søndag 15. april 2012

Rådalen rundt 2012

Vossevangen CK hadde to menn med i årets utgåve av Rådalen rundt: Nikolai Hanevik i eliteklassen og Rune Herheim i veteranklassen. Det såg lyst ut ei stund.

Nikolai låg fint med i teten i ein sterk eliteklasse med mange sterke ryttarar, mellom anna stilte Ringeriks-kraft Look mannssterke. Diverre kålta Nikolai i ein sving pga. at ei sigepunktering førde til at dekket vart vrengd av. Då var løpet køyrd for hans del, men han kom seg til mål i einsam majestet. Veteranklassen vart tidleg delt i to puljer. Rune klarte å karra seg med i fyrste pulje heilt til han tok til venstre i eit kryss. Resten av feltet tok til høgre. Då var det berre å venta på andre pulje. Summa summarum vart det ein dag totalt utan heider og ære for Vossevangen CK, men me kjem sterkare attende ved neste krossveg. Resultat finn du på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar