søndag 7. april 2013

Rapport frå Gardasjøen!

Tre blide karar frå Vossevangen CK, Jarle Trå, Bjarte Vethe og Njål Nyre, syklar i desse dagar rundt på praktfulle stiar rundt Gardasjøen. Trykk på les meir for å sjå Jarle sine bilete og dagsrapportar!


SØNDAG 7. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 825
Det regna då me vakna, så det passa perfekt å hamstra inn snop og digg på butikken og få med seg dei siste 3-4 timane av årets Paris - Robaix på fjernsynet. Etter målgang var været blitt mykje betre (og me var ekstra inspirert), dermed måtte me ut å trakka nokre timar i dag også. Over passet til Rovereto og vidare opp dalen aust for byen.

LAURDAG 6. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1185
Dagens tur gjekk nordover til Cavedine, der me leika oss litt på stiar og grusvegar i området rundt Lago di Cavedine. Varmt og fint, til tross for forholdsvis dårlege værmeldingar. Yr er like dårleg på værmeldingar her som dei er heime.

FREDAG 5. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1325
Nokre regndråpar i lufta i dag og litt kjøligare temperatur, men likevel langt betre enn værmeldinga. Me tok «rallarvegen» opp klippane på vestsida av gardasjøen til Lago di Ledro og på fine sykkelvegar på grus og asfalt vidare oppover dalen. Vel oppe i passet Col de Ampelo slapp me oss ned til Storo på vestsida for å få oss ein kopp velfortjent varm kakao. Samme veg heimatt med ein svipptur nesten opp til Pregasina.

TORSDAG 4. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1525
Fin tur i fjellområdet nordaust for Torbole. Litt spennande stisykling vart det også. Mange høgdemeter som vanleg.

ONSDAG 3. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1840
Me køyrte til Campione, ein merkeleg liten landsby ved Gardasjøens vestbreidde. Campione ligg rett under 3-400 meter høge klippar som tronar bokstaveleg talt rett over den. Vegen opp til Tremosine-fjella er ein ingeniørbragd og perfekt for terrengsykling. Til slutt var det snøen som stoppa oss på den smale stien som går langs den skarpe fjellryggen over Monte Zenone og Bocca di Fobia.

TYSDAG 2. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1075
Endå varmare i dag og det gjekk ikkje lang tid før både jakker og lange bein måtte av. Først opp over Passo Ballino på 760 moh. Deretter ned den dramatiske canyonen til Sarche og rundt Lago di Cavedine før me satte kursen mot Riva igjen.

MANDAG 1. APRIL
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1145
Njål, Bjarte og eg er på plass i Riva del Garda i Italia. I dag tok me oss ein tur på gamlevegen til Pregasina - ein tur som kan minne om vegen opp til Flåklypa... Deretter rett opp frå Riva på bratt skogsveg til Campi. Fin oppladning til lengre og tøffare turar i dagane som kjem.

Les meir på http://www.jarletraa.no/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar