trening med andre ord. Me gratulerer!



Sjå resultat på våre resultatsider.

lørdag 13. august 2011

Vidar nr. 9 i Drammensrittet

Vidar Mehl vart i dag nr. 9 i Drammensrittet. Han fekk ein tung start, men med ein sterk siste halvdel av rittet kom han seg inn på ein sterk 9. plass i eliteklassen. Greg Saw vann rittet. Les meir på Vidar sin blogg. Sjå resultat på våre resultatsider.

Nikolai, Carsten og Rune prega Klosterrittet

Klosterrittet vart avvikla i dag med strålande forhold i langrennsløypene på Totland/Frotveit.

Rittet er eit 60 km langt terrengritt fordelt på 4 rundar på 15 km, og nærare 200 syklistar let seg freista til å måla krefter på sykkelsetet denne dagen. Vossevangen CK sine tre menn beit godt i frå seg.

lørdag 6. august 2011

Massevelt i Grenserittet

Vossevangen CK hadde to ryttarar med i Grenserittet: Vidar Mehl og Bjarte Vethe. Grenserittet er eit stort terrengritt med 7000 ryttarar og internasjonal deltaking. Rittet er 80 km og går frå Strømstad til Halden.

onsdag 3. august 2011

Påmelding til Klosterrittet

Klosterrittet er eit flott terrengsykkelritt, 60 km, på Totland ved Bergen. Påmeldingsfrist er 08.08.2011 kl. 12:00. Lenkje til påmelding. Me får låna Toyota av Jæger. Rittet er seedingsritt til Birken.

tirsdag 2. august 2011

NM terreng, maraton

Vossevangen CK hadde to mann på startlista til NM på terrengsykkel i helga.

Hardingrittet 2011

Hardingrittet er eit turritt på 77 km frå Utne til Lofthus. Det var avvikla den 30.7 i strålande vær.

lørdag 23. juli 2011

Vidar Mehl nr. 3 i Valdresrittet

Vidar Mehl sykla inn til ein sterk 3. plass i Valdresrittet i dag med tida 2:02:25. Han kom inn berre 40 sekund bak vinnaren. Det hadde regna mykje i dagane før rittet, så det vart eit tungt ritt. Les Vidar si vurdering av rittet her.

Foto: D. Christensen

Bjarte Vethe vart nr. 2 i klasse 40-44 med tida 2:19:27 trass i at han knakk setepinnen. Carsten Christensen kom inn på 2:28:10, medan Nikolai Hanevik sykla på 2:36:28 i klasse M17-19 med sjukdom i kroppen.

Anton Hanevik kom inn på 3:10:57 i klasse M55-59 og Dag Christensen fullførde i trimklassen.

Sjå resultat på våre resultatsider.

Arrangementet var elles prega av tragedien i Oslo og på Utøya, og vart såleis avvikla utan musikk og i dempa former.

søndag 17. juli 2011

Kondis.no: Vethe med sin 8. 'Bergen-Voss'-siger

Nesten 5000 fullførte Bergen-Voss

Bjarte Vethe fra Voss vant igjen.

4Bergen-Voss_ingress_926765
Det var 11 mann igjen i tetgruppen som kom til Voss. Blant dem var Bjarte Vethe som tok sin 8. seier i det tradisjonsrike løpet.

Bjarte Vethe fra Voss har tangert Ove Matland sin seiersrekke på 8. ganger. Bjarte satt med feltet inn til Voss med 10 andre syklister som klarte det harde kjøret i bakkene. Her var det Ove Matland måtte si takk og farvel sammen med 50 andre fra seedet pulje nr.1. Feltet kom in på 4.15, noe som er en relativt god tid med hensyn til regn og vind i starten av løpet.

fredag 15. juli 2011

Langtur i morgon 16.7, avreise kl. 8 frå jernbanestasjonen

For dei som ikkje skal delta i Kvinnheradsmeisterskapen så vert det roleg langtur laurdag 16.7. Me syklar Eksingadalen og Hamlagrø attende. Avreise kl. 8 frå Voss jernbanestasjon. Obs: lang tur, 16-17 mil, ta med nista og godt humør :)

lørdag 9. juli 2011

Vidar Mehl nr. 9 i Norgescup

I dag var det norgescupritt på terrengsykkel (Bukkerittet). Vidar Mehl køyrde inn til ein sterk 9. plass trass i at han køyrde feil og måtta snu! Les rapport frå Vidar her

Resultat finn du på resultatsidene våre.

mandag 4. juli 2011

NM-SØLV OG 4. PLASS!

Kjempeprestasjonar av Bjarte Vethe og Asbjørn Tveit i Veteran-NM i Halden. Bjarte tok sølv i M 40 og Asbjørn tok 4. plass i M 55!


Foto: A. Tveit

Begge er no teke ut på landslaget og kvalifisert til Nordisk i Finland, som går av stabelen i slutten av juli.

Rapport frå Bjarte:
Eg kjørte ein fellesstart på 120 km, ein lang runde, småkupert, der løpet ville bli avgjort ved siste km, som var ein bratt stigning opp til Fredriksten festning. Siste bakken var så bratt at det blei små grupper som kom inn til mål. Vi var fire mann som kom inn først der eg blei nr. 2 og fekk min første medalje i eit NM. Eg tapte spurten om gullet men er kjempefornøyd med resultatet etter så mykje motgang i tida etter Bergen-Voss der eg var sjuk 12 av dei siste 14 dagane etter rittet. Det var samme sjukdom som gjorde at eg ikkje kunne stille til start i Trondheim-Oslo som planlagt. Einar Lode frå Sola vant. Han var også med å vinne Trondheim-Oslo i år.

Rapport frå Asbjørn:
Eg kjørte 83 km med samme løype inn til mål som Bjarte hadde. Eg blei nr.4, 3 sekunder bak vinneren. Eg er godt fornøyd med det resultatet. Løypa var flat med unnatak av siste bratte bakken. Løpet blei prega av dette og det 21 mann store feltet var samla inn til bakken. Her klarte ei lita gruppe på 6-7 personar å komme frå. Og desse kjempa om sigeren.

mandag 27. juni 2011

lørdag 25. juni 2011

Vidar Mehl med og vann Lillehammer-Oslo!

Vidar Mehl og resten av ryttarane som sykla for kreftsaka vann Lillehammar-Oslo i dag med ei fantastisk sterk tid: 190 km på 3:53, snittfart 48,9 km/t! Gartulerer! Les Vidar sin rapport her.

fredag 24. juni 2011

Trondheim-Oslo 24.-26. juni

Vossevangen CK skulle ha to ryttarar med i Trondheim-Oslo arrangementa. Etter å ha vore sjuk 12 av dei siste 14 dagane har Bjarte bestemt seg for ikkje å sykla Trondheim-Oslo. I samtale med Ck Victoria fann ein ut at Bjarte står over på laurdag for ikkje å øydeleggja resten av sesongen. Bjarte prøver no å koma attende og ha fokus mot NM.

Vidar Mehl er frisk og rask, og etter sigeren i Hallingrittet vert det spanande å sjå om han klarar å vera med og vinna samt kanskje setja rekord med laget Team Epartner aktiv mot kreft på distansen Lillehammar-Oslo. Lukke til!

søndag 19. juni 2011

Vidar Mehl vann Hallingrittet!

Vidar Mehl slo alt og alle og gjekk til topps i eit svært gjørmete Hallingritt i dag. Gratulerer! Les meir på Vidar sin blogg.
Nikoai Hanevik sykla godt og kom inn berre ti minutt bak Vidar trass i at han hadde fleire fall. Carsten Christensen låg godt an i lag med Nikolai då han var uheldig og punkterte og måtte bryta. Magnus Hanevik hadde ein kjempefall og måtte også bryta. Rune Herheim prøvde å ta det litt med ro i starten, men sprakk likevel etter 0,2 km. Etter vel halvkøyrd ritt knakk han pedalen men knota seg likevel til mål. Anton Hanevik og Bjarte Vethe vart forkjøla og fekk diverre ikkje stilt til start. Sjå vår resultatside for resultatliste.

Carsten og Nikolai kjem snart med ein utvida rapport.

fredag 17. juni 2011

Terrengsykkel på torsdagane

Som me har nemnt tidlegare er treningsøkta på torsdagane no på terrengsykkel. Her er ein liten rapport frå den 16.06. Nydeleg sykkelver i dag. Seks blide syklistar tok vegen opp til Jonstølen. Carsten og Vebjørn sykla lett og ledig oppover, medan Hanevik 1 og 2 hadde dårleg tid nedatt. Odd Inge og Egil tok ei roleg økt på landevegsykkel, medan Halle og Asbjørn tok ein litt mindre roleg tur på landevegsykkelen. Me var alle samde om at det hadde vore ein kjekk tur. Me var og vitne til eit gledeleg kåmbæk i Vossevangendrakta: Bjarte Nestås Johnsen. Møt opp på kjekke skogs og stølsturar på sykkel.

mandag 13. juni 2011

Bjarte sykla sterkt i flaumområdet

Mjøsa rundt var ei del av oppladninga til styrkeprøven Trondheim - Oslo. Laget til Bjarte kom på 2. plass i lagkonkurransen, noko dei er godt nøgd med. Bjarte fekk svar på at formen er nokolunde attende etter sjukdom, noko som lover bra for oppkjøringa til styrkeprøven. Individuelt kom Bjarte inn til ein finfin 6. plass i klassen 40-44 i Mjøsa rundt.
Du kan lese meir om rittet her Mjøsa Rundt.
Og resultat finn du på resultatsidene våre.

mandag 6. juni 2011

Bergen-Voss 2011

Vossevangen CK sine ryttarar sykla fort trass i at løypa var forlenga med eit par minutt og at det var tunge sykkelforhold. Bjarte Vethe satt inn med vinnarpulja på 4:15:06, og er no utan diskusjon den som har vunne Bergen-Voss flest gonger! Asbjørn Tveit fortset å visa storform og vart nr. 3 i M50-59 på 4:25:38. I klassen 17-19 år tok Vossevangen CK 2. plass med Nikolai Hanevik 4:25:38, 3. plass med Eirik Mjelde 4:30:22, 14. plass med Sondre Tysseland på 4:47:17 og 15. plass med Ola Braathen Reigstad på 4:48:17! Carsten Christensen fekk kjedevanskar etter 10 km. Han mista pulja men kom seg i mål på 4:46:37. Av dei andre Vossevangarane som sleit i regn og motvind må me nemna Bengt Arvidsson som kom inn på den sterke tida 5:35:39. Link til resultat ligg på vår resultatside.

mandag 30. mai 2011

Haugesund-Sauda 2011: Bjarte nr. 4

Haugesund - Sauda er eit populært turritt på 110 km, med ca. 500 deltakarar og mange sterke ryttarar. Årets ritt fekk styrtregn heile vegen, sterk vind og berre 7-8 grader. Bjarte Vethe tok ein sterk 4. plass! Han var nøgd med løpet, særleg sidan han måtte sykla nesten heile løpet med berre to gir (ødelagt girspake). Det var ein kald og våt tur, men eit kjekt løp og ei god oppkjøring til Bergen-Voss. Resultat finn du på vår resultatside.

søndag 29. mai 2011

Skjærgårdsrittet 29.5.11

Vossevangen stilte med 3 ryttarar: Asbjørn Tveit (vann klasse 50-59!), Nikolai Hanevik og Bengt Arvidsson. Her er Nikolai sin rapport frå rittet. Resultat: Sjå vår resultatside.

Stalheimskleiva opp 2011

Carsten rapporterer: "Stalheimskleiva Opp vart arrangert i småfuktig vårvær lørdag 28.mai. Nytt av året var ein variant av thriatlon der ein kvar for seg fyrst kunne sykle, deretter gå på rulleski\rulleskøyter, for så å avslutte med å springe opp. Dette kalla dei "Hardhaus" og laga ein sammanlagtkonkurranse av. Frå Vossevangen Ck deltok fleire, i herreklassen var Veslebjørn Turveit den suverent sterkaste i sykkeldelen, med henholdsvis Eivind F, Carsten C og Bjørn S som nr. 2, 4 og 5 i mål. Vidare vart det hard konkurranse med både rulleski og løp, og sammanlagt vart Eivind F nr 3 og Carsten C nr. 5. Her og var Veslebjørn Turveit suveren. For Eivind og Bjørn var konkurransen i Stalheim eit ledd i oppkøyringa mot WIMP-mann, ein sjølvlaga Ironmankonkurranse på Voss i slutten av juni."

I damehardhausklassen var Hege Djukastein den sterkaste og Signe Lussand Selheim vart nr. 3. I tillegg var det fleire andre medlemmar frå Vossevangen som viste hardhaus-musklar: Eirik Finne, Eivind Blindheim og Anders Bjørk.

Resultat: Sjå vår resultatside.

onsdag 25. mai 2011

Easton EC90 Aero hjulsett til sals

Carbonhjulsett 2010 modell. Komplett hjulsett med dekk og kassett, samt nye lager: 7000,-. (Ny pris: 19900,-). Ring Bjarte: 99033279.

søndag 22. mai 2011

Nordhordland Rundt 2011

Nordhordland Rundt 2011 gjekk under fine forhold, der dei 7-800 ryttarane til tider møtte kraftig motvind/sidevind. Ei gruppe på 10 ryttarar stakk nokså tidleg, medan Asbjørn Tveit, Eirik Mjelde og Rune Herheim sat i gruppe 2. Dei tre Vossevangarane var mellom dei sprekaste i denne gruppa og var mykje framme i rulla. Asbjørn var sterkast av Vossevangarane på slutten og kom inn på 2:15:08, medan Eirik og Rune kom inn i lag på 2:16:24. Asbjørn vart nr. 2 i sin klasse, medan Eirik vann sin klasse med 10 minutt! Rune vart nummer 3 i sin klasse. Nikolai måtte gje seg undervegs. Jarle kom inn på tide 2:27:21, og 18-åringen Sondre Tysseland debuterte på den gode tida 2:31:38!

Ein liten film av pulje 1 finn du på vår video-side.
Resultat finn du på vår resultatside.

mandag 16. mai 2011

6-vatnsrunden: Bjarte i vinnargruppa, ungdomen imponerte

Trass i ufyselege værforhold vart det sykla fort rundt vatna på Voss i helga. Bjarte sat i vinnargruppa på den sterke tida 2.09.26, medan Renate vann dameklassen på 2.42.25! Eirik, Nikolai og Carsten imponerte med sterk køyring og kom inn med gruppe 2 på tida 2.13.43. Odd Inge, Rung og Jarle sykla på 2.25.15. Sterkt av Jarle, medan Odd Inge har meir inne når han vert kvitt sjukdom og blåmerker. Bjørn kozte seg i felt 2 inn på tida 2.25.16. Arnstein må trena litt på feltsykling, så får han òg brukt motbakkekapasiteten sin. Halle debuterte og sykla lett inn til 2.38.13. Eystein hadde ein imponerande rittdebut og kom inn på den sterke tida 2.43.43, trass i at han sykla mykje åleine. Bengt kontrollerte rittet frå sin posisjon, medan Ola diverre måtte gje seg på grunn av astmaproblem. 15 spreke vossevangarar deltok, det var vått, vilt og vakkert. Resultatliste finn du på vår resultatside.

onsdag 11. mai 2011

6-vatnsrunden, påmelding sluttar torsdag 12. mai kl. 10

Hei, no må de hiva dikkan rundt de som skal delta på 6-vatnsrunden på sundag. Me planlegg eit felles opplegg for klubben der me har eit telt der me samlast før og etter rittet. Der kan de legga klede, sekker og den slags. Me satsar på å ha litt frukt òg. Link til påmelding: https://www.deltager.no/emit/6-vatnsrunden_15052011. Hugs å før opp Vossevangen CK som klubb.

mandag 9. mai 2011

Stalheimskleiva opp PÅ SYKKEL den 28. mai

Motbakkeløp, no òg på terrengsykkel, i landets brattaste riksveg
2000 meter, høgdeskilnad på 280m - i snitt 14%.
Påmelding online vart opna 15. april. Les meir:http://www.vossoppturar.no/ 

Bjarte nr. 3 i Gullfjellet rundt

Vethe-ekspressen viste at formen er i anmarsj då han parkerte alle (bortsett frå to mann eit brot) opp Fanafjellet. For dei andre fem Vossevangarane vart det både eitt og hitt.

Vidar gjorde unna Ringerike Grand Prix i helga


Sjå bloggen for til Vidar.

fredag 6. mai 2011

Asbjørn i farta!

Asbjørn viste i Os Rundt i helga at formen er særs god. Han vann klassen sin klart, og var berre minuttet bak vinnarane.

Asbjørn stadfestar storform. Han viste i helga at tempotesten på torsdag, der han slo Rune med 27 sekund, ikkje var eit blaff. Asbjørn si tid var 1:04:14, medan dei tre vinnarane vann på 1:03:00.

Her er resultat

Ny heimeside

Gode sykkelinteresserte lesar. Me har fått på plass ny heimeside for Vossevangen CK. Denne håpar me blir funksjonell og god. Me er komen på plass med grunnleggande info. Men me kjem til å fylle ut meir, og sjølvsagt kjem me til å oppdatere sida utover sesongen. Send ein mail til Martin, Rune eller Odd Inge om du har noko du vil skal komme med. Elles snakkar sida med Facebook, og den har og kommentarfelt om du ynskjer å kommentere det som står her. 
Elles er sidene video og bilete under arbeid. Noko er komen med, meir kjem snart. 


Martin

fredag 29. april 2011

Tempotest 28.4 på Sætre

Vossevangen CK hadde tempotest i går, 10 km, på Sætre. Mange gode tider trass i at dei tre beste frå fjorårets test ikkje kunne stilla.

Det vart mange gode tider, med snittfart tett oppunder 40 km/t. Sterkt ritt av Nikolai, og Asbjørn sette vel òg ny pers. Ola var dagens yngste til start, medan Halle sykla for fyrste gong på tid. Veldig bra!
Når me veit at dei tre beste frå denne testen i fjor; Bjarte, Nils og Egil, berre kunne sjå på i år pga sjukdom, samt at mange sterke ryttarar frå ungdomsgruppe ikkje kunne stilla pga av Skarverennet, så ser det ut til å bli ein sterk sesong for Vossevangen CK!
Takk til Dag og Anton for tidtaking, samt til Bjarte, Nils og Egil for oppmuntring når syro pipla ut øyrene våre. 

tirsdag 26. april 2011

Klubbkveld 27. april kl. 20, i Idrottshuset

Jason vil halda eit interessant innlegg om trening, kosthald og immunforsvar i konkurransesesong. Bjarte vil seia litt om trening og førebuing til ritt. Det vert servering og kanskje ein sykkelfilm eller to :) . Møt opp!

mandag 25. april 2011

Grasrotandelen, Vossevangen CK

Tippar du? Me i Vossevangen vert svært takksame viss du gjer oss grasrotandelen. Les meir for å sjå kor lett det let seg gjera:

Grasrotandelen

Vossalangrenn på sykkel

Onsdag 13. april, kl 18 i Idrottshuset, skal Vossalangrenn og Vossevangen Cykleklubb snakka litt om sykkel, justera syklar og sitjestilling samt avslutta med ein treningstur.

Fellestrening


På sida trening vil oppdatert info halda til

onsdag 13. april 2011

Asbjørn vann i Rådalen Rundt

Asbjørn var framme i teten heile løpet i rundbaneløypa i Rådalen, Fana. Rittet, 6 rundar på 8 kilometer, vart avvikla under framifrå forhold. Farten var høg, og vinnartida i år var 15 minutt raskare enn i fjor. Rune var òg med.