lørdag 3. september 2011

Den grøne sløyfa: Nikolai og Eirik på pallen!

Det nye turrittet "Den grøne sløyfa" frå Evanger til Eidsland vart i dag avikla under noko fuktige forhold.


Klikk på les meir for å sjå Nikolai sin strålande rittrapport :)

Det var team stril som måtte forsvare klubben si ære i årets utgåve av rittet "Den grøne Sløyfa", som gjekk frå Evanger til Eidslandet (rundt 5mil). Mjelde var optimistisk før start, sjølv om han ikkje hadde vore på sykkelen sia Bergen-Voss. Rittet inneheldt den berykta fjellovergangen "Nesheimfjellet", og det var her rittet blei avgjort. Begge vossevangen sine representantar var i tet, men ein ryttar frå BCK klarte å rykkje frå Hanevik og Mjelde.
Nesheimsfjødle: Her ser me Nikolai (svært) tett bak Eirik 

Sjølv om dette verka ut som eit "kamikaze"brudd, holdt han heilt til toppen, og hadde vel 1:30 min på mjelde og Hanevik, som fulgte som nr. 2 og nr. 3. Bakover blei det store tidsdifferanser, difor konsentrerar me oss om det som skjedde i tet. Mjelde var pigg opp Nesheimfjelelt, medan hanevik fekk det litt halvegs, og måtte fokusere på bakhjulet til Valestrands store son. BCk-ryttaren klarte å auke forspranget sitt ned den fyrste utforkjøinga, og leda med ca 3min når "flatane" i Eksingadalen byrja.

Eksingadalen: Her ser me Nikolai (framleis svært) tett bak Eirik 

Mjelde og Hanevik køyrte godt saman heile vegen og bytta på føringa, men klarte ikkje å ta igjen ryttaren i tet. I mål var me ca 2min bak vinnaren. Då fekk me opplyst at BCK-ryttaren var ein franskmann, med navn: G. Potier, tydlegvis ei fjellgeit av rang. Det var mange rykter i målområdet, og dei fleste gjekk ut på at dette var ein tidligare storryttar frå 2.laget til "Creditt Agrikål", og han kom rett frå ei lang høgdesamling i  dei franske alpene. Desse ryktene blei ikkje bekrefta, verken av arrangør eller Mr. Potet sjølv.

Franskmannen vann på 1:44:00, medan Eirik og Nikolai kom inn på 2. og 3. plass, på tida 1:46:00. Det som vart mest snakk om i ettertid, og som vil bli snakka om i fleire generasjonar på Eidsland, var Mjelde sin spurt. Målgang var på kaien på Eidsland, og difor var det naturelg at ryttarane bremsa ned inn mot målseglet. Men Mjelde hadde eigne planar, og ein såg tydleg korleis han trykte ekstra på dei siste metrane mot mål. Her kan ein henvisa til ein av dei mange mesterverka til gruppa Vinskvetten:

Mjelden trakka so galen
Folk var heilt i ekstase
Der han svinga opp ette veggen på ein nymala garasje
Med kurs i mot kaien, sjødn og have
Fekk Mjelden sykkelbuksa fast bak i nave
Med skrik frå arrangøren
Og giren i tredje
Tok Mjelden "nesten" av i frå ferjeleie
Da var heldigvis ikkje det siste dei såg te sykkelkongen der han einsam rei
ut ned i solnedgongen

Heldigvis kan me medela at mjelden fekk hiva seg på bremsane før kaien stoppa, og delte såleis ikkje skjebne med Ingolf Kvamme. Ellers var det eit flott arrangement, med rikskjendisen "maratonmannen" som speaker på start og i målområdet. Sjølv om været ikkje var topp, ser me fram mot neste års utgåve av "den Grøne Sløyfa". Vossevangen CK sitt støtteapparat bestod denne dagen av Odd Inge og Anton.

Resultat: Sjå resultatsidene våre.
Sjå meir på feisbukk: http://www.facebook.com/?ref=home#!/sloyfa
Og internettsida deira: http://www.dengronesloyfa.no/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar