onsdag 21. november 2012

Søknad til klubben om midlar

Dei som har tenkt å satsa litt ekstra hardt på sykkel neste sesong kan søkja klubben om stønad til dekking av deltaking på ritt (aktive ritt som til dømes eliteklasse i terrengritt, norgescup på landeveg og i terrenget, NM og Nordisk veteran, osv.). Søknadsfrist er 31.12.2012. Styret vil handsama søknadar på fyrste styremøte i 2013.

mandag 19. november 2012

NM og UM i vintertriathlon 13.1.2013

Norges Triathlonforbund og Brandbu idrettsforening inviterer til NM og UM i vintertriathlon sundag 13. januar 2013 på Lygna Skisenter. Les innbydelsen.

torsdag 15. november 2012

No kan me smøra ski!

I dag har Steinar Røthe lært syklistar å smøra ski! Det vil seia, fyrst lærte han oss kor viktig, og til tider vanskeleg, det kan vera å få tak i gode ski. Deretter sa Steinar litt om festevoks og klister, og han demonstrerte kor lett dette eigentleg er å få fordelt utover skiene. Det er mogeleg at han fekk det til å sjå lettare ut enn kva det eigentleg er ...

mandag 5. november 2012

Smyrjekveld 15.11 kl. 18 med Steinar Røthe

Torsdag 15. november kl. 18 arrangerer Vossevangen CK klubbkveld. Steinar Røthe vil halda eit smyrjekurs i Voss kommune sine lokale i kantina på Brynavollen. Dette må vera midt i blinken no når skisesongen er like om hjørna! Det vert enkel servering.