søndag 27. mai 2012

Rong med rå rittdebut i Nordhordland rundt

I dag gjekk turrittet Nordhordland Rundt av stabelen i glitrande sumarver. Vossevangen CK stilte med fire ryttarar. Jørund Rong debuterte i rittet og mot slutten opp Litleskare sprengde han alt som var att av den 3. beste startpulja. Rong fekk tida 2:20:11 og var med det berre dryge 7 minutt bak vinnaren. Odd Inge Jordalen og Rune Herheim stilte i den på papiret raskaste pulja, pulje 1, men var begge uheldige. Odd Inge laut diverre bryta etter punktering. Rune måtte stogga for ein velt og mista teten på grunn av det, men kom seg i mål på 2:18:03. Jarle Søtvik viste at den gode tida frå Skjærgårdsrittet ikkje var eit blaff og kom inn på 2:21:34. Sjå resultat på våre resultatsider.

lørdag 26. mai 2012

Bjarte i vinnarpulja i Color Line Setesdal Tour

Bjarte Vethe kom i mål med vinnarpulja i Color Line Setesdal Tour i dag. Vinnartida vart 5:13:47, snaue 10 minutt bak løyperekorden frå i fjor. Vinnarane hadde ny løyperekord som mål, men sterk motvind i fyrste del av rittet sette ein effektiv stoppar for rekordforsøket. Sjå resultat på våre resultatsider.

søndag 20. mai 2012

Skjærgårdsrittet

I dag gjekk Nye Skjærgårdsrittet av stabelen i strålande vær. For Vossevangen CK sykla Jarle Søtvik, Helge Erik Mæland og Bengt Arvidsson. Jarle imponerte og kom inn saman med dei beste i seeda pulje 2 på tida 2:11:49. Helge Erik sykla på 2:42:50 og Bengt på 2:52:55. Vinnartida var 2:03:41. Nikolai Hanevik og Jørund Rong måtte diverre kasta inn handduken før start grunne sjukdom. Sjå resultat på våre resultatsider.

søndag 13. mai 2012

Nikolai og Bjarte vann seksvassrunden!

I dag vart seksvassrunden avvikla i like fantastisk dårlege forhold som i fjor. Kaldt, regn, og motvind. Men, Vossevangen CK sine jenter og gutar let seg ikkje stagga so lett. Bjarte Vethe og Nikolai Hanevik sat inn med vinnarpulja! At Bjarte vann overraske truleg ingen, medan Nikolai fekk vist at prestasjonen frå Os rundt ikkje var eit blaff. Nikolai har teke eit stort steg i år. Vebjørn Turtveit imponerte igjen og sat i tetpulja nesten heilt til mål. Silje Rafaelsen vart 3. beste kvinne totalt i sin seksvassdebut. Alt i alt deltok 17 frå Vossevangen Ck, og både Vebjørn, Nikolai, Bjarte og Nils vann sine klassar!

tirsdag 8. mai 2012

Sykkelvett

Me er komen godt i gang med sykkelsesongen, sjølv om vinteren ser ut til å ville utsetja den. Mange møter opp på trening og mange er på eigentrening om kveldane. Forbundet har kome med nokre normer for trening på offentleg veg. Dette er gode holdepunkt og kan bidra til færre farlege situasjonar, samt betre forhold mellom bilførarar og syklistar. Les normane her.

mandag 7. mai 2012

Klubbkveld i kveld!

Vossevangen CK skipar til klubbkveld i dag, måndag 7. mai 2012, kl. 18.00 i Idrottshuset. Tema for kvelden handlar om å gjere seg klar til rittsesongen; effektivt og enkelt vedlikehald, justering av gir og bremser, liming av tubulardekk o.l. Me snakkar litt om disponering av krefter i ritt og korleis ein bør trena inn mot konkurransedagen. Me vonar at flest mogleg har høve til å møta.

lørdag 5. mai 2012

torsdag 3. mai 2012

Nikolai i vinnarpulja på Os rundt!

Nikolai nr. 4 over toppen av Fanafjellet
Os rundt 2012 vart arrangert 1. mai i nydeleg vårvær og med eit stort og sterkt startfelt. Nikolai Hanevik køyrde aktivt undervegs og sytte for at ikkje meir enn 10-15 mann klarte å henga med til mål i vinnarpulja. Eirik Mjelde sykla òg inn på ei sterk tid, under 3 minutt bak vinnarane.

tirsdag 1. mai 2012

Gode resultat i Stalheimskleiva opp

Mange av Vossevangen CK sine medlemmer har vore i aksjon i dag. Dei fleste var med på Hardhausen (sykkel, rulleski og løp) i Stalheimskleiva opp. Ungdomane tapeteserte dei øvre delane av resultatlistene, men fotografen tok berre bilete av dei som hadde våre flotte sykkelklede på seg :) Sjå resultat på våre resultatsider. Les om Stalheimskleiva opp i Kondis.