lørdag 3. mai 2014

Paul og Nikolai med flott køyring under Sund Fellesstart

I dag gjekk Sund Fellesstart, eit aktivt NCF kategori 5-ritt. Paul starta i klasse master 45-49, medan Nikolai køyrde eliteklassen. Nok ein gong frisk og god køyring av båe to, og me gratulerar med innsatsen! Nikolai sat med inn i lag med det som var att (8 stk.!) av hovudfeltet i eliteklassen, der Fillip Eidsheim (Team Fixit) tok sigeren etter solobrot! Paul var tidleg i brot, men regn øydela diverre sjansane hans.  Me har fengje fylgjande skildringar frå dei utsendte:

Nikolai:
"Var i dag med på Sund fellesstart, eit rundbaneritt der me
køyrte 5x25km. Været var småfriskt, 6 grader og kald vind. Fyrste runden blei hard, mykje rykk og napp-køyring der mange prøvde å kome seg avgårde i brot. Beina var ikkje allverden i starten, men kom seg etter kvart. På 2.runden opna himmelen seg og da bøtta ned med regn/sludd. Då blei da endå friskare med «korte» bein, men litt lyt ein tåla. På 3.runden gjekk eit brot avgårde med 3 mann, som resulterte i ein jamnare fart i hovudfeltet. Me køyrte tilslutt inn brotet, sola titta fram og beina begynte å bli betre. Men på 4 runden holdt eg på å miste feltet opp ein seig bakke, då 2 ryttarar framfor meg slapp. Måtte då køyra inn igjen teten, noko som gjekk akkuratt. Då me var inne for runding siste gong, gjekk Filipp Eidsheim(Team Fixit) solo, og fekk ei grei luke som han holdt inn til mål. Hovudfeltet hadde blitt mindre for kvar runde, og me var vell ein 8mann igjen. Klarte å køyre litt meir aktivt på siste runden, sjølv om eg var på stålet ved eit par annledningar Kom inn med «hovudfeltet», men i spurten hamna eg oppskriftsmessig bak. Godt fornøgd med rittet, der beina blei betre mot slutten. Bra gjennomkøyring før Norgescup terreng neste helg".

Paul:
"Eg starta i master 45-49 i årets Sund Fellesstart. Eg har ikkje køyrt rittet før, men har kjennskap til løypa frå Skjærgårdsrittet. Det var kaldt då me kom ut der, 6 grader med overskya opphaldsver og vind frå nordvest. Eg valde Zipp 404 hjula, det var jo tørr asfalt og småkupert løype. Løypa var 24 km og me skulle køyre fire rundar. Nikolai starta 12:00 med eliten, me starta 8 minutt seinare. På første runden låg eg roleg i feltet frå start, men etter ei stund ville eg fram å sjekka tilhøva. Eg køyrde kontrollert i front, men det vart ei lita luka til feltet, så kom det opp ein som heitte Christer frå Åsane CK og litt etter kom Joachim Jordan frå Fana CK. Me byrja å køyre på litt for å få ei luke til hovedfeltet. Me samarbeida godt og heldt avstanden greit. Me hadde framleis luke ved første passering, men ikkje lenge etter blei me tatt igjen av hovedfeltet. Eg sette meg til å eta og drikka for å lade kanonene til meir moro. Ikkje lenge etter byrja det å regne. Ein i feltet kommenterte ironien i at det hadde vore opphalde i tre veker, og så byrjer det jaggu å regne akkurat mens me køyrer ritt. Dette regnet passa meg særs dårleg. Eg tryna ifjor på våt asfalt under Bergen-Voss med akkurat desse hjula og samme dekka. I eit parti av løypa går vegen gjennom nokre skarpe svingar og her køyrde eg veldig sakte, klok av skade. Kom heilt bak i feltet. På runde 2 gjekk det greitt, men på runde 3 rauk eg til. Eg var veldig våt og kald, eg køyrde veldig passivt gjennom desse svingane og kom for langt bak og feltet sprakk opp. Eg kom bakpå saman med 4 andre, og eg prøvde å organisere ei rulle for å køyre inn ei gruppe som låg nokre hundre meter framfor oss. Rulla fungerte ikkje så bra, det var for stor skilnad i køyrestyrke mellom oss. Etter ei stund var det berre meg og ein frå Bergen CK med "Tore" på hjelmen som køyrde saman resten av rittet. Me jobba godt, hadde kontakt med feltet framfor, men klarte aldri heilt å tette luka. Me hadde ei felles usagt forståing av at me ikkje skulle spurte mot kvarandre så me køyrde jamsides over målstreken. Kort oppsummert, eg kjende meg sterk idag, eg fekk skøya litt, køyrde over halvparten av rittet i grupper på 2-3, resultatet er ikkje mykje å skriva heim om, men det vart som det vart. Det som verkeleg øydela var regnet. Eg må setja på nokre andre dekk på Zippane mine, så slepp eg å uroa meg så mykje for å miste veggrepet på våt asfalt. I morgon er det nytt ritt, Straumemila tempo med min nyinnkjøpte Trek Speed Concept temposykkel som eg kjøpte brukt frå ein junior i Bergen CK, god som ny".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar