søndag 12. oktober 2014

Lagsmeisterskap og årsfest!

Thomas Vethe tok juniortittelen - arkivbilete!
Laurdag 11. oktober vart det skipa lagsmeisterskap og årsfest i Vossevangen CK. Løypeval i år var tre og halv runde i Bømoen og deretter til Fjose / Tøn. Været var overraskande bra, og det vart stort sett sykla i kortbrok! Stemninga var sjølvsagt på topp og rittet vart både spanande og innhaldsrikt!

Lagsmeister juniorklassen vart Thomas Vethe! Thomas peiste seg til Tøn på gode 15 minutt! Me gratulerar!



Bengt stilte i MTB-klassen og tok seg lett og fint inn til Tøn på 26:10

I seniorklassen vart det støyta og støyta, spesielt Nikolai var ivrig! Men feltet var samla til me skulle opp Tjukkabygde. Ein del motvind oppover gjorde at det vart køyrt jamnt til Ygres, men der sprakk det opp. Nikolai og Jørund fekk ei god luka på Rune, Arnstein og Jon Arild. Mot mål vart det spurt og Nikolai tok fortent sigeren! Me gratulerar Nikoali som klubbmeister. Noko dårleg oppmøte i kvinneklassen, dvs. ingen! Alle fekk premie i år, då vår gode samarbeidspartnar www.sykkelkomponenter.no hadde sendt ei kassa med "sykkelstæsj" til oss!



Rittrapport frå lagsmeisteren:

”Årets klubbmesterskap starta med 3-4 runder inne i bømoen. Her vart det litt lurekøyring, med innslag  av kamikazerykk for å lage litt action. Men det blei som venta, rittet skulle bli avgjort opp den berykta tjukkabygdbakkjen. Holdt et jamnt tempo opp fyrste del, før eg slapp klubbleiaren fram i tet (på tide at han bidrog, hadde ligget og lurt på halen). Han holdt tempoet oppe, og me to kom ilag opp til mål. Dette skulle då bli ein spurtduell mellom to spurtkjemper, der Eg trakk det lengste strået  kjekt arrangement og god innsats frå alle mann!”

God steming etter målgang!

Rong sikta høg, men tapte spurten!

Hellebust gav alt, men i år laut han bita i graset.


På kvelden var det årsfest hjå Olav og Renate som vertskap! Det var særs triveleg! God mat, godt prat og mange gode framtidsvisjonar vart skapt og diskutert. So var det meir premiering;

* Årets prestasjon; Silje Rafaelsen / Kjetil Isaksen.
* Årets servicemann / langar: Halle Strømmen
* Årets trufaste slitar; Dag Christensen
* Årets "kjeda" / "Johnny": Jon Arild Hellebust
* Årets eldsjel: Rune Herheim og Olav Dugstad.

Renate og Olav: Eit perfekt vertskap!

Dag, Rune, Roger og Trude!

Jon Arild, Arnstein, Frode og Martin


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar