tirsdag 16. oktober 2012

Uformelt terrengritt laurdag 20.10 kl. 15 i Bømoen

På laurdag 20.10 kl. 15:00 arrangerer Vossevangen CK eit uformelt terrengritt i Bømoen. Start og mål på apellplassen (inne ved leiren). Me har ein klasse for dei som vil sykla 4 rundar hals øve hovud (les: hovud under armen) og ein for dei som vil sykla 3 rundar og koma heilskinna til mål. Estimert løpstid er 45-60 minutt. Dag og Anton organiserer start, målgang og tidtaking. Les meir om traseen her. Møt opp! Ta med ein ven!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar