lørdag 13. august 2011

Nikolai, Carsten og Rune prega Klosterrittet

Klosterrittet vart avvikla i dag med strålande forhold i langrennsløypene på Totland/Frotveit.

Rittet er eit 60 km langt terrengritt fordelt på 4 rundar på 15 km, og nærare 200 syklistar let seg freista til å måla krefter på sykkelsetet denne dagen. Vossevangen CK sine tre menn beit godt i frå seg.

Traseen er ikkje teknisk vanskeleg, men han er svært tøff fysisk. Harde, lange stigningar og mykje berg og dalbane gjev eit ritt der ein aldri får kvila. Det er heller ingen strekk med grusveg der ein kan samarbeida, så det vert mykje kamp mann mot mann.

Nikolai Hanevik, Carsten Christensen og Rune Herheim var med godt framme og var heile vegen mellom dei 10-20 fremste. Nikolai hadde mest krefter på slutten og sykla inn til ein sterk 9. plass totalt med tida 2:08:16. Han vann juniorklassen og var berre 3 minutt bak 4. plassen totalt. Rune kom inn på 15. plass med tida 2:10:57 og vart nr. 4 i M30.  Carsten vart nr. 21 på 2:13:38, og vart nr. 2 i M20. Vinnar vart Andreas Nygård frå Klepp Cycleklubb, og det gjekk eit rykte om at han er ein tidlegare fotballspelar frå Bryne!

Takk til Anton som tok ansvar som manager og til Toyota Jæger Voss for lån av bil!
Sjå resultat på våre resultatsider. Les meir på http://www.klosterrittet.no/.

Carsten i mål.
Nikolai i mål.
Rune i mål.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar