søndag 13. mai 2012

Nikolai og Bjarte vann seksvassrunden!

I dag vart seksvassrunden avvikla i like fantastisk dårlege forhold som i fjor. Kaldt, regn, og motvind. Men, Vossevangen CK sine jenter og gutar let seg ikkje stagga so lett. Bjarte Vethe og Nikolai Hanevik sat inn med vinnarpulja! At Bjarte vann overraske truleg ingen, medan Nikolai fekk vist at prestasjonen frå Os rundt ikkje var eit blaff. Nikolai har teke eit stort steg i år. Vebjørn Turtveit imponerte igjen og sat i tetpulja nesten heilt til mål. Silje Rafaelsen vart 3. beste kvinne totalt i sin seksvassdebut. Alt i alt deltok 17 frå Vossevangen Ck, og både Vebjørn, Nikolai, Bjarte og Nils vann sine klassar!

Eirik Mjelde og Johnny Gjerald sat inn med pulje 2, medan Magnus Hanevik og Odd Inge Jordalen  imponerte og kom rett bak i pulje 3. Jan Eric Crook gjorde sitt beste(?) sykkelritt til no berre 10 minutt bak vinnarane, og også Dag Tore Roe kom i mål på same sterke tida. Nils Een vann klassen sin nok ein gond og hadde med seg Rune Herheim, medan Nils Asbjørn Lie imponerte i sin rittdebut berre 18 minutt bak teten. I gutar 17-19 år hadde Vossevangen også med framtidshåpa Sindre Roe, Eysten Kvistvik Bye og Jostein Istad. Alle tre viste gode takter. Til neste år sler nok Sindre far sin òg. Jarle Søtvik vann klassen for dei med nyoperert akilles! Sjå resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar