mandag 27. juni 2011

lørdag 25. juni 2011

Vidar Mehl med og vann Lillehammer-Oslo!

Vidar Mehl og resten av ryttarane som sykla for kreftsaka vann Lillehammar-Oslo i dag med ei fantastisk sterk tid: 190 km på 3:53, snittfart 48,9 km/t! Gartulerer! Les Vidar sin rapport her.

fredag 24. juni 2011

Trondheim-Oslo 24.-26. juni

Vossevangen CK skulle ha to ryttarar med i Trondheim-Oslo arrangementa. Etter å ha vore sjuk 12 av dei siste 14 dagane har Bjarte bestemt seg for ikkje å sykla Trondheim-Oslo. I samtale med Ck Victoria fann ein ut at Bjarte står over på laurdag for ikkje å øydeleggja resten av sesongen. Bjarte prøver no å koma attende og ha fokus mot NM.

Vidar Mehl er frisk og rask, og etter sigeren i Hallingrittet vert det spanande å sjå om han klarar å vera med og vinna samt kanskje setja rekord med laget Team Epartner aktiv mot kreft på distansen Lillehammar-Oslo. Lukke til!

søndag 19. juni 2011

Vidar Mehl vann Hallingrittet!

Vidar Mehl slo alt og alle og gjekk til topps i eit svært gjørmete Hallingritt i dag. Gratulerer! Les meir på Vidar sin blogg.
Nikoai Hanevik sykla godt og kom inn berre ti minutt bak Vidar trass i at han hadde fleire fall. Carsten Christensen låg godt an i lag med Nikolai då han var uheldig og punkterte og måtte bryta. Magnus Hanevik hadde ein kjempefall og måtte også bryta. Rune Herheim prøvde å ta det litt med ro i starten, men sprakk likevel etter 0,2 km. Etter vel halvkøyrd ritt knakk han pedalen men knota seg likevel til mål. Anton Hanevik og Bjarte Vethe vart forkjøla og fekk diverre ikkje stilt til start. Sjå vår resultatside for resultatliste.

Carsten og Nikolai kjem snart med ein utvida rapport.

fredag 17. juni 2011

Terrengsykkel på torsdagane

Som me har nemnt tidlegare er treningsøkta på torsdagane no på terrengsykkel. Her er ein liten rapport frå den 16.06. Nydeleg sykkelver i dag. Seks blide syklistar tok vegen opp til Jonstølen. Carsten og Vebjørn sykla lett og ledig oppover, medan Hanevik 1 og 2 hadde dårleg tid nedatt. Odd Inge og Egil tok ei roleg økt på landevegsykkel, medan Halle og Asbjørn tok ein litt mindre roleg tur på landevegsykkelen. Me var alle samde om at det hadde vore ein kjekk tur. Me var og vitne til eit gledeleg kåmbæk i Vossevangendrakta: Bjarte Nestås Johnsen. Møt opp på kjekke skogs og stølsturar på sykkel.

mandag 13. juni 2011

Bjarte sykla sterkt i flaumområdet

Mjøsa rundt var ei del av oppladninga til styrkeprøven Trondheim - Oslo. Laget til Bjarte kom på 2. plass i lagkonkurransen, noko dei er godt nøgd med. Bjarte fekk svar på at formen er nokolunde attende etter sjukdom, noko som lover bra for oppkjøringa til styrkeprøven. Individuelt kom Bjarte inn til ein finfin 6. plass i klassen 40-44 i Mjøsa rundt.
Du kan lese meir om rittet her Mjøsa Rundt.
Og resultat finn du på resultatsidene våre.

mandag 6. juni 2011

Bergen-Voss 2011

Vossevangen CK sine ryttarar sykla fort trass i at løypa var forlenga med eit par minutt og at det var tunge sykkelforhold. Bjarte Vethe satt inn med vinnarpulja på 4:15:06, og er no utan diskusjon den som har vunne Bergen-Voss flest gonger! Asbjørn Tveit fortset å visa storform og vart nr. 3 i M50-59 på 4:25:38. I klassen 17-19 år tok Vossevangen CK 2. plass med Nikolai Hanevik 4:25:38, 3. plass med Eirik Mjelde 4:30:22, 14. plass med Sondre Tysseland på 4:47:17 og 15. plass med Ola Braathen Reigstad på 4:48:17! Carsten Christensen fekk kjedevanskar etter 10 km. Han mista pulja men kom seg i mål på 4:46:37. Av dei andre Vossevangarane som sleit i regn og motvind må me nemna Bengt Arvidsson som kom inn på den sterke tida 5:35:39. Link til resultat ligg på vår resultatside.