søndag 25. august 2013

Vidar vann Raufosskogen MTB i dag

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, viste i dag at Birken-formen er rett rundt hjørne. Han vann dagens Raufosskogen MTB, og det med fleire sterke namn bak seg på resultatlista. Både fjorårets Birkenvinnar Lars Ragnar Manengen og Jan Olav Beitmyren laut sjå bakhjulet til Vidar siga i frå seg ... Sjå resultat på våre resultatsider.

lørdag 24. august 2013

Voss-Geilo, vakkert men knallhardt

I strålande vær tok over 1500 syklistar i dag turen frå Voss til Geilo. Det vart ein skikkeleg kraftprøve: ned Skjervet, over Ulvikahøgde, over den sprett nyte Hardangarbrue og til slutt opp Måbødalen til Geilo. Vossevangen CK hadde 19 påmelde ryttarar. Vår bestemann vart Bjarte Vethe på 4:53. I vinnargruppa på fem mann sat Kjetil Isaken med den sterke tida 4:37. Trykk les meir for å sjå rittrapportar frå Bjarte og Rune samt resultata for våre ryttar. Sjå resultatlister på våre resultatsider.

søndag 18. august 2013

Nikolai vann Sykkel Rett Vest i dag!

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, vann i dag terrengrittet Sykkel Rett Vest. Nikolai køyrde i frå tidleg og sykla solo til mål. Dette lovar godt fram mot Birken og resten av haustsesongen. Les Nikolai sin rittrapport under, og sjå resultat på våre resultatsider.

"Var i dag med på Rett Vest, eit terrengritt som går frå Samnong (Tysse) til Fana stadion. Start kl. 09:00, skikkeleg drittvær, regna hardt og lenge. Roleg ut frå start, dei fyrste km bak fylgjebil. Fyrste bakke var opp frå Samnong. Der satt eg litt fart i front, og me var 3

Vidar nr. 13 i CykelVasan

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, sykla i mål til ein sterk 13. plass i CykelVasan i går. Dette er eit terrengritt som til liks med Vasaloppet er dryge 9 mil frå Sälen til Mora i Sveriga. Det var høgt nivå med mange sterke ryttarar på startstreken. Vidar vart 3. beste nordmann! Les meir på Vidar sin blogg. Sjå resultat på våre resultatsider.

søndag 11. august 2013

Norseman: Reisebrev frå Roger svart trøya Eide

Det var ønske om et reisebrev. Så god lesning til den som ønsker. Håper det kan gi litt inspirasjon til at nåken fleire blir med å kasta seg i vatnet.

Norseman 2013 – Racereport (evt. reisebrev)
Norseman 2013 har vært hovedmålet for sesongen 2013! Fekk plass gjennom

lørdag 10. august 2013

Vidar nr. 5 på HelteRittet

I dag gjekk også HelteRittet av stabelen med fleire av dei beste terrengsyklistane i Noreg på startstreken. Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team punkterte og laut sykla fem mil åleina, men kom likevel til mål på ein sterk 5. plass. Fredrik Wilmann frå Team Hardrocx-Abax-racing vann rittet på tida 3:39:04. Vidar skildrar ritta sine på bloggen sin. Sjå resultat på våre resultatsider.

Klosterrittet i strålande solskin i dag

I dag vart Klosterrittet arrangert på Totland/Bontveit, rett utanfor Bergen. Ei hard rundbaneløypa med mykje bakkar og utforkøyringar fordelt på fire rundar og 60 km totalt. Vossevangen CK hadde med fire mann, samt ein småsjuk Nikolai som tok på seg rolla som tidtakar, langar, motivator og kameramann! Rune Herheim overaska med ein sterk 6. plass totalt og tida 2:07:36. Carsten Christensen vart nr. 22 med 2:20:40, Nils Asbjørn Lie nr. 27 med 2:23:10 og Olav Dugstad nr. 41 med 2:29:47. Joachim Jordan og Andreas Hosøy frå Fana Sykkel delte sigeren med tida 2:02:56. Sjå resultat på våre resultatsider.

mandag 5. august 2013

Roger med sterkt Norsemanresultat

Roger Eide, Vossevangen CK triathlon, deltok i helga på Norseman Xtreme Triathlon. Tevlinga startar med eit 4 meter høgt hopp frå ei ferja i Hardangerfjorden. Då lyt ein symja 3,8 km til land i Eidfjord. Deretter er det 180 km sykling frå Eidfjord, over Hardangervidda til Geilo, Dagalifjell og Imingfjell før dei kan avslutta med full maraton frå Tessungdalen og heilt opp til Gaustadtoppen! Roger kom i mål på den sterke tida 15:34:40 og vart med det nr. 94 og ei svart t-skjorte rikare. Han brukte 1:22:39 på symjinga, 8:07:08 på syklinga og 5:58:10 på løpsdelen. Markus Stierli vann med totaltida 11:25:16. Sjå komplette resultat på våre resultatsider.

lørdag 3. august 2013

Vidar med knallsterk 5. plass i Grenserittet!

Vidar Mehl, Vossevangen CK/Toyota Fuji Team, vart i dag beste nordmann og nr. 5 totalt i Grenserittet frå Strømstad til Halden. Dei fem fyrste skilde seg klart ut frå resten, og Vidar var berre 44 sekund bak vinnaren Matthias Wengelin frå Sverige. Dette er eit stort ritt med alle dei beste norske og svenske på terrengsykkel, samt også fleire andre sterke utlendingar. I dag var Vidar Noreg sin beste terrengsyklist! Me gratulerer. Bjarte Vethe, Vossevangen CK, gjorde òg eit svært sterkt ritt, og vart nr. 43 totalt og nr. 9 i klassen sin! I løpet av morgondagen kan de lesa meir om korleis Vidar opplevde dagen på bloggen hans. Sjå resultat på våre resultatsider.

torsdag 1. august 2013

MTB-ungdomstrening startar opp att 5. august

Måndag 5. august startar me oppatt med ungdomstrening på sykkel i Bømoen. Tidspunktet er framleis kl. 18-19. Me planlegg treningar den 5., 12., 19. og 26. august, samt 2. september. Den 7. september oppmodar me alle til å stilla på eit terrengsykkelritt i Bømoen. Påmeldinga er opna: klikk her.