søndag 2. juni 2013

Bergen-Voss

Vossevangen CK hadde rekordmange 33 påmelde deltakarar på Bergen-Voss i år. Nytt av året var lagkonkurranse for svært sterke lag med 20 personar på kvart lag. Vossevangen CK klarde å stilla eit eige klubblag med berre vossingar på laget, og desse 20 karane kom inn på 4:28:31. Dette er ei sterk tid når ein tek omsyn til at det var mykje sjukdom i laget, samt at regnet hølja ned i heile fyrste halvdelen av rittet.
Vossevangen CK hadde òg Vidar Mehl og Bjarte Vethe med på Team Atea Pro Aktiv. Dei tok andreplassen i lagkonkurransen med den gode tida 4:04:39. Les kva Vidar skriv om rittet. Team Meistersykkel imponerte voldsomt og vann på 4:02:30.

Dei 20 som deltok for Vossevangen i lagkonkurransen var, frå venstre: Jon Arild Hellebust, Thierry Matthey, Magnus Hanevik, Nikolai Hanevik, Sondre Tysseland, Vebjørn Turtveit, Eirik Mjelde, Jørund Rong, Johnny Gjerald, Arnstein Ringheim, Nils Een, Njål Nyre, Paul Skeie, Odd Inge Jordalen, Jarle Søtvik, Frode Atterås, Dag Tore Roe, Geir Karlsen, Bård Wæhle og Rune Herheim.

Sjå resultat på våre resultatsider.
Roger Eide og Nils Asbjørn sette nye personlege rekordar då dei sykla inn til den sterke tide 4:38:49. Ungguten Sindre Hirth debuterte på den imponerande tida 5:07:13. Til neste år kjem han langt under 5 timar. Helge Erik Mæland fekk tida 5:15:58, Bengt Arvidsson 5:47:01, Kjell Olav Tryti 6:07:21 og May Flo 6:38:56.
 
Då me kom i mål fekk me bodskapen om den tragiske dødsulukka ved Trengereid. Me sender vår djupaste medkjensla til familien og sykkelklubben som vart ramma so hardt denne dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar