søndag 22. juni 2014

Paul nr. 2 i Forland Triatlon

Paul Skeie, Vossevangen CK, vart i går nummer 2 på Forland Triatlon. Tevlinga innebar 750 m symjing, 19 km sykling og 7 km springing. Dette var Paul sin debut som triatlonutøvar, og han drog like godt til med ein andreplass! Paul seier fylgjande i ein kommentar: "Debuterte i triatlon idag. Forland Triatlon på Sotra. Kom på andreplass. Sykla meg opp til andreplass som eg akkurat klarte å forsvare på løpebiten. Moro!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar