søndag 31. august 2014

Framifrå Birken-helg

Då er årets høgdepunkt for mange (terreng)syklistar historie. Endeleg kom eit år med opphaldsvær og turre tilhøve på Birken. Vossevangen CK hadde ein fin bataljon til start, både på Fredagsbirken og Birkebeinarrittet laurdagen. Nikolai Hanevik viste han er frisk att frå ein lengre sjukdsomperiode og var raskaste mann frå klubben med tida 2:54. Rune Herheim braut òg den magiske tretimarsgrensa og kom inn på 2:57. Dag Tore Roe og Steinar Røthe sette begge solide personlege rekordar med dei sterke tidene 3:14 og 3:31 høvesvis. Ingvild

lørdag 23. august 2014

Voss - Geilo, Kjetil vann, VCK med solid innsats!

Voss-Geilo vart skipa til for andre gong i dag. Været var noko meir "vestnorsk" enn det var i fjor! Men i høve til meldingane som har vore dei siste dagane, var det overraskande bra! Vossevangen CK hadde folk i alle puljer, og sjølv om me mangla mange av våre sterke rytterar på start, markerte me oss skikkeleg godt! Vossevangen fekk tre stk innafor top 6!

mandag 18. august 2014

Bjarte i godt slag på Arctic Race turritt

Bjarte sykla i helga eit turritt i høve storrittet Arctic Race saman med Atea. Som de ser på bileta var Bjarte i godt slag, og var med i brot saman med nokre Atea-kompisar og to russarar!

søndag 17. august 2014

Dag Tore med fin innsats i Sandefjord-rittet

Dag Tore er stadig å sjå på ritt og kjekt er det! I helga var den blide Vaksdøl'n innom Sandefjord og fekk med seg eit ritt. Me har fengje fylgjande rapport frå D.T;

"Hadde høve til å leggje turen innom Sandefjord for å sykle Sandefjord-rittet Marathon på lørdag. God oppladning med fantastisk sjømat og  god vin hos Geir Skeie på Brygga kvelden i forvegen. Topp vær med 19 gr og lettskya. Likevel svært glatt og

Kjetil fint med i Follorittet!

Kjetil køyrer inn i haustsesongen på full gass. I dag, sundag 18.08, var det Follorittet på Ås i Akershus som stod på programmet! Me har fengje fylgjande rapport frå Kjetil:

"Godt fornøyd med Follorittet. I sprut regn var det ca 70 pers som stilte til start i eliteklassen. I en relativt teknisk løype var det lettere anspent på våte veier. Det ble syklet en runde på 20 km 5 ganger. Med totalt 1300 hm var det en god bakke som skulle forseres 5 ganger. Beina i dag var

torsdag 14. august 2014

Continentalcup nr. 4 i Åsane

I går vart det 4. rittet i Continentalkøppen (mtb) arrangert (NB: det 5. og siste rittet i cupen går på Voss/Bømoen 20. september --> hald av datoen!). Rune Herheim stilte for Vossevangen CK. Han kom skeivt ut dei fyrste tre rundane, men sykla bra dei fem siste. Sjå rittrapporten hans under, og resultatlister finn du sjølvsagt på våre resultatsider.

Rune: "Eg tok med meg continentalkøpprittet i Åsane på vegen heim i dag. Etter ein hektisk

tirsdag 12. august 2014

Klosterrittet 2014

Vossevangen CK hadde tre mann med på Klosterrittet i helga. Klosterrittet er eit variert og artig terrengritt som går på grusvegar og skiløyper på Totland og Bontveit. Våre menn var Nils Asbjørn Lie, Cato Vivelid Nilssen og Kjell Olav Tryti. Nils Asbjørn skriv fylgjande i ein kommentar: "Eg har alt takka arrangørane for flott arrangement, og hadde berre beina og kroppen vore like bra så skulle det ha vorte ei knallgod tid! Men slik gjekk det ikkje, Klosterrittet krev sine bein. Mange høgdemeter på kort tid, og du får aldri tid til å henta deg inn igjen. Er som kjent flink til å sprengopne, og med min form i år så vart det ein rask tur i kjellaren. Tok ca. 2.40.55 å koma ut derifrå igjen! Har prøvd å analysera meg til betre resultat samanlikna med i fjor, men det går ikkje det heller. Då får eg heller la meg imponere av Kjell Olav og Cato som gjennomførte med stil.  Men neste år, då .......  PS: Eg ser uforskamma frisk ut på bilete tatt under løpet, men eg skal lova at eg tok meg kraftig saman og prøvde å ta meg godt ut og representere klkubbkleda på ein god måte!!!" Sjå resultat på våre resultatsider. (Foto: Arne Solli)



mandag 11. august 2014

Vossevangen CK på Noregscup i By'dn!

Sundag 10. august var det Noregscupritt landeveg i Bergen, nærare bestemt i Åsane. Løypa var lik delar av NM-traseen i 2012, men med noko nedkorta rundar og i tillegg køyrde ein motsett veg. Ei variert og kupert løype skulle soleis køyrast 14 rundar, totalt 168 km med samla over 3.000-høgdemeter!



Kjetil klar for NC i Bergen! 


Kjetil var Vossevangen CK sin mann på start og han sat fint med i feltet ut frå start. Det var køyrt svært aktivt frå start og farten var høg. Mange rytterar datt av tidleg - til dømes var Noregsmeister Tormod Hausken Jacobsen ferdig etter eit par rundar! Diverre gjekk det tidleg ein splitt og Kjetil kom i feil del av feltet. Soleis vart dei liggjande bak det som var att av hovudfeltet. Då det omlag samstundes vart etablert eit brot i front, vart det køyrt hardt i restane av hovudfeltet og gruppa til Kjetil og dei kom seg soleis aldri oppatt til teten. Han vart i likskap med dei fleste andre i feltet teken ut omlag halvvegs. Det var synd, då Kjetil hadde gode bein! Litt bom på taktikk på ein elles god dag med andre ord. Ein triveleg dag med mykje god sykling var det uansett - Vossevangen sine utsendingar kosa seg og hadde ein fin sykkeldag i Åsane!

Rittrapport frå Kjetil:

”Etter mye vær sist døgnet ble det plutselig fint vær i Bergen. Dvs en del vind var det fremdeles. Masterbilen ga flat pedal med en gang, og det gjorde rytterne i front også. Heldigvis satt jeg godt fremme, men flere måtte slippe alt etter første kilometer. Det gikk i rykk og napp de første 3 milene. I det vi skal inn på brei vei og motvind gjør jeg noe som ikke er så lurt. Jeg tenkte at her kommer det til å gå rolig. Dessverre ikke. Det klemmes til og feltet blir delt. Jeg er en av de siste som ikke kommer med i første gruppe.. Vi er en del ryttere som prøver å få til å samarbeide. Det fungerer heller dårlig. Vi blir lenge liggende ca. 2 minutter bak hovedfeltet, men liten innsatsvilje. Etter et par runder blir vi tatt ut. Veldig kjedelig på en dag med gode bein. Men slik er det iblant. Nå er det bare å brette opp ermene og gi gass frem mot kommende ritt. Var veldig trivelig at så mange fra klubben dukket opp! Takk til Nikolai, Halle, Jørund, Odd Inge, Jane og Jonas! Bare å ta av seg støvet!”

God stemning i VCK-leiren!

"Det går bra Oddis - ikkje ver lei deg"
Halle var der!

Og Jane!
KOM, KOM, KOM - Dagen derpå, og Kjetil tok seg ein skikkeleg utblåsing!!

søndag 3. august 2014

Grenserittet 2014: folkefest i strålande vær

Foto: Stein Johnsen
Grenserittet er eit svært stort arrangement som går i variert, flott og (tilnærma) flatt terreng frå Strømstad og med målgang på Fredriksten festning i Halden. I år var det 7-8000 deltakarar og høgt nivå. Alle dei beste svenske og norske terrengsyklistar deltok, og det same gjorde fleire sterke landevegsryttar samt typar som Jens Arne Svartedal og Henrik Kristoffersen. Bjarte

Postvegrittet: Dag Tore punkterte (att)

Postvegrittet er eit fint terrengritt på Dale i Sunnfjord. Det er 45 km langt og med variert terreng og fleire sugande motbakkar. Dag Tore Roe deltok for Vossevangen CK. Han var nok ei gong uheldig og punkterte. Etter litt plundring med slangebyte kom han inn på tida 2:03:39. Dag Tore seier i ein kommentar: "Ca. 8 1/2 minutt med gode hjelparar. For ein mann med like mange tommeltottar som sykkelen har gir, er det bra".

Magnus Lie frå Hof sykkelklub vann med 1:39:09. Sjå resultat på våre resultatsider.