lørdag 30. juni 2012

Vidar nr. 6 i Norefjellsrittet!

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Team Fuji vart nr. 6 i Norefjellsrittet i dag. Dette er Vidar si beste plassering nokon sinne i Norgescup terreng maraton. Les fyldig referat av Vidar sin opptur på bloggen hans. Tor Halvor Bjørnstad frå Vossevangen CK/Hardrocx-proteinfabrikken klarde ikkje å forsvara fjorårets sterke andreplass. Han sykla raskt i store delar av rittet, men tapte over 20 minutt halvvegs og vart nr. 27. (Køyrde han ein omveg, skal tru? Punkterte han utan å ha med seg tyggis?) Nikolai Hanevik vart diverre ein DNF denne gongen: "Rittet i dag gjekk åt skogen! Begynte med å stivna i fyrste bakke, etterfulgt av å miste eine flaska i ein lang nedoverbakke i starten. Etter ca. 8 km måtte eg bryta pga at kjedet hadde fått seg ein lei smell. Dårleg dag for Vossevangen CK/Avdeling Vaksdal". Greg Saw frå Hardrocx-proteinfabrikken stakk av med sigeren. Sjå resultat på våre resultatsider.

mandag 25. juni 2012

Rask NM-exit for Vidar

Vidar Mehl starta sundag i NM fellestart saman med Edvald Boasson Hagen, Lars Petter Nordhaug, Aleksander Kristoff og resten av noregseliten. Vidar har vist med gode terrengritt at han har teke eit nytt steg i år, så me var spente korleis dette kunne slå ut i landevegs-NM.

Diverre var Vidar uheldig: "NM blei dessverre ein ekstremt kort affære! Noken kjørte inn i bakhjulet mitt etter bare 5 km. Det resulterte i at bakdekket datt av felgen! Prøvde iherdig å komme opp igjen, men nytta ikkje då farten i front var meget høg!! :( Surt og kjedelig!!!! :( Takk for at mange stilte opp for å heia/lange idag!" Edvald'n vann, sjå resultatsidene våre.

onsdag 20. juni 2012

Nikolai nr. 2 i Terrengsykkelcup i Bergen

Nikolai Hanevik deltok i dag i Terrengsykkelcup på Krohnegården. Nikolai kom inn til ein fin-fin andreplass i eliteklassen. Løypa var teknisk krevjande rapporterer Nikolai: "Deltok på continentalcupen i kveld. HEftig rundeløype på 1,7 km. Køyrde denne 8 gonger. Var meget krevande teknisk, iallefall for meg ;). Innlagt droppp på 0,5m! Var ein del med, ca 25 i dei vaksne klassane. Kun 4 i elite: Eg, Jordan, Eikset og ein te! Kom på 2. plass, bak Eikset. Jordan og han hinn punkterte begge! Dette hadde vore noke for formannen, hehe!"

Berre nesten for Vossevangen CK i NM

I helga som var deltok Nikolai Hanevik og Eirik Mjelde i U23 NM i Bergen og Bjarte Vethe i Veteran-NM i Otterstad (Vebjørn Turtveit måtte diverre trekkja seg frå Juniorklassen på grunn av sjukdom). Eirik måtte diverre bryta etter tre runder på grunn av knesmerter. Nikolai var med i rittet heilt til siste runden, men det var mange som braut og vart tekne ut av rittet før Nikolai. Bjarte kjempa om andreplassen i M40-44. Han vart hindra av ein velt like før mål og kom i mål på rundt 10. plass. Sjå resultat på våre resultatsider.

fredag 15. juni 2012

Vebjørn mistar NM i Bergen grunna sjukdom

Vebjørn Turtveit er diverre vorten sjuk og må seia frå seg gullmedaljesjansen han har på sundag. I tillegg må Nils Een må diverre trekkja seg frå veteran-NM. No satsar me alt på Nikolai og Eirik som startar kl. 13 på sundag i U23, Bjarte som syklar veteran-NM i Ottestad og Vidar som stiller i senior elite neste helg.

søndag 10. juni 2012

Vidar nr. 8 i Raumerrittet

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Team Toyota Fuji leverte eit svært sterk prestasjon i Raumerrittet i helga. Med dei aller beste i landet på startstreken sykla Vidar inn til ein 8. plass, berre 3 minutt bak vinnaren Lars Ragnar Manengen frå Lillehammer CK. Sjå resultat på våre resultatsider og les meir på Vidar sin blogg.

Nikolai nr. 2 i Bergsdalen opp

Nikolai Hanevik viste at NM-formen er på veg med ein sterk andreplass med tida 14:12 i motbakkerittet Bergsdalen opp i helga. Det var fjellgeita Øystein Blom-Ohlsen frå Åsane CK som sovidt klarde å slå Nikolai i spurten. Desse to var i eigen klasse. Magnus Hanevik kom på 2. plass i M20-34 med tida 17:05, Odd Inge Jordalen vart nr. 3 i M40-44 med tida 17:20, Dag Tore Roe vart nr. 3 i M45-49 med tida 17:11 og Hanevik sr. vart nr. 2 i M60-64 med 23:57. Vossevangen CK hadde òg fleire som deltok på rulleskirennet og løpet. Sjå resultat på våre resultatsider.

fredag 8. juni 2012

Vossevangen CK i Sykkel-NM!

‎Den 17. juni brakar det laus med NM på sykkel i Bergen med fellesstart for Junior og U23 i Åsane. Me i Vossevangen CK er så heldige at me har med 4 deltakarar, nemleg Vebjørn Turtveit, Nikolai Hanevik, Eirik Mjelde og Vidar Mehl. Vebjørn startar i U18 kl. 9:00, og Nikolai og Eirik i U23 kl. 13:15. Vidar stiller i fellestart senior elite helga etter, sundag den 24. kl. 13:00. Her det viktig at me stiller opp og heiar på dei folkens! Her er video av løypa:

søndag 3. juni 2012

Treningar framover

På torsdag deler me oss i to puljer, ei med terrengsykkel og ei med landevegssykkel. Felles oppmøte for alle kl. 1730 på meieriet. Treningsplan for resten av sesongen kjem plutseleg.

Bjarte på pallen i landevegsbirken!

Bjarte Vethe tok 3. plassen etter målfoto i M40-49 i dagen fyrste utgåve av Landevegsbirken. I eit frykteleg vær med berre nokre få varmegrader, motvind og regn, kjempa ryttarane seg dei 170 kilometrane frå Rena til Lillehammer. Rittet hadde sterk deltaking og det var profflaget Argon 18 - Xtra Personell som tok dei fyrste plassane. Etter ein lengre motbakke rett før målgang var det likevel berre fem ryttarar som kom før Bjarte si gruppe i mål. Bjarte rapporterer om eit bra arrangement, og at beina var tunge i starten men kom seg mot slutten. Sjå resultat på våre resultatsider.

lørdag 2. juni 2012

Vebjørn nr. 5 på Bergen-Voss!

Vebjørn Turtveit gjorde ein kjempeprestasjon på Bergen-Voss i dag. På ein dag då våre tidlegare vinnarar Bjarte Vethe, Johnny Gjerald og Vidar Mehl ikkje kunne stilla, og årets komet Nikolai Hanevik hadde ein litt dårleg dag, stod Vebjørn fram som vårt nye stjerneskot. Han delte 5. plassen med sju andre svært sterke syklistar på kjempetida 4:11:31. Proffsyklistane Stian Remme frå Joker Merida og Filip Eidsheim frå Sparebanken Vest ØsterHus tok sigeren på 4:07:28. Veldig imponerande av Vebjørn, og han var sjølvsagt suverent best av alle menn under 19 år. Den guten kan meir enn å gå på ski! Sjå resultat på våre resultatsider.

Det var mange av ryttarane frå Vossevangen CK som gjorde svært gode prestasjonar:

Vebjørn med framme med dei raskaste


Me kjem plutseleg attende med meir detaljar, både tekst, bilete og video!