søndag 21. september 2014

Framifrå Continentalcup-ritt i Bømoen

Kjetil og Nikolai i mål
I går skipa Vossevangen CK til det 5. og avsluttande rittet i Continentalcupen på terrengsykkel. Det var ei framifrå løypa, både teknisk og morosam. Etter veker med strålande seinsumarsver ausa regnet ned frå oppvarminga starta til siste premie vart delt ut. Det vart likevel eit kjekt ritt og mange blide syklistar. Godt oppmøte, og ekstra kjekt med fleire jenter til start samt 12 ungar på barnerittet!

Vossevangen CK hadde fem mann blandt dei seks beste i klassen for dei som sykla sju rundar! Kjetil Isaksen stakk av med sigeren. Det viste seg at fleire

topp 10-plasseringar i NC landeveg i år kombinert med tidlegare utforsykling var ein framifrå kombinasjon i løypa i Bømoen. Nikolai Hanevik er på gang att etter ein frustrerande sesong med mykje sjukdom og tok andreplassen. Ian Kane var einaste "utlending" på 3. plass, før det kom tre nye Vossevangen CK-ryttarar med Bjarte Vethe på fjerde, Rune Herheim på femte og Olav Dugstad på sjette. I klassen 10-15 år vart Thomas Vethe nr. 2, Fredrik Galåen Røthe nr. 3. Lena Vethe nr. 4, Joar Almeland nr. 5, Lars Rong nr. 6 og Jonas Seim nr. 8. Sjå alle resultat på våre resultatsider, og ikkje minst bileta og video frå rittet under.

Samanlagtvinnarar i Continentalcupen 2014

Premieutdeling klasse 10-15 år

Premieutdeling barnerittet


Lars og Halle klar for rigging


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar