søndag 29. juli 2012

Hardingrittet - 28.07.2012

Medan Alexander Kristoff tok OL-bronse på sin Canyon, stilte fleire Vossevangarar til start i Hardingrittet i dag. Rittet går frå Utne, inn langs vestsida på Sørfjorden til Odda, og attende på auststida til Lofthus. Vossevangen CK sin eigen Nils Asbjørn Lie har sendt fylgjande rapport frå rittet:

"‎Vossevangen CK var representert med fleire ryttarar i Hardingrittet i dag. Alle gjorde ein flott figur og var med å vise seg fram i løpet. Nils Asbjørn Lie heldt vinnarpulja heilt til bakkespurten på slutten. Han seier til reporteren etter målgang at han sakna beina og kroppen til Jørund Rong, likevel er det ein kjempenøgd Lie som har returnert frå Hardanger. Helge Erik Mæland kom inn med pulje nr.2 og satte ny personleg rekord, og var med det godt fornøgd. Odda vart utslagsgivande, her er det bom stopp over matta og galkøyring for å riste av seg det som mistast kan. Kjell Olav Tryti og Cato Vivelid Nilssen debuterte i Hardingrittet og gjorde ein kjempeinnsats. Sjå www.ilharding.no for resultat. No ser me atter slike fjell og dalar, og har starta den mentale oppladinga til fredagsbirken."

Sjå resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar