lørdag 25. august 2012

Vossevangen med sterke tider i Birken

Vossevangen CK hadde rekordmange med i Birken i år, og personlege rekordar kom i fleng. Dei raskaste var Bjarte Vethe som kom under den berømte 3-trimarsgrensa og Nikolai som kom inn på 3 blank. I tillegg vann Tor Halvor Bjørnstad Ultrabirken!

 

onsdag 22. august 2012

VCK med ny deltakarrekord i Birken!

Aldri har så mange frå Vossevangen CK sykla Birkebeinarrittet! Med 8 stk. på fredagsbirken, 10 stk på laurdag og Vidar i eliteklassen vert me 19 pax! Slik kan de fylgja dykkar ryttarar på sms.
Lukke til, både de som syklar fredagsbirken og de som syklar laurdagen.

søndag 19. august 2012

Nikolai og Bjarte med i toppen på Rett Vest 2012

Det nye terrengrittet Rett Vest 2012 gjekk av stabelen i dag, med to karar frå Vossevangen CK i aksjon. Både Nikolai Hanevik og Bjarte Vethe sette farge på rittet framme i fronten. Trykk les meir for å få med deg Nikolai sin fyldige rittrapport.

VCK dominerte "Den grøne sløyfa"

På laurdag vart landevegsrittet Den grøne sløyfa arrangert frå Evanger til Eidsland. Vossevangen CK "tapeteserte topp fem" med Nikolai Hanevik som vinnar, Frode Atterås nr. 4 og Sindre Roe nr. 5, samt at Odd Inge Jordalen sprengde feltet på veg inn mot Nesheimsfjellet. Trykk på les meir for å få med deg Nikolai sin rittrapport.

lørdag 11. august 2012

Klosterrittet: Bjarte nr. 3., Nikolai 6. og Rune 14.!

I dag vart Klosterrittet avvikla i strålande solskin på Totland/Bontveit utanfor Bergen. Dei fleste av Bergen sine beste terrengsyklistar var med, og totalt var det omlag 150 deltakarar. Vossevangen CK hadde tre mann med som alle viste sterk form. Høg fart frå start, men bursdagsbarnet Rune måtte nedpå i fyrste sving. Han kom seg oppatt til tetgruppa i ein motbakke og kunne då konstatera at det var dei to lagkameratane Bjarte og Nikolai som låg fremst og jazza opp farten.

torsdag 9. august 2012

Nikolai nr. 2 i Continentalcup MTB Hordaland

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, vart i går nr. 2 i Continentalcupen. Dette rittet var nr. fire av årets fem ritt, og gjekk føre seg i Åsane ved Kyrkjekrinsen skule.

Nikolai rapporterer: "Var ei teknisk rundløype som skulle køyrast 10 gonger. Vinnar vart tidligare landevegsryttar ...

søndag 5. august 2012

Eivind Flatlandsmo ein ekte Norseman

Eivind Flatlandsmo frå Vossevangen CK si triatlongruppe fullførde i dag Norseman Xtreme Triathlon på imponerande 15.13.34. Norseman er ein ekstrem triathlon med 3,8 km symjing i hardangerfjorden, 180 km sykling frå Eidfjord til Geilo og så ein full maraton til Gaustadtoppen!

Carsten i støtteapparatet leverer fylgjande kvikke kort-kommentar: "Eivind svømte passelig fort, hadde personlig motvind på sykkelen og sprang som ein kenyanar." Uansett, eit imponerande prestasjon å fullføra slik ekstremsport.
Carsten påpeiker at Eivind er spesielt opptatt av å lage bobler når er ute og sym.

Tre Vossevangarar i aksjon på laurdag

Laurdag 4. august sykla Bjarte Vethe Grenserittet, Dag Tore Roe sykla Vassfarrittet og Kjell Olav Tryti sykla Postvegrittet.