mandag 5. september 2011

Sykkelcamp på Golsfjellet

Njål, Jarle og Martin tok turen austom vatnskilje for å finna sykkelterreng for hardtail. Me lukkast, nydeleg tur med varierande terreng (og ver).

Jarle og Martin tjuvstarta turen torsdag. Då logistikken låg klar, nytta me høve til å sykla Rallarvegen frå Myrdal til Haugastøl. Me var heldige med veret til Finse, i tillegg til lite syklistar. Etter ein god rast på Finse, bar det til Haugastøl i lett regn. Flott tur der vegen var bra stort sett overalt. Njål, som hadde jobba torsdagen, kom plutseleg køyrande forbi, så bar det til Golsfjellet og Ørterstølen. Fredag vakna me til glimrande ver. Me var ute i 5 timar i varierande terreng. Grusveg, sti, myr, trektorveg og innsjøar (mykje overvatn). Men ein fin miks. Veret laurdag var dårleg, så det blei ein kortare tur denne dagen. Men det er rart med det. Me starta i høljeregn og då me kom heim var det opplett, ingen hugsa når det slutta å regna. Når ein først kjem seg ut.... Njål og Jarle hadde nok ein langtur på sundagen, medan Martin tok ein kortare joggetur. Me kan trygt tilrå samme turen. Flott hytte på Ørterstølen, somutanfor sesong er ok på pris. Terrenget treng ein veker på å utforske. Ein får det nett som ein vil ha det.
 Strandsykling ved Hallingskeid.
 På Flæin på Golsfjellet.
 Nydeleg veg å sykle på.
 Store vidder.
Ei snurren jeipa me traff. Interessert i sykkel var ho og.

1 kommentar:

  1. Dette såg kjekt ut! Skikkeleg snurren jeipa de traff ja.

    SvarSlett