fredag 29. april 2011

Tempotest 28.4 på Sætre

Vossevangen CK hadde tempotest i går, 10 km, på Sætre. Mange gode tider trass i at dei tre beste frå fjorårets test ikkje kunne stilla.

Det vart mange gode tider, med snittfart tett oppunder 40 km/t. Sterkt ritt av Nikolai, og Asbjørn sette vel òg ny pers. Ola var dagens yngste til start, medan Halle sykla for fyrste gong på tid. Veldig bra!
Når me veit at dei tre beste frå denne testen i fjor; Bjarte, Nils og Egil, berre kunne sjå på i år pga sjukdom, samt at mange sterke ryttarar frå ungdomsgruppe ikkje kunne stilla pga av Skarverennet, så ser det ut til å bli ein sterk sesong for Vossevangen CK!
Takk til Dag og Anton for tidtaking, samt til Bjarte, Nils og Egil for oppmuntring når syro pipla ut øyrene våre. 

tirsdag 26. april 2011

Klubbkveld 27. april kl. 20, i Idrottshuset

Jason vil halda eit interessant innlegg om trening, kosthald og immunforsvar i konkurransesesong. Bjarte vil seia litt om trening og førebuing til ritt. Det vert servering og kanskje ein sykkelfilm eller to :) . Møt opp!

mandag 25. april 2011

Grasrotandelen, Vossevangen CK

Tippar du? Me i Vossevangen vert svært takksame viss du gjer oss grasrotandelen. Les meir for å sjå kor lett det let seg gjera:

Grasrotandelen

Vossalangrenn på sykkel

Onsdag 13. april, kl 18 i Idrottshuset, skal Vossalangrenn og Vossevangen Cykleklubb snakka litt om sykkel, justera syklar og sitjestilling samt avslutta med ein treningstur.

Fellestrening


På sida trening vil oppdatert info halda til

onsdag 13. april 2011

Asbjørn vann i Rådalen Rundt

Asbjørn var framme i teten heile løpet i rundbaneløypa i Rådalen, Fana. Rittet, 6 rundar på 8 kilometer, vart avvikla under framifrå forhold. Farten var høg, og vinnartida i år var 15 minutt raskare enn i fjor. Rune var òg med.