tirsdag 6. mai 2014

Thomas og Nikolai sigra i tempotesten!

Den tradisjonelle tempotesten til Vossevangen CK vart skipa i går! Det var det ikkje so mange som hadde fått med seg ... Været var heller tungt med regn, vind, 3 grader og skikkeleg sugeføre.

Det vart kjempa hardt av dei frammøtte! I juniorklassen tok Thomas Vethe ein fin siger etter god kjøring! I seniorklassen var det spanande til siste tråkk. Nikolai hadde fem sekund på Johnny ved vending, og klarde å halda unna.

Me gratulerer alle med innsatsen og lovar god premiering under årsfesten i ymse kategoriar! Til alle som ikkje møtte opp: me ventar i spaning for å høyre kva unskyldingar de hadde for å ikkje stilla ...

Saki vert plutseleg oppdatert med video og bilete!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar