torsdag 26. april 2012

Dobbelt Hanevik på tempo!

Herren gav, Herren tok, Vaksdal for med alt i hop. Nikolai hadde favorittstempelet etter fjorårets prestasjonar, og han infridde. Storebror Magnus leverte dagens skrell og tok andreplassen, trass i dagens desidert dårlegaste innspurt. Eirik tok tredjeplass, som i fjor, men med 13 sekund betre tid enn i fjor. Jørund imponerte og kom på fjerde med sjukdom i skrotten, og Einar pulveriserte tida si frå i fjor og tok femte plass. Sondre kom på sjette, Odd Inge med litt daue bein vart nummer sju, og Ola vart nr. 10. Erlend, Nils Asbjørn, Eivind, Eirik og Jostein gjorde gode debutar i temposykling. Tidtaking og generell støtte vart utført av Anton, Dag, Egil, Vebjørn og Rune.

onsdag 25. april 2012

Tempotest torsdag 26.4

Torsdag 26.4 går Vossevangen CK sin sagnomsuste tempotest på Sætre av stabelen. Me møter til vanleg treningstid kl. 17:30 ved meieriet, har ei felles oppvarming, og så startar testen ca. 18:15.

tirsdag 24. april 2012

Vidar Mehl på vinnarsporet

Vidar Mehl, Vossevangen CK, vann i helga Vårsprinten på Feiring. Fyrst var det ein fellesstart i ei rundbaneløype og så ein tempo-etappe. Vidar vart nummer 2 på begge distansar, og det held til ein solid siger samanlagt i eliteklassen. Les meir på Vidar sin blogg.

søndag 15. april 2012

Rådalen rundt 2012

Vossevangen CK hadde to menn med i årets utgåve av Rådalen rundt: Nikolai Hanevik i eliteklassen og Rune Herheim i veteranklassen. Det såg lyst ut ei stund.

onsdag 11. april 2012

Klubbkveld 15.4 kl. 19 i Idrottshuset

SYKKELSESONGEN ER I GANG! Sundag 15. april kl. 19.00 vert det klubbkveld i idrottshuset. Me diskuterar kort treningsopplegget for vårsesongen 2012, men hovudpoenget vart å hjelpa folk med tilpassing av syklar og sitjestilling. Ta gjerne med sykkel, sykkelsko og sykkelbukse for a få tilpassa sykkelen perfekt med hjelp av VCK sine dugande ekspertar! Elles vert det ein sosial og triveleg kveld, so møt opp!

https://docs.google.com/file/d/0ByrBFAHHYkrzaVgtNlo2T240M3c/edit

mandag 2. april 2012

Syklar til sals

Det er ikkje kvar dag det er to stykk Ridley Noah til sals på same tid. Kanskje våren ser endå lysare ut når du har sjekka ut syklane til Asbjørn Tveit og Nils Een som er til sals. Sjå vår nye "Til sals"-side i venstremenyen.

søndag 1. april 2012

Treningsplan Vossevangen CK våren 2012

Treningar tysdag (roleg) og torsdag (meir fart), avreise begge dagar kl. 17:30. Treningane varar ca. 2 timar, oppmøte ved Meieriet (målgangsområdet Bergen-Voss). Helgeturar avtalar folk seg i mellom, men legg det ut på facebook slik at fleire kan henga seg med. Fyrste fellestreninga vert 10. april! Klikk les meir for å sjå eit mellombels forslag til treningsplan fram til Bergen-Voss. Lenkje til treningsplan