søndag 15. desember 2013

Framifrå tunellmeisterskap i dag!

Dagens tunelltevling vart ein stor suksess. Det var ein fin gjeng med både deltakarar og tilskodarar som tok turen trass i at ideen for tevlinga fyrst såg dagens ljos for to dagar sidan. Det var flott opphaldsvær heile rittet! Me starta frå Svartenakken med vending på Ringheim. Fyrste halvdel var det svak motbakke med frisk vind i mot, men attende var det tilsvarande flott medvind og slakt nedover. Kjetil Isaksen tok tunelltittelen rett føre nasen på Roger Eide etter eit sekunddrama utan sidestykkje. Det vart elles fleire tette duellar, og ungguten Thomas Vethe sykla so det lukta svidd.
Trykk på les meir for å sjå komplett resultatlista.

fredag 13. desember 2013

Tunellsykkelritt sundag 15.12!

I høve opninga av den nye Vangstunellen arrangerer Vossevangen CK "Vangstunellrittet 2013 - for fyrste og truleg siste gong" sundag 15. desember kl. 15:30!

Traseen vert, som tittelen seier, gjennom fjellet frå Svartenakken til Ringheim, tur-retur, 2468 meter gange 2! Det vert individuell start. Oppmøte seinast 15:15 ved tunellmunningen på Svartenakken! Det er open dag for gåande fram til kl. 15, så det er ikkje lov med noko tjuvtrening i traseen før kl. 15 :)