søndag 15. desember 2013

Framifrå tunellmeisterskap i dag!

Dagens tunelltevling vart ein stor suksess. Det var ein fin gjeng med både deltakarar og tilskodarar som tok turen trass i at ideen for tevlinga fyrst såg dagens ljos for to dagar sidan. Det var flott opphaldsvær heile rittet! Me starta frå Svartenakken med vending på Ringheim. Fyrste halvdel var det svak motbakke med frisk vind i mot, men attende var det tilsvarande flott medvind og slakt nedover. Kjetil Isaksen tok tunelltittelen rett føre nasen på Roger Eide etter eit sekunddrama utan sidestykkje. Det vart elles fleire tette duellar, og ungguten Thomas Vethe sykla so det lukta svidd.
Trykk på les meir for å sjå komplett resultatlista.

fredag 13. desember 2013

Tunellsykkelritt sundag 15.12!

I høve opninga av den nye Vangstunellen arrangerer Vossevangen CK "Vangstunellrittet 2013 - for fyrste og truleg siste gong" sundag 15. desember kl. 15:30!

Traseen vert, som tittelen seier, gjennom fjellet frå Svartenakken til Ringheim, tur-retur, 2468 meter gange 2! Det vert individuell start. Oppmøte seinast 15:15 ved tunellmunningen på Svartenakken! Det er open dag for gåande fram til kl. 15, så det er ikkje lov med noko tjuvtrening i traseen før kl. 15 :)

onsdag 6. november 2013

Gratis symjekurs for Vossevangen CK sine medlemmar!

Bur det ein triatlet i deg? No har du sjansen til å finstilla krålteknikken! Silje Rafaelsen er instruktør. Torsdag 21.11 kl. 20:00–21:00 på Hagahaugen. ”Fyrstemann til mølla”, påmelding til Roger Eide, epost: rogereide@hotmail.com eller melding til Roger på Facebook. Finn fram symjebriller og speedo!

søndag 29. september 2013

Klubbmeisterskap og årsfest vel i havn

I går gjekk Vossevangen CK sin klubbmeisterskap av stabelen. Dag og Anton styrde arrangementet med stø hand, og traseen

lørdag 21. september 2013

Skarverittet

I dag var Skarverittet sesongavslutting for terrengsykkel maraton. Bjarte Vethe vart einaste deltakar frå Vossevangen CK ettersom både Vidar Mehl og Nikolai Hanevik laut kasta inn handuken grunna sjukdom. Bjarte gjorde sakene sine bra. Han vart nr. 7 totalt i herreklassen (57 km). NM i maraton terreng (85 km) vart avvikla som ein forlenga del av Skarveritt-traseen. Anders Fiskvik frå DBS Helios Racing Team var sterkast og kan titulera seg som Noregsmeister. Les Bjarte sin rittrapport under og sjå resultat på våre resultatsider.

fredag 13. september 2013

Viktig informasjon

Trykk les meir for å få informasjon om lagsmeisterskapen, årsfesten, fellestreningar haust/vinter 2013-14, treningsleir på Mallorca våren 2014 samt om stønadsvedtekter.

lørdag 7. september 2013

Continentalcup Bømoen/Voss 7.9.2013

I dag arrangerte Vossevangen CK det 5. rittet i Continentalcupen. Været var strålande, medan traseen var noko fuktig etter eit døgn med nedbør i forkant. Fyrst ut var dei yngste i barnerittet. Dei sykla so mange rundar dei klarte på 15 minutt! So kom dei frå 10 år og oppover. Nokon sykla to rundar, nokon fire og dei hardaste sykla

tirsdag 3. september 2013

Terrengsykkelritt i Bømoen 7. september

På denne lenkja finn du informasjon om løypa, tidspunkt, video av løypa med meir. Her er påmeldingslenkja.

Klikk på bilete til høgre for å sjå funksjonærlista.

Birken 2013

Så var Birken over for i år - eit av sesongens høgdepunkt for mange. Fredagsbirken fekk sol og laurdagsbirken fekk regn. Vossevangen CK hadde mange sprekingar med: 3 på Fredagsbirken og 16 på Birkebeinarrittet. Dei som sykla lengst var Kjell Olav Tryti og Cato V. Nilsen som sykla både Fredagsbirken og Birkebeinarrittet på laurdag!

Vossevangen CK hadde òg to med i Eliteklassen: Vidar Mehl og Nikolai Hanevik. Vidar kjempa om ein 6. plass på

søndag 25. august 2013

Vidar vann Raufosskogen MTB i dag

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, viste i dag at Birken-formen er rett rundt hjørne. Han vann dagens Raufosskogen MTB, og det med fleire sterke namn bak seg på resultatlista. Både fjorårets Birkenvinnar Lars Ragnar Manengen og Jan Olav Beitmyren laut sjå bakhjulet til Vidar siga i frå seg ... Sjå resultat på våre resultatsider.

lørdag 24. august 2013

Voss-Geilo, vakkert men knallhardt

I strålande vær tok over 1500 syklistar i dag turen frå Voss til Geilo. Det vart ein skikkeleg kraftprøve: ned Skjervet, over Ulvikahøgde, over den sprett nyte Hardangarbrue og til slutt opp Måbødalen til Geilo. Vossevangen CK hadde 19 påmelde ryttarar. Vår bestemann vart Bjarte Vethe på 4:53. I vinnargruppa på fem mann sat Kjetil Isaken med den sterke tida 4:37. Trykk les meir for å sjå rittrapportar frå Bjarte og Rune samt resultata for våre ryttar. Sjå resultatlister på våre resultatsider.

søndag 18. august 2013

Nikolai vann Sykkel Rett Vest i dag!

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, vann i dag terrengrittet Sykkel Rett Vest. Nikolai køyrde i frå tidleg og sykla solo til mål. Dette lovar godt fram mot Birken og resten av haustsesongen. Les Nikolai sin rittrapport under, og sjå resultat på våre resultatsider.

"Var i dag med på Rett Vest, eit terrengritt som går frå Samnong (Tysse) til Fana stadion. Start kl. 09:00, skikkeleg drittvær, regna hardt og lenge. Roleg ut frå start, dei fyrste km bak fylgjebil. Fyrste bakke var opp frå Samnong. Der satt eg litt fart i front, og me var 3

Vidar nr. 13 i CykelVasan

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, sykla i mål til ein sterk 13. plass i CykelVasan i går. Dette er eit terrengritt som til liks med Vasaloppet er dryge 9 mil frå Sälen til Mora i Sveriga. Det var høgt nivå med mange sterke ryttarar på startstreken. Vidar vart 3. beste nordmann! Les meir på Vidar sin blogg. Sjå resultat på våre resultatsider.

søndag 11. august 2013

Norseman: Reisebrev frå Roger svart trøya Eide

Det var ønske om et reisebrev. Så god lesning til den som ønsker. Håper det kan gi litt inspirasjon til at nåken fleire blir med å kasta seg i vatnet.

Norseman 2013 – Racereport (evt. reisebrev)
Norseman 2013 har vært hovedmålet for sesongen 2013! Fekk plass gjennom

lørdag 10. august 2013

Vidar nr. 5 på HelteRittet

I dag gjekk også HelteRittet av stabelen med fleire av dei beste terrengsyklistane i Noreg på startstreken. Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team punkterte og laut sykla fem mil åleina, men kom likevel til mål på ein sterk 5. plass. Fredrik Wilmann frå Team Hardrocx-Abax-racing vann rittet på tida 3:39:04. Vidar skildrar ritta sine på bloggen sin. Sjå resultat på våre resultatsider.

Klosterrittet i strålande solskin i dag

I dag vart Klosterrittet arrangert på Totland/Bontveit, rett utanfor Bergen. Ei hard rundbaneløypa med mykje bakkar og utforkøyringar fordelt på fire rundar og 60 km totalt. Vossevangen CK hadde med fire mann, samt ein småsjuk Nikolai som tok på seg rolla som tidtakar, langar, motivator og kameramann! Rune Herheim overaska med ein sterk 6. plass totalt og tida 2:07:36. Carsten Christensen vart nr. 22 med 2:20:40, Nils Asbjørn Lie nr. 27 med 2:23:10 og Olav Dugstad nr. 41 med 2:29:47. Joachim Jordan og Andreas Hosøy frå Fana Sykkel delte sigeren med tida 2:02:56. Sjå resultat på våre resultatsider.

mandag 5. august 2013

Roger med sterkt Norsemanresultat

Roger Eide, Vossevangen CK triathlon, deltok i helga på Norseman Xtreme Triathlon. Tevlinga startar med eit 4 meter høgt hopp frå ei ferja i Hardangerfjorden. Då lyt ein symja 3,8 km til land i Eidfjord. Deretter er det 180 km sykling frå Eidfjord, over Hardangervidda til Geilo, Dagalifjell og Imingfjell før dei kan avslutta med full maraton frå Tessungdalen og heilt opp til Gaustadtoppen! Roger kom i mål på den sterke tida 15:34:40 og vart med det nr. 94 og ei svart t-skjorte rikare. Han brukte 1:22:39 på symjinga, 8:07:08 på syklinga og 5:58:10 på løpsdelen. Markus Stierli vann med totaltida 11:25:16. Sjå komplette resultat på våre resultatsider.

lørdag 3. august 2013

Vidar med knallsterk 5. plass i Grenserittet!

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, vart i dag beste nordmann og nr. 5 totalt i Grenserittet frå Strømstad til Halden. Dei fem fyrste skilde seg klart ut frå resten, og Vidar var berre 44 sekund bak vinnaren Matthias Wengelin frå Sverige. Dette er eit stort ritt med alle dei beste norske og svenske på terrengsykkel, samt også fleire andre sterke utlendingar. I dag var Vidar Noreg sin beste terrengsyklist! Me gratulerer. Bjarte Vethe, Vossevangen CK, gjorde òg eit svært sterkt ritt, og vart nr. 43 totalt og nr. 9 i klassen sin! I løpet av morgondagen kan de lesa meir om korleis Vidar opplevde dagen på bloggen hans. Sjå resultat på våre resultatsider.

torsdag 1. august 2013

MTB-ungdomstrening startar opp att 5. august

Måndag 5. august startar me oppatt med ungdomstrening på sykkel i Bømoen. Tidspunktet er framleis kl. 18-19. Me planlegg treningar den 5., 12., 19. og 26. august, samt 2. september. Den 7. september oppmodar me alle til å stilla på eit terrengsykkelritt i Bømoen. Påmeldinga er opna: klikk her.

søndag 28. juli 2013

Bjarte og Anders på delt 2. plass i Hardingrittet

Hardingrittet er eit landevegsritt på 87 km med start på Utne, inn til Odda og målgang i Kinsarvik. Bjarte Vethe, Vossevangen CK, og Anders Bø, Voss SK/Vossevangen CK,  kom inn på delt 2. plass i dagens Hardingritt med tida 2:08:02.  Nils Asbjørn Lie var hakk i hæl med den sterke tida 2:08:41. Helge Erik Mæland vart nr. 39 med tida 2:27:04. Fredrik Olsen, Åsane Ck, vann rittet med tida 2:06:31. Sjå resultatlista på våre resultatsider.

lørdag 27. juli 2013

Vidar med siger i Sjusjørittet

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, vann i dag Sjusjørittet. Rittet er 56 km langt, og går i flott fjellterreng mellom Sjusjøen, Nordseter, Hornshø og Åstdalen. Vidar drog i lang sigeren etter eit spurtoppgjer mot tre andre rivalar. Dette lovar godt fram mot Grenserittet neste helg og Birken siste helga i august.

Sjå resultat på våre resultatsider. Du kan òg lesa meir på Vidar sin blogg.

lørdag 20. juli 2013

Vidar med sterk andreplass i Valdresrittet

Valdresrittet vart i dag avvikla i strålande solskin på Vaset. Ryttarane forserte 54 kilometer med mykje terreng, ein del grus, sugande motbakkar og vind-i-håret utforkøyringar. Det var mange sterke ryttarar på startstreken. Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team tok ein sterk andreplass med tida 1:46:11, 34 sekund bak

søndag 14. juli 2013

Molde Challenge

I går vart 3. rittet i Norgescup terreng maraton arrangert: Molde Challenge. Vossevangen CK hadde to med: Vidar Mehl og Nikolai Hanevik. Vidar måtte gje framhjulet sitt til lagkameraten Lars Granberg, som kjempar om samanlagtsigeren i norgescupen, då Lars punkterte. Då vart diverre Vidar tvungen til å

mandag 8. juli 2013

Ironman 70.3 Haugesund

Roger Eide, Vossevangen CK triathlon, gjorde i helga ein solid figur i Ironman Haugesund. Dette er ein triahlonkonkurranse med internasjonal deltaking der dei fyrst lyt symja 1,9 km, så syklar dei 90 km før dei til slutt knyter på seg joggesko og avsluttar med ein halvmaraton. Roger fekk tida 4:58:37 og vart med det nr. 276 av dei 1300 som deltok. Vann gjorde Filip Ospaly med tida 3:46:10. Sjå resultat på våre resultatsider.

søndag 7. juli 2013

Jotunheimen Rundt 2013

Jon Arild Hellebust, Vossevangen CK, sykla Jotunheimen Rundt i helga. Dette er ein massiv kraftprøve for dei seigaste syklistane, med x antal høgdemeter fordelt på 430 km. Jon Arild kom inn på tida 16:57:23. Vann gjorde Jon Christian Jacobsen, Odd Arne Engesæter (begge BCK) og Helge Wangberg, Førde Ck, med tida 13:11:40. Sjå resultat på våre resultatsider.

lørdag 6. juli 2013

Nikolai punkterte frå ein 9. plass på Hallingrittet

Vossevangen CK stilte med 3 mann på Hallingrittet i dag: Nikolai Hanevik, Carsten Christensen og Rune Herheim. Hallingrittet er eit terrengritt på 42 km med lite grus og mykje terreng, i strålande sol! Nikolai sykla godt og låg inne blandt topp 10 heile vegen. Diverre punkterte han 1 kilometer frå mål. Då låg han på 9. plass, men med støl jogging siste kilometeren mista han 3-4 minutt og 8 plasseringar, og vart nr. 17 med tida 1:29:32.

onsdag 3. juli 2013

Vidar vann Hedemarksvidda rundt!

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji team, vann sundag 30. juni Hedemarksvidda rundt. Rittet er eit 57 km langt terrengritt fordelt på grus, sti og asfalt. Vidar rapporterer at "det er ei forholdsvis grei løype med ikkje for vanskelige terrengparti og bakker som ikkje er verre enn at eg kjem meg opp uten å måtte ete opp styretapen ..." Vidar køyrde sterkare og sterkare utover rittet, og mot slutten laut òg den siste konkurrenten sleppa bakhjulet til Vidar. Sterkt! Les meir på Vidar sin blogg.

mandag 24. juni 2013

Treningsbrev frå Carsten og Nikolai

Filefjell Juni 2013

Nikken og Carsten reiste denne helga til Filefjell for å samle timer på terrengsykkelen. Dag var med som «coach og kokk», og leverte varene. Etter striregn fredag kveld, var me spent

lørdag 22. juni 2013

Bjarte vann Trondheim-Oslo med Team Atea!

Bjarte Vethe, Vossevangen CK, vann i dag den store styrkeprøven: 540 kilometer frå Trondheim til Oslo. Med svært ugunstige værtilhøve, regn og motvind, vart det eit svært tøft ritt. Atea mista mange menn som måtte gje seg underveg, og ein av desse var diverre ein forfrosen Vidar Mehl. Vidar kjem sterkare attende på terrengsykkelen framover. Bjarte rapporterer at det var tungt dei fyrste 20 mila med regn og låge temperaturar. Då regnet gav seg kom motvinden. Då hadde derimot Bjarte fått i seg mat, og dei siste 30 mila kjende han seg berre betre og betre for kvar motvindskula som slo i mot dei. Les meir på Bjarte sin blogg. Sjå resultat på våre resultatsider.

Silje med rå løyperekord på Hanguren opp!

Etter mykje nedbør siste døgeret skein det opp for deltakarane som skulle ta seg frå Prestegardslandet og heilt til Hangurens topp i dag. Silje Hjorth Rafaelsen, Vossevangen CK, sette ein utruleg løyperekord for kvinner med tida 27:06. Det var berre sju topptrimma herreløparar som klarde å slå Silje. Ein av desse var Torbjørn Ludvigsen som slo Jon Tvedt sin rekord frå 2008. Ny herrerekord er på finfine 22:25. Sjå resultat på våre resultatsider.

fredag 21. juni 2013

Alf Hesjedal sitt idrettstipend til Nikolai!

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, er tildelt Alf Hesjedal sitt stipend til idrettstalent med 10.000 NOK - fordelt på 5.000 til utøvar og 5.000 til Bergsdalen opp. Dale Trafikksenter AS står bak tildelinga ved eigar Stian Jordalen. Nikolai er den fyrste vinnaren, og ein fin plakat vil hanga på Shell-stasjonen på Dale i eitt år framover! Me gratulerar Nikolai med tildelinga og gler oss til å stogga på Dale det komande året!

søndag 9. juni 2013

Bjarte vann Mjøsa rundt med Team Atea

Bjarte Vethe, Vossevangen CK, sykla i dag inn til siger med Team Atea på Mjøsa rundt. Bjarte var ein av dei 18 som heldt heilt til mål for laget i dag. Vidar Mehl sykla òg for Atea, men seier i ein kommentar at "hovudet var meir gira enn

lørdag 8. juni 2013

Vidar nr. 4 i Raumerrittet

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Team Toyota Fuji tok ein sterk 4. plass i dagens Raumerritt. Dette var eit maraton terrengritt på 79 km, og så godt som heile norgeseliten sto på startstreken. Vann gjorde Anders Hovdenes frå Team Herbalife med tida 2:31:58. Vidar var berre 15 sekund frå pallen med tida 2:32:49! Du kan ikkje lesa noko meir på Vidar sin blogg før om nokre dagar, for han har lagt seg tidleg sidan han skal sykla Mjøsa rundt i morgon med Team Atea ... Sjå resultat på våre resultatsider.

Bergsdalen opp

Vossevangen CK hadde godt med deltakarar opp Bergsdalen i dag - både på sykkel, løp og rulleski. Den med mest sprut i beina var Silje Hjorth Rafaelsen. Silje bytte ut sykkel med joggesko i dag og var raskaste dame til toppen. Nikolai Hanevik var småsjuk men tok likevel 5. plassen i sykkelrittet, tett fylgd av både Jørund Rong og Jon Arild Hellebust. Einar Trefall var

søndag 2. juni 2013

Bergen-Voss

Vossevangen CK hadde rekordmange 33 påmelde deltakarar på Bergen-Voss i år. Nytt av året var lagkonkurranse for svært sterke lag med 20 personar på kvart lag. Vossevangen CK klarde å stilla eit eige klubblag med berre vossingar på laget, og desse 20 karane kom inn på 4:28:31. Dette er ei sterk tid når ein tek omsyn til at det var mykje sjukdom i laget, samt at regnet hølja ned i heile fyrste halvdelen av rittet.

søndag 26. mai 2013

Vossevangen CK i farta på NH-rundt

I dag stilte Vossevangen CK med mange ryttarar på landevegsrittet Nordhordland rundt. Rittet er 90 km langt og går gjennom vakkert kystlandskap. Eirik Tvedt Aastvedt fekk den sterka tida 2:25:37, og May Lisbeth Flo fekk tida 3:26:56. I frå VCK sitt Bergen-Voss lagkonkurranselag stilte 11 mann. Dei sykla godt og

lørdag 25. mai 2013

VCK sette farge på Stalheimskleiva opp

Det var mange frå Vossevangen CK som deltok i Stalheimskleiva opp i dag. I tillegg hadde me mange med i Hardhausen: fyrst sykkel, så rulleski og tilslutt motbakkeløpet. Det var fleire som hadde det travelt opp den brattaste riksvegen i Nord-Europa. Silje Hjorth Rafaelsen vann motbakkeløpet med kanontida 10:41. Hans Inge Klette vann trippelen før Asbjørn Wold og Eivind Blindheim. Sjå resultat frå både motbakkeløpet og Hardhausen på våre resultatsider.

Bjarte vann Landegrensen med Atea Pro Aktiv

Bjarte Vethe, Vossevangen CK/Tema Atea Pro Aktiv vann i dag landevegsrittet Landegrensen. Bjarte kom i mål saman med 13 andre frå laget. Sjå resultat på våre resultatsider.

Vidar nr. 8 i årets fyrste norgescup terreng

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Team Toyota Fuji vart i dag nr. 8 i Montebellorittet. Dette var det fyrste rittet i årets norgescup terreng maraton. Les meir på Vidar sin blogg. Sjå resultat på våre resultatsider.

torsdag 23. mai 2013

Rapport frå dagens motbakketempo

Hulken Hanevik
I høveleg temperatur og turr asfalt stod 9 optimistiske vck-arar til start i ritt nr. 2 i Vossevangen Ck sin interncup. Nokon gav alt, medan andre gav meir.

Trass i lett motvind heile vegen vart det sykla styggfort. Nikolai og Jørund leverte kjempeløp. Magnus er eit råskinn på flatar, men i dag slo han til med ein 3. plass.

onsdag 22. mai 2013

Bakketempo Liland-Hamlagrø torsdag 23. mai

Ritt nr. 2 i Vossevangen CK sin "interncup" er ein motbakketempo med enkeltstart frå Hamalgrø til Liland. Oppøte på meieriet kl. 18 for felles oppvarming. Alle som vil kan delta!

To VCK-arar på Skjærgårdsrittet

Helge Erik Mæland og Bengt Arvidsson representerte Vossevangen CK i årets Skjærgårdsritt. Helge Erik kom inn på tida 2:29 og Bengt på 2:55. Vann gjorde Team Meistersykkel på ny løyperekord: 1:56:29. Sjå resultat på våre resultatsider.

tirsdag 21. mai 2013

søndag 19. mai 2013

Atea Pro Aktiv med siger i Nordmarka rundt

Samstundes med at Seksvassrunden gjekk her lokalt, var Vossevangen CK representerte i det knallharde rittet "Nordmarka rundt". Vidar Mehl køyrde for Atea Pro Aktiv, og dei smadra den gamle løyperekorden med 9 minutt. Dei slo Rye-ekspressen med 7 minutt og Team YT Torshov med omlag 5 min. Vossevangen CK skulle eigentleg hatt to mann med på laget til Atea, men Bjarte Vethe laut stå av pga. sjukdom. Les meir på Vidar sin blogg. Me gratulerar Vidar med ein ny flott siger! Sjå resultat på våre resultatsider.

6-vatn: Spreke VCK-arar, særleg Vebjørn!

Vebjørn opp Tjukkabygde
I makalaust vær vart dagens 6-vatn ein god dag for svært mange frå Vossevangen CK. Vebjørn Turtveit sat like godt med inn med ei særs sterk vinnargruppa på 10 mann. Dei klemde like godt til med ny løyperekord: 2:07:40. No skal det seiast at løypa var ørlite korta ned grunna vegarbeid i Skulestadmoen, men rekord er rekord! Nikolai Hanevik og Sondre Tysseland sat med i ei 18-mannsgruppa som kom inn på tida 2:11:05.

onsdag 15. mai 2013

Nikolai nr. 2 i Continentalcupen

I dag vart ritt nr. 2 i Continentalcupen for terrengsykling avvikla. Nikolai Hanevik, Vossevangen, kjem staig nærare den fyrste sigeren. Førre onsdag vart det 3. plass. I dag vart det ein solid 2. plass, og han leia rittet med to rundar att. No ser det mørkt ut for konkurrentane i det 3. rittet i continentalcupen på Ulven. Sjå resultat frå dagens ritt på våre resultatsider.

Les Nikolai sin rittrapport:

mandag 13. mai 2013

Viktig informasjon frå leiar

Vyrde syklistar!
1. Eg vil få minne om utsendt medlemsgiro for 2013. Ver gild og betal denne snarast! 
2. Tinging av klede: Me tek ein ekstrarunde på tinging av klubbklede. Er det noko du manglar? Eller har du berre frykteleg lyst på ei Vossevangen CK-tempodrakt? Då har du sjansen no! Registrer deg i nettbutikken: http://inverse.proline.no/. Kodeordet har du fått tilsendt på e-post. So er det berre å tinga det ein ynskjer. Me har visse krav til oss til minimumstingingar pr. del osv, men dette tek me etterkvart om det vert aktuelt. Gje ein lyd til meg om ein det er noko ein lurar på.
Beste helsing, Jørund Rong, Leiar i Vossevangen CK.

Vidar punkterte frå 5. plass på Helgøyatråkket

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fujii Team, sykla godt men var uheldig og punkterte frå ein 5. plass på terrengrittet Helgøyetråkket i helga. Vidar hadde los på 4. plassen, og langt ned til nr. 5 då uhellet var ute. Sidan han måtte snu for å få tak i slange og pumpa enda dagen med ein noko kjedeleg 19. plass. Les meir på Vidar sin blogg, og sjå resultat på våre resultatsider.

onsdag 8. mai 2013

Nikolai nr. 3 i fyrste continentalcupritt

Då var ritt nr. 1 i Continentalcupen vel i havn. Nikolai leverte eit sterkt ritt og sikra seg ein finfin 3. plass i "Mountain King"-klassen. Rune deltok òg i denne klassen. Sjå resultat på våre resultatsider. Les kva våre to ryttar kan melda frå dagens strabasar:

mandag 6. mai 2013

Vidar nr. 2 på JH-rittet

Vidar Mehl, Vossevangen CK, vart i helga nr. 2 på JH-rittet. I 15 varmegrader og sol vart dette ei positiv oppleving for Vidar. Han fekk ei luke i siste stigninga, men vart innkøyrd. Det vart likevel ein sterk andreplass i massespurten. Les meir på Vidar sin blogg.

torsdag 2. mai 2013

Tempotest 2. mai i sludd, storm og 0 grader

I dag gjekk Vossevangen CK sin årlege tempotest på Sætre av stabelen. Tidene vart prega av at det ikkje var ideelle vertilhøve for temposykling: regn, snjo, blaut asfalt og 0 grader. Men, 12 hardhausar brydde seg ikkje og trødde det dei makta. Nikolai forsvarte

onsdag 1. mai 2013

Bjarte og Vidar vann Enebakk rundt

Vossevangen CK har to ryttarar som deltek på Team Atea Pro Aktiv sitt Trondheim-Oslo lag: Bjarte Vethe og Vidar Mehl (Kjetil Isaksen frå Voss SK er òg med på laget). I dag hadde dei det fyrste oppkøyringsrittet, nemleg Enebakk rundt. Laget klemde til og slo førehandsfavorittane Sepura og Rye med klar margin! Bjarte rapporterer at han var særs nøgd samt noko overaska over at formen var so bra alt på årets fyrste ritt. Laget er sett saman av nokon av dei beste amatørryttarane frå heile landet, så farten var høg: snittfart på 43 km/t i ei kupert og svingete løype er farleg fort. Les Vidar sine tankar om rittet og dagane med oppkøyring i førekant på bloggen hans.

Nikolai i vinnarpulja på Os Rundt

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, sat inn med vinnarpulja i dagens Os rundt. Nikolai har skrive fylgjande rittrapport:

"Årets Os rundt gjekk som alltid på 1.mai, og sjølv om værprognosane meldte 4 grader, sludd og regn, slapp me unna med med opphaldsvær. Etter eit par veke med sure og stive bein, var eg spent på formen. Mange gode namn på startlisto, men

Tempotest torsdag 2. mai på Sætre

Den 2. mai vert Vossevangen CK sin sagnomsuste tempotest arrangert. Oppmøte kl. 18 ved meieriet som vanleg for felles oppvarming. Fyrste start vert omlag kl. 18:30. Distansen er 10 km med start og mål ved Sætre og vending ved Roe. Klikk på les meir for å sjå fjorårets resultatlista og bilete av vinnaren ut frå start!

mandag 29. april 2013

Ungdomstreningane på sykkel er i gang

Ein fin gjeng med frisk ungdom møtte til ungdomstrening på sykkel i Bømoen i dag. Det var opphaldsvær og god steming.

Neste måndag vert det nye øvingar, samt at me vonaleg kan ta i bruk nokon av stiane i Bømoen.

 

Stalheimskleiva opp utsett til 25. mai

På grunn av snjo og minusgrader vert årets Stalheimskleiva opp utsett til 25. mai.

mandag 22. april 2013

Tempotest utsett til 2. mai

Ungdomstrening på sykkel, oppstart 29.4 kl. 18

Måndag 29. april er det oppstart for ungdomstrening på sykkel. Treningane er for ALLE ungdomar mellom 10-15 år (8-9 åringar må ha med seg ein vaksen). Det vert leik og moro på grusplassen ved Bømoen leir og sykling på stiar i Bømoen. Treningane er måndagar kl. 18-19, og oppmøtestad er ved vakta, Bømoen leir. Alt du treng er ein heilt vanleg, enkel terrengsykkel og hjelm. Vossevangen CK arrangerer dette i samarbeid med Voss MTB-klubb, slik at det er planlagt treningar i Bavallen òg! For spørsmål: Rune Herheim, rher@hib.no, 95272414.

søndag 21. april 2013

Vidar med VCK-siger nr. 2 denne helga!

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, vann i helga Vårsprinten på Feiring. Med dette gjorde han helga komplett for Vossevangen CK. To sigrar av to mogelege.

Her er Vidar sin rapport: "Kjørte i går landeveisritt på Feiring. Vårsprinten som eg har kjørt mange år på rad no. Var tittelforsvarar frå i fjor så hadde litt å forsvara;)

lørdag 20. april 2013

Nikolai med årets fyrste siger

I dag gjekk treningsrittet Venjaneset-Åse av stabelen i Fusa. Vossevangen CK hadde tre mann på start: Nikolai Hanevik, Magnus Hanevik og Eirik Mjelde. Nikolai stakk av med sigeren trass i eit sterkt startfelt. Trykk les meir for å sjå resultatlista samt Nikolai sitt rittrapport.

søndag 7. april 2013

Rapport frå Gardasjøen!

Tre blide karar frå Vossevangen CK, Jarle Trå, Bjarte Vethe og Njål Nyre, syklar i desse dagar rundt på praktfulle stiar rundt Gardasjøen. Trykk på les meir for å sjå Jarle sine bilete og dagsrapportar!

onsdag 3. april 2013

Treningsplan våren 2013

Treningsplanen er lagt ut under fana for trening.

Continentalcup på terrengsykkel

Sjå sida vår med terminlista 2013 for ny informasjon om terrengsykkelcup. Dette er fem artige ritt i skog og lyng - kjempetrening. Informasjon om påmelding kjem snart.

mandag 1. april 2013

Utetreningar våren 2013

Pga. av vær og føretilhøve, vert det ikkje oppstart av systematiske utetreningar før tysdag 09.04. Treningsplan kjem snart på heimesida.

tirsdag 5. mars 2013

Terminlista 2013

Sjå oppdatert terminliste-info her på heimesida vår. Påmelding til Nordhordland rundt 26.5 er godt i gang ...

mandag 4. mars 2013

Spinning avlyst i morgon

Spinning 5. mars må diverre avlysast då ingen av instruktørane våre hadde høve.

fredag 15. februar 2013

Tinging av klubbklede

Då er nettbutikken for tinging av klubbklede open. Kodeord som skal nyttast har du fått tilsendt på e-post (viss ikkje du har fått e-post gjer du beskjed til Jørund).

Gå inn på denne lenkja: http://inverse.proline.no/. Registrer dykk på heimesida med namn, adresse, tlf. og kodeord. Då vert de knytt opp mot Vossevangen CK sine klede. Dette er klede av særs god kvalitet.

Me set frist til 1. mars for tingingar.

mandag 11. februar 2013

Jørund Rong ny leiar i Vossevangen CK

Vossevangen CK hadde årsmøte i går, og der vart Jørund Rong vald til ny leiar i klubben.

Med seg i styret får han:
Egil Lidsheim (nestleiar og kasserar)
Dag Christenesen
Anton Hanevik
Olav Dugstad

Dette teiknar bra. Me både gratulerer og ynskjer lukke til!
 

lørdag 9. februar 2013

Årsmøte og prøving av klede: 10.2 kl. 18

Dette er ei påminning: Årsmøte til Vossevangen CK er i morgon, 10. februar kl. 18, i Idrottshuset. Me skal snart ha ny fellesbestilling av dei lekre sykkelkleda våre, og på møtet får du høve til å prøve storleikar.

tirsdag 5. februar 2013

Samarbeid med Vethe Sport og Fritid

Vethe sport & fritid kan tilby Vossevangen CK sine medlemmar 20-25 % rabatt på sykkelrelaterte varer. Syklar vert tilpassa den enkelte og dei kan tilby svært gode prisar. Sykkelmerker dei fører er Giant, Cube, Look og Corratec. Dei utfører òg reparasjon på syklar, og dei kjem til å ha "slitedelar" på lager i tillegg til dekk og slangar (landeveg og terreng). Om dei ikkje har inne det du treng kan det bestillast (levering innan 1-3 dagar). Kontaktinfo: Vethe sport & fritid, Bordalsvegen 394, 5708 Voss. E-post: Vethesport@gmail.com. Mobil: 99033279

mandag 28. januar 2013

Syden-rapport frå Nils

"Hallo heime i vinterland. Slit med å få senda bilete, så det vert kun tekst. Fantastiske dagar, sol frå blå himmel, og på dagen i fjellsidene så steikjer det godt. Klokka har vist opp mot 30 grader. Har fått kanondagar på sykkelen. Hels alle og eg håpar de er jekla misunnelege". Beste helsing Nils.

lørdag 26. januar 2013

Bergen-Voss 2013

I morgon startar den individuelle påmeldinga til Bergen-Voss 1.6.2013. Me vonar Vossevangen CK vert sterkt representert i dei ulike startpuljene. Nytt av året er lagkonkurransen for lag med 15-20 ryttarar og med målsetjing under 4:20. Vossevangen CK er sjølvsagt eitt av dei 11 laga som deltek, sjå bilete til høgre!

tirsdag 22. januar 2013

Fellesbestilling av Booster og Recover

Rune kan organisera ei fellesbestilling av booster og recover. Gje beskjed til Rune innan 3. februar om du vil ha noko. Det er fleire typar Recover, så du må gje beskjed kva smak du vil ha! Info om produkta: http://www.scienceinnutrition.no/

fredag 4. januar 2013

Årsmøte Vossevangen CK

Årsmøtet vert sundag 10. februar kl. 18 i Idrottshuset.

Vanleg saksliste.
Saker må meldast til styret seinast ei veke før årsmøtet.

Enkel servering. Vel møtt!