mandag 24. juni 2013

Treningsbrev frå Carsten og Nikolai

Filefjell Juni 2013

Nikken og Carsten reiste denne helga til Filefjell for å samle timer på terrengsykkelen. Dag var med som «coach og kokk», og leverte varene. Etter striregn fredag kveld, var me spent

lørdag 22. juni 2013

Bjarte vann Trondheim-Oslo med Team Atea!

Bjarte Vethe, Vossevangen CK, vann i dag den store styrkeprøven: 540 kilometer frå Trondheim til Oslo. Med svært ugunstige værtilhøve, regn og motvind, vart det eit svært tøft ritt. Atea mista mange menn som måtte gje seg underveg, og ein av desse var diverre ein forfrosen Vidar Mehl. Vidar kjem sterkare attende på terrengsykkelen framover. Bjarte rapporterer at det var tungt dei fyrste 20 mila med regn og låge temperaturar. Då regnet gav seg kom motvinden. Då hadde derimot Bjarte fått i seg mat, og dei siste 30 mila kjende han seg berre betre og betre for kvar motvindskula som slo i mot dei. Les meir på Bjarte sin blogg. Sjå resultat på våre resultatsider.

Silje med rå løyperekord på Hanguren opp!

Etter mykje nedbør siste døgeret skein det opp for deltakarane som skulle ta seg frå Prestegardslandet og heilt til Hangurens topp i dag. Silje Hjorth Rafaelsen, Vossevangen CK, sette ein utruleg løyperekord for kvinner med tida 27:06. Det var berre sju topptrimma herreløparar som klarde å slå Silje. Ein av desse var Torbjørn Ludvigsen som slo Jon Tvedt sin rekord frå 2008. Ny herrerekord er på finfine 22:25. Sjå resultat på våre resultatsider.

fredag 21. juni 2013

Alf Hesjedal sitt idrettstipend til Nikolai!

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, er tildelt Alf Hesjedal sitt stipend til idrettstalent med 10.000 NOK - fordelt på 5.000 til utøvar og 5.000 til Bergsdalen opp. Dale Trafikksenter AS står bak tildelinga ved eigar Stian Jordalen. Nikolai er den fyrste vinnaren, og ein fin plakat vil hanga på Shell-stasjonen på Dale i eitt år framover! Me gratulerar Nikolai med tildelinga og gler oss til å stogga på Dale det komande året!

søndag 9. juni 2013

Bjarte vann Mjøsa rundt med Team Atea

Bjarte Vethe, Vossevangen CK, sykla i dag inn til siger med Team Atea på Mjøsa rundt. Bjarte var ein av dei 18 som heldt heilt til mål for laget i dag. Vidar Mehl sykla òg for Atea, men seier i ein kommentar at "hovudet var meir gira enn

lørdag 8. juni 2013

Vidar nr. 4 i Raumerrittet

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Team Toyota Fuji tok ein sterk 4. plass i dagens Raumerritt. Dette var eit maraton terrengritt på 79 km, og så godt som heile norgeseliten sto på startstreken. Vann gjorde Anders Hovdenes frå Team Herbalife med tida 2:31:58. Vidar var berre 15 sekund frå pallen med tida 2:32:49! Du kan ikkje lesa noko meir på Vidar sin blogg før om nokre dagar, for han har lagt seg tidleg sidan han skal sykla Mjøsa rundt i morgon med Team Atea ... Sjå resultat på våre resultatsider.

Bergsdalen opp

Vossevangen CK hadde godt med deltakarar opp Bergsdalen i dag - både på sykkel, løp og rulleski. Den med mest sprut i beina var Silje Hjorth Rafaelsen. Silje bytte ut sykkel med joggesko i dag og var raskaste dame til toppen. Nikolai Hanevik var småsjuk men tok likevel 5. plassen i sykkelrittet, tett fylgd av både Jørund Rong og Jon Arild Hellebust. Einar Trefall var

søndag 2. juni 2013

Bergen-Voss

Vossevangen CK hadde rekordmange 33 påmelde deltakarar på Bergen-Voss i år. Nytt av året var lagkonkurranse for svært sterke lag med 20 personar på kvart lag. Vossevangen CK klarde å stilla eit eige klubblag med berre vossingar på laget, og desse 20 karane kom inn på 4:28:31. Dette er ei sterk tid når ein tek omsyn til at det var mykje sjukdom i laget, samt at regnet hølja ned i heile fyrste halvdelen av rittet.