lørdag 19. juli 2014

Valdresrittet 2014

I dag gjekk Valdresrittet av stabelen i strålande sol og lite vind. Valdresrittet er eit terrengritt på 54 km med mange, lange og til dels teknisk krevjande terrengparti. Trass i flott vær var det likevel svært mange gjørmete parti, særleg i det fyrste terrengpartiet. Bjarte Vethe og Rune Herheim stilte i eliteklassen for Vossevangen CK. Det var ny deltakarrekord med over 700 ryttarar, og mange av dei beste norske maratonryttarane var med. Lars Granberg kom rett frå tidenes beste norske VM-plassering og tok sigeren eitt sekund før NC-leiar

tirsdag 8. juli 2014

Odda-Bø: Bjarte nr. 6 (eigentleg nr. 3)

I helga sykla Bjarte Vethe, Vossevangen CK, rittet Odda-Bø. Rittet er meir enn 22 mil og med to harde stigningar.

Bjarte sykla godt og låg på 3. plass saman med 3 andre, men mot slutten sykla dei tre andre feil (4 km kortare). Då laut Bjarte ta til takke med 6. plassen.

Sjå resultat på våre resultatsider, og les rapport frå Siren under.

mandag 7. juli 2014

Silje med bronse i triatlon-NM

Silje Hjorth Rafaelsen, Vossevangen CK, tok ein imponerande bronsemedalje i triatlon-NM. Tevlinga var ein del av Ironman 70.3 Haugesund, og der tok Silje ein 8. plass totalt i dameklassen. Silje seier i ein kommentar at ho "har en del å hente på syklinga, for jeg var bedre enn NM-vinneren på svømming og løping. Super opplevelse". Roger Eide, Vossevangen CK, tok ein sterk 192 plass av 1500 deltakarar i herreklassen. Me gratulerer begge våre triatletar! Sjå resultat på våre resultatsider.

Johnny nr. 10 i NM masters

Johnny Gjerald, Vossevangen CK, er attende i sterk form på sykkelsetet. I helga tok han ein sterk 10. plass i landevegs-NM i klasse M35-39. Det vart køyrd 7 runder i ei hard rundløypa i Oslo, og eine bakken med 18 % stigning vart hard når han skulle syklast 7 gonger. Sjå resultat på våre resultatsider.

Rittrapport frå J-boy;

"Sundag 6. juli vart det klart for årets Master NM. Det var en varm dag i Oslo, lett overska. Eg følte meg i bra form, litt tunge bein, så var spent på dagens køyr. Sju rundar på 18 km, med ein ”monsterbakke” på 18 % kvar runde, kunne jo ta motivasjonen fra kvar og ein av oss!
Eg satt godt med på fyrste runde, som gjekk fort. Me fekk eit skybrot tidleg, det gjekk nokre velt, heldigvis klarte eg meg. Dei neste rundane vart tempoet noko lågare, men framleis datt rytterar av  pga farten. På nest siste runde gjekk det eit brudd med tre stk, kun ein i min klasse. Eg vurderte å køyre med dei, men trudde feltet tok oss att, så eg roa ned litt, noko so var dumt.... Dette bruddet gjekk inn, medan eg satt i hovedfeltet. Den siste runden var tøff, alle ville frem, men ingen ville dra. I siste bakken var me ni stk samla, men her tok kreftene mine slutt. Med krampe og fullstendig tom, kom eg inn til flott 10.-plass, kun 10 sekund bak 2.-plassen.
Eg er fornøyd med eige innsats, 10.plass av 51 startande og 27 fullførde, er bra!!"

Sognefjellrittet

Sognefjellrittet er 137 km frå Lom til Sogndal over Sognefjellet. Yr melde flott vær, men etter nokre km med sykling kom regnet, temperaturen sokk til 6 grader og orkanen reiv i frå alle kantar. Rune Herheim, Vossevngen CK, vart nr. 9 med tida 4:19 og Frode Atterås, Vossevangen CK, vart nr. 35 med tida 4:47. Olav Ulven, Ottestad SK, vann på tida 4:07. Sjå resultat på våre resultatsider.