søndag 27. april 2014

Kjetil nr. 40 i Norgescup landeveg

Kjetil før start
Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, tok i dag ein sterk 40. plass i sesongopninga av Noregscupen på landeveg i "Grenland GP". Det var ei hard rundløypa som vart køyrd sju gonger. Kjetil er fersk på dette nivået, så det vert spanande å fylgja med han på dei neste ritta etter kvart som han vert meir vant med nivået. Sjå resultat på våre resultatsider, og les Kjetil sin rittrapport under:

onsdag 23. april 2014

Nikolai vann Continentalcuprittet i dag

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, opna i dag sigerskontoen då han vann det fyrste rittet i Continentalcupen. Dette er ein cup med fem rundbaneritt for terrengsykling. Dagens ritt gjekk på Krohnegården/Melkeplassen i Bergen. Nummer to vart fjorårets klart sterkaste ryttar i Continentalcupen, Kristian Ellertsen, Fana Sykkel. Resultat finn du på våre resultatsider. Klikk på les meir for å sjå Nikolai sin kommentar samt bilete:

Fellestreningane startar kl. 18, ikkje 17.30!

I går var me omlag 12-14 mann på den fyrste offisielle fellestreninga ute. Bra start! Me bestemte at treningane skal starta kl. 18 og ikkje 17.30, sjå treningsinfo.

mandag 21. april 2014

søndag 6. april 2014

Nikolai bra med på Rådalen rundt

I dag køyrde Nikolai Hanevik frå Vossevangen CK landevegsrittet Rådalen rundt. Nikolai deltok i eliteklassen med sterk deltaking. Han klare likevel å henga med i hovedfeltet inn til mål. Nikolai seier fylgjande i ein kommentar etter rittet: "Køyrde i dag rundbanerittet Rådalen rundt, 10x6 km. Sterkt felt, med fleire ifrå Team Fixit og ein "joker". Fyrste rittet for sesongen, så var litt spent på formen. Etter eit par harde rundar, gjekk 4-5 ryttarar i brudd. Dette bruddet

onsdag 2. april 2014

Info om fellestrening og lisens

1. Vossevangen CK startar opp med utetreningar denne veka, sjå våre treningssider.
2. Lisensar for 2014-sesongen: I år er det ei ny ordning. Dei som hadde lisens i fjor, skal ha fengje epost frå «Per Arne Jakobsen / EQ-Timing». I år registrerar de lisens sjølv på denne sida: https://registrering.quicktiming.no/SykkelLisens. Om nokon har problem, ta kontakt med vår lisensansvarlege: Rune.