mandag 16. mai 2011

6-vatnsrunden: Bjarte i vinnargruppa, ungdomen imponerte

Trass i ufyselege værforhold vart det sykla fort rundt vatna på Voss i helga. Bjarte sat i vinnargruppa på den sterke tida 2.09.26, medan Renate vann dameklassen på 2.42.25! Eirik, Nikolai og Carsten imponerte med sterk køyring og kom inn med gruppe 2 på tida 2.13.43. Odd Inge, Rung og Jarle sykla på 2.25.15. Sterkt av Jarle, medan Odd Inge har meir inne når han vert kvitt sjukdom og blåmerker. Bjørn kozte seg i felt 2 inn på tida 2.25.16. Arnstein må trena litt på feltsykling, så får han òg brukt motbakkekapasiteten sin. Halle debuterte og sykla lett inn til 2.38.13. Eystein hadde ein imponerande rittdebut og kom inn på den sterke tida 2.43.43, trass i at han sykla mykje åleine. Bengt kontrollerte rittet frå sin posisjon, medan Ola diverre måtte gje seg på grunn av astmaproblem. 15 spreke vossevangarar deltok, det var vått, vilt og vakkert. Resultatliste finn du på vår resultatside.

4 kommentarer:

  1. Glirande innsats. Nokre bilete frå rittet kjem plutseleg...

    SvarSlett
  2. Avisa Hordaland: http://www.avisa-hordaland.no/sport/article5606557.ece

    SvarSlett
  3. kjem da ein film i nær framtid?

    SvarSlett
  4. I fylgje sikre kjelder så er det svært truleg at det kjem ein film om ikkje lenge ...

    SvarSlett