lørdag 22. september 2012

Klubbmeisterskap og årsfest 2012 i boks!

Fredag 21.9 vart Vossevangen sitt klubbmeisterskap 2012 avvikla i glitrande haustvær. Nikolai Hanevik vart ein suveren klubbmeister for herrer, medan Silje Rafaelsen vart kåra til vår fyrste kvinnelege klubbmeister (trass i visse forviklingar)! God deltaking og folk tok i det dei makta - veldig bra. På kvelden var det ein særs vellukka årsfest i ein fullstappa Atterås-heim med utdeling av viktige og mindre viktige prisar, og sjølvsagt feiring av årets klubbmeister. Trykk les meir for å få tilgang til detaljar, bilete og film!

torsdag 20. september 2012

LAGSMEISTERSKAP 21.09.2012

Start:Vaktbua Bømoen leir.
Målgang: Grimshallen, Kyte
Start kl. 1715: Damer og herrar mosjon og dei på terreng-sykkel.
Start kl. 1735: Damer og herrar elite.
...
Det er meldt vakkert vær, så ingen årsak til å uteverta.
Startar og sluttkjørar: Dag Christensen
Tidatakarar og måldommarar: Anton Hanevik og Steinar Røthe.

Vel møtt!

mandag 17. september 2012

Klubbmeisterskap og årsfest 21.9

Enorm spenning, like før start i 2011!
Årets viktigaste ritt nærmar seg: Vossevangen CK sitt klubbmeisterskap vert fredag 21.9, ca. kl. 17:14. Anton og Dag styrer sjåvvet, og har bestemt at traseen vert Bømoen-Tjukkabygde-Tøn-Nedre Kyte-Kyte. Etter rittet, ca. 19:32, vert det koldtbord frå Lenes Kjøkken hjå Residens Atterås, Rognshagen 26. Klubben sponsar delar av gildet, og du får ta med deg eventuelle partnerar. Noter datoen, smør kjedo, øv på slipsknuten og ha beina høgt! Det vert storvegs underhaldning når Bjarte syng Nystemt'n og Nikolai syng om Ingolf Kvamme. Mange gilde prisar skal òg delast ut, både offisielle og litt mindre offisielle!

Meld deg på til Frode på e-post: froatt@online.no eller tlf: 92407688 innan tysdag 18.9 kl. 20:00. Gildet koster berre 200,- per snute, og det set du inn på kontonr: 3480 11 59526.

søndag 9. september 2012

God sesongavslutting for VCK på Skarverittet

Vidar inn mot mål.
Skarverittet var årets sesongavslutting for Vossevangen CK sine ryttarar. Rittet hadde i år også fått tildelt Norgescupavslutting for terreng maratoncupen. Det vart eit vellukka punktum for både Vidar Mehl og Nikolai Hanevik som stilte i Norgescupen, og Bjarte Vethe og Silje Hjorth Rafaelsen i aldersbestemte klassar. Vidar Mehl, som syklar for Vossevangen CK/Toyota Fuji team vart med gårsdagens 9. plass nr. 5 samanlagt i Norgescup terreng maraton! Veldig sterkt. Les meir under og sjå resultat på våre resultatsider.

fredag 7. september 2012

onsdag 5. september 2012

Treningane framover

Sesongen 2012 nærmar seg slutten og det vert difor ikkje organiserte fellestreningar ute meir, men me held på treningstidene på tysdag og torsdag så kan ein møta opp og trena dei som vil.

Spinning og styrketrening hjå Nr. 1 Fitness startar opp i oktober, og me kjem til å satsa på same tidspunkt som sist vinter: tysdagar kl. 18:30-20 (styrketrening i forkant kl. 17:30-18:30). Meir info kjem snart.