søndag 28. juli 2013

Bjarte og Anders på delt 2. plass i Hardingrittet

Hardingrittet er eit landevegsritt på 87 km med start på Utne, inn til Odda og målgang i Kinsarvik. Bjarte Vethe, Vossevangen CK, og Anders Bø, Voss SK/Vossevangen CK,  kom inn på delt 2. plass i dagens Hardingritt med tida 2:08:02.  Nils Asbjørn Lie var hakk i hæl med den sterke tida 2:08:41. Helge Erik Mæland vart nr. 39 med tida 2:27:04. Fredrik Olsen, Åsane Ck, vann rittet med tida 2:06:31. Sjå resultatlista på våre resultatsider.

lørdag 27. juli 2013

Vidar med siger i Sjusjørittet

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, vann i dag Sjusjørittet. Rittet er 56 km langt, og går i flott fjellterreng mellom Sjusjøen, Nordseter, Hornshø og Åstdalen. Vidar drog i lang sigeren etter eit spurtoppgjer mot tre andre rivalar. Dette lovar godt fram mot Grenserittet neste helg og Birken siste helga i august.

Sjå resultat på våre resultatsider. Du kan òg lesa meir på Vidar sin blogg.

lørdag 20. juli 2013

Vidar med sterk andreplass i Valdresrittet

Valdresrittet vart i dag avvikla i strålande solskin på Vaset. Ryttarane forserte 54 kilometer med mykje terreng, ein del grus, sugande motbakkar og vind-i-håret utforkøyringar. Det var mange sterke ryttarar på startstreken. Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team tok ein sterk andreplass med tida 1:46:11, 34 sekund bak

søndag 14. juli 2013

Molde Challenge

I går vart 3. rittet i Norgescup terreng maraton arrangert: Molde Challenge. Vossevangen CK hadde to med: Vidar Mehl og Nikolai Hanevik. Vidar måtte gje framhjulet sitt til lagkameraten Lars Granberg, som kjempar om samanlagtsigeren i norgescupen, då Lars punkterte. Då vart diverre Vidar tvungen til å

mandag 8. juli 2013

Ironman 70.3 Haugesund

Roger Eide, Vossevangen CK triathlon, gjorde i helga ein solid figur i Ironman Haugesund. Dette er ein triahlonkonkurranse med internasjonal deltaking der dei fyrst lyt symja 1,9 km, så syklar dei 90 km før dei til slutt knyter på seg joggesko og avsluttar med ein halvmaraton. Roger fekk tida 4:58:37 og vart med det nr. 276 av dei 1300 som deltok. Vann gjorde Filip Ospaly med tida 3:46:10. Sjå resultat på våre resultatsider.

søndag 7. juli 2013

Jotunheimen Rundt 2013

Jon Arild Hellebust, Vossevangen CK, sykla Jotunheimen Rundt i helga. Dette er ein massiv kraftprøve for dei seigaste syklistane, med x antal høgdemeter fordelt på 430 km. Jon Arild kom inn på tida 16:57:23. Vann gjorde Jon Christian Jacobsen, Odd Arne Engesæter (begge BCK) og Helge Wangberg, Førde Ck, med tida 13:11:40. Sjå resultat på våre resultatsider.

lørdag 6. juli 2013

Nikolai punkterte frå ein 9. plass på Hallingrittet

Vossevangen CK stilte med 3 mann på Hallingrittet i dag: Nikolai Hanevik, Carsten Christensen og Rune Herheim. Hallingrittet er eit terrengritt på 42 km med lite grus og mykje terreng, i strålande sol! Nikolai sykla godt og låg inne blandt topp 10 heile vegen. Diverre punkterte han 1 kilometer frå mål. Då låg han på 9. plass, men med støl jogging siste kilometeren mista han 3-4 minutt og 8 plasseringar, og vart nr. 17 med tida 1:29:32.

onsdag 3. juli 2013

Vidar vann Hedemarksvidda rundt!

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji team, vann sundag 30. juni Hedemarksvidda rundt. Rittet er eit 57 km langt terrengritt fordelt på grus, sti og asfalt. Vidar rapporterer at "det er ei forholdsvis grei løype med ikkje for vanskelige terrengparti og bakker som ikkje er verre enn at eg kjem meg opp uten å måtte ete opp styretapen ..." Vidar køyrde sterkare og sterkare utover rittet, og mot slutten laut òg den siste konkurrenten sleppa bakhjulet til Vidar. Sterkt! Les meir på Vidar sin blogg.