mandag 30. mai 2011

Haugesund-Sauda 2011: Bjarte nr. 4

Haugesund - Sauda er eit populært turritt på 110 km, med ca. 500 deltakarar og mange sterke ryttarar. Årets ritt fekk styrtregn heile vegen, sterk vind og berre 7-8 grader. Bjarte Vethe tok ein sterk 4. plass! Han var nøgd med løpet, særleg sidan han måtte sykla nesten heile løpet med berre to gir (ødelagt girspake). Det var ein kald og våt tur, men eit kjekt løp og ei god oppkjøring til Bergen-Voss. Resultat finn du på vår resultatside.

søndag 29. mai 2011

Skjærgårdsrittet 29.5.11

Vossevangen stilte med 3 ryttarar: Asbjørn Tveit (vann klasse 50-59!), Nikolai Hanevik og Bengt Arvidsson. Her er Nikolai sin rapport frå rittet. Resultat: Sjå vår resultatside.

Stalheimskleiva opp 2011

Carsten rapporterer: "Stalheimskleiva Opp vart arrangert i småfuktig vårvær lørdag 28.mai. Nytt av året var ein variant av thriatlon der ein kvar for seg fyrst kunne sykle, deretter gå på rulleski\rulleskøyter, for så å avslutte med å springe opp. Dette kalla dei "Hardhaus" og laga ein sammanlagtkonkurranse av. Frå Vossevangen Ck deltok fleire, i herreklassen var Veslebjørn Turveit den suverent sterkaste i sykkeldelen, med henholdsvis Eivind F, Carsten C og Bjørn S som nr. 2, 4 og 5 i mål. Vidare vart det hard konkurranse med både rulleski og løp, og sammanlagt vart Eivind F nr 3 og Carsten C nr. 5. Her og var Veslebjørn Turveit suveren. For Eivind og Bjørn var konkurransen i Stalheim eit ledd i oppkøyringa mot WIMP-mann, ein sjølvlaga Ironmankonkurranse på Voss i slutten av juni."

I damehardhausklassen var Hege Djukastein den sterkaste og Signe Lussand Selheim vart nr. 3. I tillegg var det fleire andre medlemmar frå Vossevangen som viste hardhaus-musklar: Eirik Finne, Eivind Blindheim og Anders Bjørk.

Resultat: Sjå vår resultatside.

onsdag 25. mai 2011

Easton EC90 Aero hjulsett til sals

Carbonhjulsett 2010 modell. Komplett hjulsett med dekk og kassett, samt nye lager: 7000,-. (Ny pris: 19900,-). Ring Bjarte: 99033279.

søndag 22. mai 2011

Nordhordland Rundt 2011

Nordhordland Rundt 2011 gjekk under fine forhold, der dei 7-800 ryttarane til tider møtte kraftig motvind/sidevind. Ei gruppe på 10 ryttarar stakk nokså tidleg, medan Asbjørn Tveit, Eirik Mjelde og Rune Herheim sat i gruppe 2. Dei tre Vossevangarane var mellom dei sprekaste i denne gruppa og var mykje framme i rulla. Asbjørn var sterkast av Vossevangarane på slutten og kom inn på 2:15:08, medan Eirik og Rune kom inn i lag på 2:16:24. Asbjørn vart nr. 2 i sin klasse, medan Eirik vann sin klasse med 10 minutt! Rune vart nummer 3 i sin klasse. Nikolai måtte gje seg undervegs. Jarle kom inn på tide 2:27:21, og 18-åringen Sondre Tysseland debuterte på den gode tida 2:31:38!

Ein liten film av pulje 1 finn du på vår video-side.
Resultat finn du på vår resultatside.

mandag 16. mai 2011

6-vatnsrunden: Bjarte i vinnargruppa, ungdomen imponerte

Trass i ufyselege værforhold vart det sykla fort rundt vatna på Voss i helga. Bjarte sat i vinnargruppa på den sterke tida 2.09.26, medan Renate vann dameklassen på 2.42.25! Eirik, Nikolai og Carsten imponerte med sterk køyring og kom inn med gruppe 2 på tida 2.13.43. Odd Inge, Rung og Jarle sykla på 2.25.15. Sterkt av Jarle, medan Odd Inge har meir inne når han vert kvitt sjukdom og blåmerker. Bjørn kozte seg i felt 2 inn på tida 2.25.16. Arnstein må trena litt på feltsykling, så får han òg brukt motbakkekapasiteten sin. Halle debuterte og sykla lett inn til 2.38.13. Eystein hadde ein imponerande rittdebut og kom inn på den sterke tida 2.43.43, trass i at han sykla mykje åleine. Bengt kontrollerte rittet frå sin posisjon, medan Ola diverre måtte gje seg på grunn av astmaproblem. 15 spreke vossevangarar deltok, det var vått, vilt og vakkert. Resultatliste finn du på vår resultatside.

onsdag 11. mai 2011

6-vatnsrunden, påmelding sluttar torsdag 12. mai kl. 10

Hei, no må de hiva dikkan rundt de som skal delta på 6-vatnsrunden på sundag. Me planlegg eit felles opplegg for klubben der me har eit telt der me samlast før og etter rittet. Der kan de legga klede, sekker og den slags. Me satsar på å ha litt frukt òg. Link til påmelding: https://www.deltager.no/emit/6-vatnsrunden_15052011. Hugs å før opp Vossevangen CK som klubb.

mandag 9. mai 2011

Stalheimskleiva opp PÅ SYKKEL den 28. mai

Motbakkeløp, no òg på terrengsykkel, i landets brattaste riksveg
2000 meter, høgdeskilnad på 280m - i snitt 14%.
Påmelding online vart opna 15. april. Les meir:http://www.vossoppturar.no/ 

Bjarte nr. 3 i Gullfjellet rundt

Vethe-ekspressen viste at formen er i anmarsj då han parkerte alle (bortsett frå to mann eit brot) opp Fanafjellet. For dei andre fem Vossevangarane vart det både eitt og hitt.

Vidar gjorde unna Ringerike Grand Prix i helga


Sjå bloggen for til Vidar.

fredag 6. mai 2011

Asbjørn i farta!

Asbjørn viste i Os Rundt i helga at formen er særs god. Han vann klassen sin klart, og var berre minuttet bak vinnarane.

Asbjørn stadfestar storform. Han viste i helga at tempotesten på torsdag, der han slo Rune med 27 sekund, ikkje var eit blaff. Asbjørn si tid var 1:04:14, medan dei tre vinnarane vann på 1:03:00.

Her er resultat

Ny heimeside

Gode sykkelinteresserte lesar. Me har fått på plass ny heimeside for Vossevangen CK. Denne håpar me blir funksjonell og god. Me er komen på plass med grunnleggande info. Men me kjem til å fylle ut meir, og sjølvsagt kjem me til å oppdatere sida utover sesongen. Send ein mail til Martin, Rune eller Odd Inge om du har noko du vil skal komme med. Elles snakkar sida med Facebook, og den har og kommentarfelt om du ynskjer å kommentere det som står her. 
Elles er sidene video og bilete under arbeid. Noko er komen med, meir kjem snart. 


Martin