søndag 25. mai 2014

Seksvassrunden: framifrå innsats av VCK

Vossevangen CK hadde ein storveges dag på Seksvassrunden 2014. Silje Hjorth Rafaelsen tok heim sigeren i dameklassen med 2:27:47, og Nikolai Hanevik og Kjetil Isaksen vann herreklassen (saman med 4 andre) på ny løyperekord, 2:06:52. Jørund Rong, Johnny Gjerald og Bjarte Vethe delte 8. plassen med 2:15:32. Imponerande innsats av Jørund, og bra for Bjarte å koma i gang att etter mange veker med sjukdom. Vossevangen CK hadde totalt med heile 18 ryttarar i dag, og mange av desse var spreke ungdomar. Det er svært gledeleg. Sjå resultat på våre resultatsider og ikkje minst ta ein kikk på våre film-sider. Der kan du mellom anna sjå årets Seksvassrunde ;)

Stalheimskleiva Opp: Vebjørn årets hardhaus

Stalheimskleiva Opp er ein del av Voss oppturar - ein køpp med motbakkeløp. Det som er spesielt med Stalheimskleiva Opp er at dei har ei eiga hardhaustevling: fyrst sykkel, so rulleski og til slutt løpet opp den brattaste riksvegen i Noreg. Vebjørn Turtveit, Vossevangen CK, sykla opp på råsterke 8:46 og sette med det den soleklart raskaste tida per dags dato. Vebjørn vann òg rulleskiløet, samt at han tok ein imponerande 3. plass i løpet med to harde tevlingar i kroppen. Sjå resultat på våre resultatsider.

lørdag 24. mai 2014

Kjetil og Styrbjørn 29 sek. frå siger i CLST 2014

I dag vart det populære landevegsrittet Color Line Setesdal Tour arrangert - i strålande sol men kraftig motvind. Rittet er 210 km med start i Kristiansand og målgang på Hovden 1000 meter over havet. Vossevangen CK hadde to mann med. Kjetil Isaksen sykla på det sterka laget Styrbjørn, og dei tok andreplassen berre 29 sekund bak

onsdag 21. mai 2014

Nikolai vann Continentalcupritt på Totland

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, held fram i vinnarsporet med terrengsykkelen sin. I dag vann han ritt nr. 2 i Continentalcupen. Rittet vart arrangert i ei rundbaneløype på Totland, Fana.

Nikolai seier fylgjande om dagens siger:"I kveld var eg med på årets andre ritt i Continentalcupen, som gjekk av stabelen på Totland. Løypa bestod av ein hard runde med mykje stigning, og denne skulle syklast 8 gonger. Tok teten ut frå start og på dei to fyrste rundane hang det to ryttarar delvis på. Men etter kvart

Seksvassrunden med grilling!

Minner om Seksvassrunden på sundag kl. 12. Vossevangen CK betalar attende startkontingenten til alle våre medlemmer! Meld dykk på her: https://registrering.quicktiming.no/?EventUID=5600
 
Etter rittet er det grillsamling hjå Stine og

søndag 18. mai 2014

Kjetil vann Nordhordland rundt

I strålande sumarvær gjekk årets Nordhordland rundt av stabelen. Det er 90 km i vakkert landskap ute på Radøy og Lindås. Vossevangen CK beit godt i frå seg og hadde heile sju mann med. Kjetil Isaksen vann likegodt heile rittet etter solid opptrekk

lørdag 10. mai 2014

Nikolai uheldig på 1. NC terreng

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, deltok i dag i 1. noregscupritt i terreng, maraton. Rittet gjekk i Å i Heiane, det var omlag 70 km langt, og med sterk deltaking. Nikolai låg inne blandt dei 20 beste då uhellet var ute (sjå bilete til høgre). Heile bakgiret vart til pinneved (i ei myr!). Då vert det diverre ein lang gåtur for Nikolai til næraste løypevakt, og ein DNF på resultatlista. Sjå resultat på våre resultatsider, og trykk les meir for å få med deg Nikolai sin rapport.

tirsdag 6. mai 2014

Thomas og Nikolai sigra i tempotesten!

Den tradisjonelle tempotesten til Vossevangen CK vart skipa i går! Det var det ikkje so mange som hadde fått med seg ... Været var heller tungt med regn, vind, 3 grader og skikkeleg sugeføre.

mandag 5. mai 2014

Paul med fin "tempodebut" på Straumemilen

Sundag var Paul i aksjon på sin nye temposykkel! Han plasserte seg fint på fjerdeplass i M45-49-klassen under "Straumemilen". Han tikka inn på 15:14! Paul har sendt oss fylgjande rapport:

"Jekla bra. Øva meir!"

Sjå jutjub-video her og resultat på våre resultatsider.





søndag 4. mai 2014

Kjetil nr. 19 på fellesstarten i Østfold 3-dagers

Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, held fram med imponerande sykling i Østfold. På dagens fellesstart var han nok ein gong inne på topp 20-lista. Kjetil fortel fylgjande til Vossevangen CK sin nettredaksjon: "120 mann trillet ut i strålende sol fra Halden. Pga veiarbeid ble det en kortere løype på 120 km. I dag gikk det ganske jevnt. Første halvdel var det motvind, så brudda kom ikke langt. På vei tilbake ble det flere brudd forsøk. Først siste mila gikk

Tempotest på måndag!

Den årlege tempotesten på Sætre er sett opp på fyrstkomande måndag! Møt kl. 18:00 på Meieriet for felles oppvarming! Vil Nikolai forsvara fjorårssigeren? Vil Paul stilla med det nye tempogliset sitt? Vert det løyperekord? I fjor var det null grader og sludd, og isen låg på Vangsvatnet. I år er det meldt sol og medvind både fram og attende!

MØTT OPP! Dette er ein av dei gjevaste titlane ein kan vinna :-) Vossevangen CK lovar premiering på årsfesten i ymse kategoriar, basert på tempotesten!

Johnny med siger i Håhaugsrittet!

Johnny Gjerald, Vossevangen CK, er som kjent attende i storslag! På laurdag tok han og huslyden turen til Ullensvang og Hauso med terrengsykkelen(!!),  for å vera med i Håhaugsrittet! Me gratulerar J-boy med sigeren!

Han har fengje si trufaste til å senda oss fylgjande rittskildring: "Uten noen forutsetning eller forventning, dro jeg og familien til Hauso for å kjøre terrengritt i dag. Spennende med nye omgivelser. På FB stod det at Beitemyren skulle delta, så konkurranssen ville bli tøff. Surt og kaldt i været, heldigvis tørre veger. Rittet

lørdag 3. mai 2014

Kjetil med kanonresultat! Nr. 7 i Østfold 3-dagers

Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, susar vidare og leverte eit kanonresultat i dag! Under "Østfold 3-dagers", eit NCF kategori 3-ritt var det i dag gateritt. Kjetil var med heilt framme og kom inn som sjettemann! Me gratulererar Kjetil med eit superresultat og gledar oss til framhaldet! I morgon er det fellesstart og Kjetil er
klar. Han har sendt oss fylgjande rapport frå rittet:
"Dette er nok beste plasseringen jeg har hatt noen gang (hvertfall på dette nivået). Det ble

Paul og Nikolai med flott køyring under Sund Fellesstart

I dag gjekk Sund Fellesstart, eit aktivt NCF kategori 5-ritt. Paul starta i klasse master 45-49, medan Nikolai køyrde eliteklassen. Nok ein gong frisk og god køyring av båe to, og me gratulerar med innsatsen! Nikolai sat med inn i lag med det som var att (8 stk.!) av hovudfeltet i eliteklassen, der Fillip Eidsheim (Team Fixit) tok sigeren etter solobrot! Paul var tidleg i brot, men regn øydela diverre sjansane hans.  Me har fengje fylgjande skildringar frå dei utsendte:

Nikolai:
"Var i dag med på Sund fellesstart, eit rundbaneritt der me

fredag 2. mai 2014

Bjarte og Kjetil køyrde Enebakk Rundt - Siger til Atea!

Bjarte Vethe og Kjetil Isaksen, båe Vossevangen CK, køyrde i dag "Enebakk Rundt". Dette vår årets rittdebut for Bjarte. Enebakk rundt er eit lagtemporitt på 80 km med start og mål på Skullerud utanfor Oslo. Atea vann rittet i år som i fjor. Bjarte hadde diverre teknisk uhell og mista laget i lag med ei rekkje andre Atea-rytterar. Sterkt å vinna rittet med ni mann i rulla, når Rye stilte med 38 stk.! Me

Os rundt - Nikolai, Johnny og Paul med sterk køyring!

Nikolai, Johnny og Paul var Vossevangen CK sine utsendte til fyrste mai-rittet, Os rundt. Dei leverte alle eit svært godt ritt! Nikolai har alt synt at formen er god i år! Johnny har hatt ei kanonopplading etter ein god månand i syden saman med huslyden. Evigunge Paul er tilbake i Vossevangen CK-drakt dette året - alltid klar for å køyre fort!