mandag 4. juli 2011

NM-SØLV OG 4. PLASS!

Kjempeprestasjonar av Bjarte Vethe og Asbjørn Tveit i Veteran-NM i Halden. Bjarte tok sølv i M 40 og Asbjørn tok 4. plass i M 55!


Foto: A. Tveit

Begge er no teke ut på landslaget og kvalifisert til Nordisk i Finland, som går av stabelen i slutten av juli.

Rapport frå Bjarte:
Eg kjørte ein fellesstart på 120 km, ein lang runde, småkupert, der løpet ville bli avgjort ved siste km, som var ein bratt stigning opp til Fredriksten festning. Siste bakken var så bratt at det blei små grupper som kom inn til mål. Vi var fire mann som kom inn først der eg blei nr. 2 og fekk min første medalje i eit NM. Eg tapte spurten om gullet men er kjempefornøyd med resultatet etter så mykje motgang i tida etter Bergen-Voss der eg var sjuk 12 av dei siste 14 dagane etter rittet. Det var samme sjukdom som gjorde at eg ikkje kunne stille til start i Trondheim-Oslo som planlagt. Einar Lode frå Sola vant. Han var også med å vinne Trondheim-Oslo i år.

Rapport frå Asbjørn:
Eg kjørte 83 km med samme løype inn til mål som Bjarte hadde. Eg blei nr.4, 3 sekunder bak vinneren. Eg er godt fornøyd med det resultatet. Løypa var flat med unnatak av siste bratte bakken. Løpet blei prega av dette og det 21 mann store feltet var samla inn til bakken. Her klarte ei lita gruppe på 6-7 personar å komme frå. Og desse kjempa om sigeren.

1 kommentar: