lørdag 20. april 2013

Nikolai med årets fyrste siger

I dag gjekk treningsrittet Venjaneset-Åse av stabelen i Fusa. Vossevangen CK hadde tre mann på start: Nikolai Hanevik, Magnus Hanevik og Eirik Mjelde. Nikolai stakk av med sigeren trass i eit sterkt startfelt. Trykk les meir for å sjå resultatlista samt Nikolai sitt rittrapport.

RittRapport Venjaneset-Åse
Vossevangen var representer av Mjelde og 2. stk Hanevik i Fusa denne laurdags formiddag. Før start var spenningen stor om me kom til å finne vegen, sia løypa ikkje var merka og løypevakter ikkje fanst! Ut frå start var farten stor opp fyrste bakkjen, og Mjelden uttalte seg seinare at det var her syro satt seg! Det var mange bruddforsøk i feltet, utan at nokon fekk noko særleg luke. I løypas fyrste lange bakke fekk Magnus problem med gir, frontgiret knakk! Mjelde fekk det tungt og måtte gje ei lite luke. Dagens høgdepunkt må vere då me i front (5-6ryttarar) traff Mjeld’n i motsatt retning, i godt driv retning Samnong! Om det var lengsel heim til «Øyne» som var drivkrafte er uvisst. Inn i siste bakke var det 5 ryttarar samla, og undertegna klarte å «kneka» seg til ei luke opp til mål. Ikkje så alt for langt bak kom Mjelden til mål, sterk tid med tanke på at han var innom nærbutikken i Samnong før han returnerte. Magnus kom seg også til mål, men løpet var øydelagt av uttalige tekniske «pitstop» for å gire storeklingo manuelt. Rittet var prega av mange tekniske uhell. Yngste Hanevik fekk problem med girkabel rett før start, og måtte bruke reservesykkel som tilfeldigvis var medbrakt (Les Eldsteblad Hanevik sitt nye glis). Mjelden var vell den einaste utan tekniske problem, dette fordi han rutinert lada batteria på Cannondale’n dagen før. Vossevangen Ck sitt ryttarteam var meget nøgd med dagen, køyrte «aktivt» og var med i fleire brotforsøk! Einaste skår i gleda var då mjelden taua inn eit brot der yngste Hanevik var representert … Flott ritt og god trening!!

Resultatliste

1 Nikolai Hanevik 01:31:05
2 anders finne 00:00.10
3 Gitle Snilstveit 00:00:17
4 Anders Bø 00:01:15
5 Gudmund Snilstveit 00:02:05
6 Ronald Valvatne 00:02:15
7 Thomas Netland 00:09:00
8 Jan Yngve 00:09:24
9 Bjarte Solvang 00:09:47
10 Ørjan Nordtveit 00:11:05
11 eirik mjelde 00:11:48
12 Leif Erik Garvik 00:12:22
13 rune sævareid 00:13:12
14 Egil Gjelland 00:14:53
15 håvard ranghildstveit 00:18:57
16 Torbjørn Helgesen 00:19:41
17 Magnus Hanevik 00:19:42
18 yngve sælen 00:23:33
19 edvard ramsvik 00:24:07
20 tom ivan kittelsen 00:24:54
21 Chris velsvik 00:25:12
22 Inga Kristine Birkeland 00:27:28
23 Bernt Olav Lundetræ 00:27:59
24 Vidar Vestbø 00:28:46
25 Rolf Tysseland 00:32:22
26 Vidar Hjartnes 00:40:33
27 Sigurd Dalland 00:40:51
28 erik sørheim 00:42:05
29 gunnar bolstad 00:44:51
30 kjetil johannessen 00:48:51
31 torbjørn magnussen 00:49:20
32 monica willgohs ramsvik 00:51:11
33 Kenneth Opheim 00:52:54
34 malin hauge sørstrømmen 00:59:19
35 Lena Sætre 01:00:34
36 Bjarne T. Bakke 01:11:48
Ole Andre Glesnes DNF
Anders Hjartnes DNF

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar