mandag 29. september 2014

Innetrening 2014 / 2015

Vossevangen CK tek sikte på innetreningar/spinning gjennom vettoren 2014/2015 etter same lest som i fjor. Dvs. me har ei fellesøkt tysdagar kl. 18:30-20.00 på Fitness1. Tilbodet er GRATIS for medlemmane våre! Klubben stiller med godt utdanna, blide og inspirerande instruktørar gjennom sesongen. Me vil samstundes

søndag 21. september 2014

Framifrå Continentalcup-ritt i Bømoen

Kjetil og Nikolai i mål
I går skipa Vossevangen CK til det 5. og avsluttande rittet i Continentalcupen på terrengsykkel. Det var ei framifrå løypa, både teknisk og morosam. Etter veker med strålande seinsumarsver ausa regnet ned frå oppvarminga starta til siste premie vart delt ut. Det vart likevel eit kjekt ritt og mange blide syklistar. Godt oppmøte, og ekstra kjekt med fleire jenter til start samt 12 ungar på barnerittet!

Vossevangen CK hadde fem mann blandt dei seks beste i klassen for dei som sykla sju rundar! Kjetil Isaksen stakk av med sigeren. Det viste seg at fleire

tirsdag 16. september 2014

Terrengsykkelritt i Bømoen 20. september

Den 20. september skipar me til ei lågskuldertevling på stiar i Bømoen. Meir informasjon om rittet og påmelding finn du på denne lenkja.

søndag 14. september 2014

Kjetil klinka til under Norgescupavsluttinga!

Kjetil godt nøgd etter fin-fin 17.-plass i dag!
I dag, 14.september vart det køyrt siste runde i årets Noregscup landeveg. Rittet gjekk rundt Sandnes. Kjetil Isaksen var i storslag og knalla til med 17.-plass, trass i bomgiring i siste sving! Endeleg litt "stong inn" for Kjetil etter nokre løp med litt klabbing! Me gratulerar Kjetil med kanonplassering og vonar han no er supermotivert fram mot terrengritt i Bømoen, klubbmeisterskap og sesongavslutting ;)  Resultatliste finn du på våre resultatsider, og trykk på "les mer" for å sjå fleire bilete og Kjetil sin rittrapport.

Bjarte sykla godt på Skarverittet

I går vart Skarverittet gjennomført i strålande værtilhøve. Vossevangen CK hadde med ein ryttar: Bjarte Vethe. Han stilte i Mastercupklassen 45-49 og tok ein sterk 2. plass i klassen med tida 2:10:53. Sjå resultat på våre resultatsider.

lørdag 6. september 2014

Vossevangen CK markerte seg under "Fana todagars"!

Kjetil og Nikoali i front. Svein Ivar Reiso i NM Master-trøya si til høgre!
Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, sykla i helga Fana Todagers. Rittet består av tempo og gateritt laurdag, og fellestart sundag. Kjetil syklar aktivt og godt, han synte at haustforma er svært bra! Han vart nr. 2 i eliteklassen i samtlege ritt. Sjå lenger nede for rittrapport! Under fellesstarten sundag var Nikolai tilbake på landevegssykkelen! Les om "comeback'et" til Nikolai i rittrapporten! Resultata finn du her.

Silje vann og Arnstein nr. 10 i Hardangervidda maraton

I dag gjekk løpet Hardangervidda Marathon av stabelen, og Vossevangen CK viste seg nok ei gong fram frå si beste side. Silje Hjorth Rafaelsen vann likegodt dameklassen med tida 4:57 - nesten 20 minutt før neste dame. Silje fortel om eit svært hardt løp, men det var visst endå hardare for dei fleste andre. Arnstein Ringheim tok ein sterk 10. plass i herreklassen med tida 4.47. Sjå løpsrapportane frå begge to under. Resultatliste finn du her.