søndag 11. september 2011

Skarverittet: Nikolai vann M17-19


Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, viser at formen så aboslutt er inntakt. Han vann klasse M17-19 i Skarverittet med den sterke tida 2.05.50. Då kom han så høgt som ein 17. plass totalt.


Rittet hadde ein sterkt startfelt med fleire frå Norgeseliten på plass. Vinnar vart Håkon Austad frå Team United Bakeries på 1.51.24, og nr. 2 vart årets norgescupvinnar i maraton terreng, Greg Saw frå Proteinfabrikken-Abax, med 1.52.48. Mange toppryttarar slo Nikolai med berre nokre minutt trass i at dei sykla saman i eliteklassen medan Nikolai måtte gjera løpet aleine i pulje 4. Håvard Bøkko var ein av mange som måtte sjå seg slått av Nikolai i helga. Bøkko sleit truleg med svingteknikken ...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar