søndag 18. mai 2014

Kjetil vann Nordhordland rundt

I strålande sumarvær gjekk årets Nordhordland rundt av stabelen. Det er 90 km i vakkert landskap ute på Radøy og Lindås. Vossevangen CK beit godt i frå seg og hadde heile sju mann med. Kjetil Isaksen vann likegodt heile rittet etter solid opptrekk
av Nikolai Hanevik. Trass i kraftig vind vart det ny løyperekord på tida 2:11:32! Johnny Gjerald er attende i godt slag og kom i mål berre sju sekund bak Kjetil. Nikolai kom på plassen bak Johnny. Paul Skeie låg òg godt an då han var uheldig og køyrde tå vegen. Lukkelegvis tåler Paul ein smell. Rune Herheim kom i mål 3:58 bak Kjetil, medan Jørund Rong kom fyrst i mål av dei som starta i pulje 2 med tida 2:20:18. Odd Inge Jordalen sykla i same pulje som Jørund, men kom rett bak ein velt og måtte stogga for å hjelpa til. Sjå resultatliste på våre resultatsider.

Nikolai sin rittrapport: Etter nokre par km roleg bak masterbil, prøvde eg og Kjetil å gå i brot ved eit par høve, men det var vanskeleg å få luke. Etter kvart blei tempoet stabilisert på låg hastighet, og det var eigentlig ein rein transport etappe til det stod att 2 mil. Då tok me av på ein smal veg, og det blei litt kamp i tet for å halda posisjonane. Inn i siste bakken låg eg i fremre rekkje i lag med Kjetil. Det blei køyrt eit jamnt tempo opp bakken, utan noko støyting. Låg som 4. mann, og hang relativt greit med over. Dei siste km'ane inn mot mål gjekk i kupert terreng, før ein siste knekkar 1,5 km før mål. På toppen av denne var me fortsatt samla ein gjeng, frå klubben var det Kjetil, Johnny og eg. Bestemte meg då for å køyra opptrekk for Kjetil (som er ein råtass i spurten), og køyrte til det stod att ca. 400-500 m. Kjetil leikte seg inn til siger, og eg kom trillande inn 15-20 sek bak. Fint vær og gjennomføring av arrangør, men litt kjedeleg der mesteparten av rittet blei ein transportetappe fram til siste bakken.

Jørund sin rittrapport: Etter godt to månadar ute med kneskade, har ambisjonane vore små for årets sesong. Etter nokre sykkelturar dei siste vekene, valte eg likevel å ettermelda meg til Nordhordland Rundt. Eit ritt eg har køyrt nokre gonger før. Naturen er særs flott og været er som regel strøkent! Nett so i dag. Eg valte seeda pulje 2, og såg på det som ei treningsøkt. Eg og Oddis la i veg og me merka fort at pulja var prega av mykje rot. Det vart mykje kladding, rykk og napp og heller dårleg rittkøyring. Me freista å koma avgårde, men pga vind og eit sterkt ynskje hjå mange andre om å halda saman, var det ikkje råd. Oddis fekk ein god porsjon kjeft då han i front stakk og soleis fekk skuld for å ha "øydelagt" rulla - Med andre ord ikkje berre berre! Då me svinga inn på smalare veg ved Seim byrja lokalfolket med posisjonering og det gjekk relativt bra fort her utan at det var noko problem å liggja framme. Det gjekk ein stygg velt lenger bak i feltet på dette stykket. Eg merka ikkje noko til det, og fekk fyrst høyra om det etter me var komne i mål. Ein vart sendt til Haukeland med luftambulanse. Oddis kom rett bak ulykka og stogga for å hjelpa til. Opp "Skaret" gjekk det eigentleg roleg - me kom ned på andre sida og det samla seg ein ti-tolv stykkje og me heldt i lag inn mot mål. Eg freista å stikka opp "butikkbakken", siste sjanse før mål. Då var det full gass for fyrste gong i rittet! Litt seint, då det var rett før mål og bakken er kort :-) Ei grei økt - men kneet var ikkje like godt nøgd. So me får sjå på framhaldet.

Start pulje 2: Jørund og Odd Inge

Gruppebilete før start

Vossevangen CK sin yngste støttespelar

1 kommentar:

  1. Artig rapport Jørund, og god bedring med skade, å ikke få trent som en vil er noe av det mest irriterende som finnes !
    -Frank

    SvarSlett