søndag 19. august 2012

Nikolai og Bjarte med i toppen på Rett Vest 2012

Det nye terrengrittet Rett Vest 2012 gjekk av stabelen i dag, med to karar frå Vossevangen CK i aksjon. Både Nikolai Hanevik og Bjarte Vethe sette farge på rittet framme i fronten. Trykk les meir for å få med deg Nikolai sin fyldige rittrapport.

"Nyskapninga "rett vest" gjekk av stabelen idag, og er eit terrengritt som går fra Samanger til Fana stadion. Vossevangen Ck stilte med to mann, Nikolai og Bjarte! Eit meget stekt felt i "eliteklassen", med blant anna Fanagutane (jordan, eikset, hosøy), Stian Remme og Filip Eidsheim. Etter 15 km køyring på asfalt, var det skilt ut 8 mann i tetgruppa, deriblant Nikken og Bjarte. Så kom me inn i "gåpartiet", som var på vel 1 km. Her skulle ei bratt li forserast, vel 300 høgdemeter. Underlaget var glatte steinar, noko som var utfordrande og springe på med sykkelsko. I starten av gåpartiet var Bjarte uheldig, og fekk eit fall då han skulle gå av sykkelen. Der fekk han seg ein go smell i ryggen, og mista teten opp "brattebakkjen". Nikken opna optimistisk, og prøvde å... få luke med sykkelen på ryggjen. Etter ca. halvegs opp lia, rykte Remme ifrå i lett jogg, og danna grunnlaget for ein overlegen siger. Då mosjonistane nådde toppen (les: alle andre uten Remme), var feltet blitt spredd, og Nikken låg som nr. 2. Etter ei hard nedkøyring hadde han fått ei luke på Eidsheim og dei andre. Men i botn av Brattebakkjen nr. 2 (Les her, Bontveitbakkjen), merkte han at demparen ikkje låste seg, noko som gav ein liten psykisk knekk før 3 km med beinhard asfaltbakke skulle forserast. Han blei raskt tatt igjen av ei pulje på 4, deriblant Eidsheim, Jordan, Eikset og Hosøy. Denne 5-mannsgruppa holdt lengje saman, men rett før toppen av siste grusbakkje måtte Nikken gje luka, og mista dei 4 andre. Dei siste 10km var asfalt, og "hammern" smake ekstra godt når ein ligg åleine på asfalten med mjuk gaffel! Remme var suveren, og var 8 min før 4-mannsgruppa med Eidsheim. Nikken kom i mål som nr 6, vel 12 min bak Remme. Bjarte låg mesteparten av rittet åleine, og var "defekt i ryggen" etter fallet sitt, men kom likevel i mål som nr 7. Eit litt spesielt, men artig ritt. Gåpartiet skilte mykje, og her kan ein verkeleg få ei god luke viss ein er lett i beina. Bra arrangement, og Vossevangen CK sine 2 ryttarar var etter forholda nøgd, og fekk seg ein god gjennomkøyring før Birken neste helg!"

Sjå resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar