fredag 2. mai 2014

Os rundt - Nikolai, Johnny og Paul med sterk køyring!

Nikolai, Johnny og Paul var Vossevangen CK sine utsendte til fyrste mai-rittet, Os rundt. Dei leverte alle eit svært godt ritt! Nikolai har alt synt at formen er god i år! Johnny har hatt ei kanonopplading etter ein god månand i syden saman med huslyden. Evigunge Paul er tilbake i Vossevangen CK-drakt dette året - alltid klar for å køyre fort!


Nikolai har sendt oss fylgjande rapport:
"Os Rundt: flott vær og fine forhold! Gjekk i brot i fyrste bakken (mobergsbakken)! Kom avgårde med 6 andre, og Køyrte bra saman til botn av Fanafjell. Då satt the Olsens frå Åsane seg i front og mata på! Eg var siste mann som slapp tettrioen(2xolsen og Reiso) ca 400m før toppen. Mista også kjede og måtte stoppe rett før toppen, og kom over Fanafjell med 4 andre. Blei hardt å ligga 4mann i rullo(avogtil 5 :p), me klarte Ikkje å henta dei 3 i tet og kom ca 50sek bak imål. Klarte akkurat å holde hovedfeltet bak oss, der Johnnyen tok ein oppskriftmessig spurtsiger! Greit nøgd med rittet, men missnøgd med at eg måtte sleppa opp Fanafjell!"

Johnny har sendt oss fylgjande skildring (via kontordama si, og difor på bokmål): 
"Har vært sjuk noen dager, så var litt spent på formen og kroppen, som viste seg å fungere. Satt fint med i starten, det gikk et brudd tidlig, litt uventet at de fikk såpass stor luke. Her satt Nikolai, så måtte jo ikke kjøre inn bruddet og hindre ham i god plassering :) Vel, prøvde å tette denne luka, noe som virket mulig en stund, men måtte gi opp forsøket da vi kom til Fanafjellet. Da så jeg ryggen til Nikolai der fremme, bruddet var delt, og jeg tok ut de siste krefter for å ikke slippe taket. Det endte med tre ryttere alene mot mål, så Nikolai sin gruppe, som hadde sluppet bruddet, deretter kom min pulje inn. Paul satt lenge med i min gruppe, men måtte gi tapt på toppen av Fanafjellet. Han viste rå styrke på flatene, god rygg å ligge bak. Han kom til mål like etter min pulje. For min del har jeg aldri kjørt så raskt på Os rundt, gøy å kjenne at kropp og sykkel fungerer."

Paul har sendt fylgjande rapport:
"Os Rundt er eit kort og hektisk ritt, omlag fire mil og bånn spiker i ein time. Det plar går fort frå starten, men eg brukar henge med teten inn til Fanafjellet. Rett etter start går løypa ned mot sentrum og så kjem Mobergsbakken, ein liten knekkar. I år blei det køyrd hardare opp denne bakken enn eg har opplevd før. Eg sat greit med omlag 10-12 ryttere framom meg, men det viste seg å vera for langt bak til å vera med ei utbrytargruppe på 5-6 der blant anna Nikolai satt med. Eg blei difor sitjande i hovedfeltet og det var sikkert lurt også. Det blei etter kvart organisert ei rulle og ved inngang Fanafjellet var utbrytargruppa nesten køyrd inn. Opp Fanafjellet sat eg greit med folka rundt meg ei stund, men så byrja eg å sige. Johnny var då framfor meg. Høyrde nokon rope "Paul" bak meg, det var Helge Haugsdal som ville ha selskap, han var heilt åleine. For meg var det litt dårleg psykologisk input at nokon ropte på meg bakfrå, skulle ønska nokon der framme ropte på meg heller. Eg prøvde først å ignorere han og heller prøve å øke på litt, men det gjekk dårleg. På toppen hadde eg 40-50 meter opp til gruppa eg skulle vore med og Helge 20 meter bak. Eg køyrde så raskt eg turde ned Fanafjellet, men feltet var vekk. So blei det lagtempo saman med Helge Haugsdal, Skjalg Torbjørnsen og Frode Arnøy. Me tok innpå feltet framfor og hadde nesten kontakt då me nærma oss Osvegen, men så skjedde det noko, og me såg dei aldri igjen. Det viste seg at dei då akkurat hadde tatt igjen ein femmerbande med god køyrestyrke så dei fekk opp farten. Så det blei lagtempo nesten til Os, men så blei me køyrd inn av eit felt, då var det berre å sette seg inn i rulla. Ein grei sesongstart for min del. Har aldri køyrt så raskt i dette rittet, 1:04:09. Eg har eit gir til, som eg håper å lokke fram dei neste vekene."

Svein Ivar Reiso (Nymark), Øystein Blom-Ohlsen (Åsane CK) og Fredrik Olsen (Åsane CK) tok pallen. Nikolai inn på femte berre 50 sekund bak, Johnny nr. 7 berre 1:06 bak vinnarane og Paul inn som nr. 18, berre 2:43 bak vinnarane! Me gratulerar alle tre med sterk køyring og gler oss til framhaldet! Sjå alle resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar