mandag 7. desember 2015

Søknadsfrist for støtte til 2016-sesongen

Søknadsfrist 31.12.2015, kl. 23:59:59
Vossevangen CK minner om at fristen for å søka om individuell støtte til satsing i 2016-sesongen er 31.12.2015. Send søknad til vossevangenck@gmail.com eller til leiar via messenger på Fjesboki. Skriv litt om kva ritt ein vil satsa mot, kva ambisjonsnivå ein har og kva beløp ein ser for seg, osv. Sjå meir detaljar her.




mandag 16. november 2015

Oppstart spinning 17.11.2015 kl. 19 hjå Fitness 1

Me dreg i gang inne-sesongen med spinning - kvar tysdag kl. 19 fram til jol. Fyrste gong 17.11. Etter jol vert det same dag, men truleg kl. 1945. Me oppmodar folk til å kjøpa halvårs- eller heilårskort hjå Fitness 1 Voss og få seg to økter med styrke gjennom vinteren. Sei at du er med i klubben for å få vår avtalepris. NB: klubben betalar spinning, så dei som trur styrketrening er tull kan stilla på spinning utan å betala ei krona!

tirsdag 10. november 2015

Vossevangen CK med treningsleir i Villajoyosa (Benidorm) i veke 11 2016.

Veke 11, 2016, er som kjent offisiell sesongoppkøyringstid for Vossevangen CK. Me har i år valt å leggja turen til det spanske fastlandet, i område rundt Benidorm/Costa Blanca.

Me tek base i den vesle byen Villajoyosa, på Allon Meditterania hotell. Her har me fengje

søndag 18. oktober 2015

Kjekt 10-årsjubileum og lagsmeisterskap

Laurdag 17.10 feira Vossevangen CK seg sjølv. Tiårsdagen til klubben skulle feirast! Ein slo på stortromma og inviterte til trerettars på Store Ringheim. God mat kombinert med talar, song og moro, gjorde kvelden særs vellukka. Før på dagen vart det mtb-leikar og lagsmeisterskap. For n-te

fredag 2. oktober 2015

Årsfest og klubbmeisterskap

Vossevangen CK sin årvisse klubbmeisterskap og årsfest vert 17. oktober. I år feirar klubben 10-årsdag og sler difor på stortromma: festmiddag på Store Ringheim der klubben betalar omlag heile gildet (ein knøtliten eigenandel på 200,- per snute). Festen byrjar 19:00. Påmelding på Facebook eller til Rune (rher@hib.no) innan 10. oktober!

fredag 18. september 2015

Klubbmeisterskap og årsfest vert 17. oktober

Hald av ettermiddag og kveld den 17. oktober! Då skipar Vossevangen CK til klubmeisterskap og årsfest. Klubbmeisterskapen vert i år for fyrste gong på terrengsykkel - i Bømoen. Aktivitetar for bodn i alle aldrar fyrst. Etterpå vert det klubbmeisterskap med to rundar i Continentalcupløypa. Raus premiering i mange kategoriar. Årsfesten etterpå kjem me attende til, men den vert ekstra bra i år sidan klubben feiar 10-årsjubileum!

lørdag 5. september 2015

Flott terrengsykkeldag i Bømoen!

I strålande vær sykla unge og vaksne terrengritt i Bømoen i dag. Dette var det femte og avsluttande rittet i årets Continentalcup. Dei yngste, 4-11 år, starta ballet med å sykla så mange rundar dei klarde på 12 minutt i ei fin og variert rundløypa. Etterpå var det dei eldre sin tur i ein noko lengre runde med mykje artig stisykling. Kjetil Isaksen vann klassen som sykla 7 rundar, 28 sekund før Rune Herheim. Tobias Nyborg imponerte med ein flott 3. plass. Roger Eide tok 5. plassen, Olav Dugstad 6. plass, Jan Eric Crook 11. plass og Geir Ove Byrkje 13. plass. I klassen for dei som sykla 4 rundar vann Ole Haveraaen før Tobias Ute (12 år!) og Trude Andersen. Thomas Wethe tok 6. plassen og

søndag 30. august 2015

Birken: Kjetil nr. 3 i M35

Vossevangen CK hadde 12 ryttarar i aksjon på årets Birkebeinar-arrangement. Den beste prestasjonen stod Kjetil Isaksen for med ein imponerande 3. plass i

torsdag 27. august 2015

Terrengritt i Bømoen 5. september

Laurdag 5. september skipar Vossevangen CK til terrengritt i Bømoen - for store og små! Her kan alle vera med - det er ein klasse for alle. Les meir på vår info-sida om rittet.

lørdag 22. august 2015

Nikolai nr. 11 i Markathriller'n

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, er reist ein tur til Trondheim for å ta ein master. Då høvde det godt å få med seg terrengrittet Markatriller'n i Granåsen. Etter ein god start, lurvete midtdel og sterk avslutting, enda Nikolai på ein meget godkjent 11. plass. Vossevangen CK sin vinter-triatlet, Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng, vann rittet. Les Nikolai sin rapport under, og sjå resultat på våre resultatsider.

tirsdag 18. august 2015

Fellestreningar utover hausten.

Frå ei tilfeldig fellestrening i Vossevangen CK
Ferien er forbi, og det er på tide å koma i haustform! Vossevangen CK satsar på å sykla som vanleg tysdagar og torsdagar kl. 18:00, med oppmøte på meieriet. Me tilpassar lengde og pådrag etter oppmøte og humør, men tysdagar er som alltid roleg! Sykkeltype er valfritt båe dagar, men torsdagar freistar me å ta ei terrengøkt. Vel møtt til alle!


søndag 16. august 2015

Vossevangen CK stilte med 11 stk. på V-G

Voss-Geilo 2015 vert hugsa som motvinds-rittet. Eidjord-Dyranut-Geilo er seigt nok i seg sjølv, men i år la ein solid motvind ein ekstra dimensjon til denne kraftprøven. Vossevangen CK hadde med 11 ryttarar. Bjarte Vethe tok 6. plassen med tida 5:23 og Rune Herheim vart nr. 14 med 5:31. Thierry Matthey, Frode Atterås og Jon Arild Hellebust kom seg òg under seks timar med 5:51, 5:54 og 5:59 høvesvis. Geir Ove Byrkje bomma på 7-timarsgrensa med tida 7:02, Jan Erik Crook fekk 7:27, Erlend Mestad 7:32 og Bengt Arvidsson 8 blank. Cato Vivlid Nilssen og Kjell Olav Tryti fekk begge 8:55. Sjå lenkja til resultat på våre resultatsider.

torsdag 13. august 2015

ContCup i Åsane: Rune nr. 2 og Roger nr. 3

I går sykla Rune Herheim og Roger Eide det tredje rittet i Continentalcup-en. Rittet gjekk rundt i skogen ved Kyrkjekrinsen skule i Åsane. Løypa var variert og utfordrande med både røter, gjørmeparti, opp og ned frå svaberg samt til og med ned ei tråpp - ei teknisk løypa som skilde godt. Kristian Ellertsen viste nok ei gong at slike løyper meistrar han ypparleg og vann med klar margarin. Rune sette ny rekord då han klara å halda fylgje med Ellertsen i over 200 meter og enda til slutt på ein fin-fin og klar 2. plass. Roger suste inn til ein like klar 3. plass i sitt andre ritt i continentalcupen. Sjå resultat på våre resultatsider, og les rittrapportar under.

søndag 9. august 2015

Vossevangen CK på NM maraton terreng

Laurdag 8. august gjekk årets NM maraton terreng av stabelen som ein del av Helteritt-arrangementet på Rjukan. Det var NM både for elite og masters. Vossevangen CK hadde med fire mann: Nikolai Hanevik og Kjetil Isaksen i eliteklassen, og Bjarte Vethe og Rune Herheim i mastersklassen. Ein kan trygt seia at det var ei svært hard løypa med 25 km i krevande terrengparti, 25 km asfalt, 55 km grus og heile 2500 høgdemeter der ein mellom anna skulle heilt opp på Hardangervidda. Nikolai enda til slutt på ein

Jon Arild nr. 23 på Klosterrittet

Jon Arild Hellebust tok ansvar og sytte for at Vossevangen CK markerte seg på Klosterrittet i helga. Klosterrittet er eit fint terrengritt på Totland/Bontveit utanfor Bergen med 60 km fordelt på fire rundar. Jon Arild enda til slutt på ein fin 23. plass trass i at det gjekk noko tyngre på slutten p ågrunn av drikkevanskar. Les Jon Arild sin rittrapport under, og sjå resulatliste på våre resultatsider.

mandag 3. august 2015

Kjetil nr. 22 på Criterium gateritt

Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, sykla laurdag det 4. rittet i Noregscupen på landeveg i Trøndelag og criterium gateritt sundag. Rittet laurdagen viste seg å verta den hardaste løypa i år med over 3000 høgdemeter. Då vart det ikkje eit ritt som passa for Kjetil, men det var mange sterke ryttarar som vart teke ut av rittet før Kjetil. Gaterittet sundag passar derimot Kjetil langt

lørdag 1. august 2015

Silje nr. 5 på Norseman!

Silje Hjorth Rafaelsen, Vossevangen CK, tok i dag ein fantastisk 5. plass i Norseman Xtreme Triathlon! Denne triathlon-tevlinga vert av mange rekna som den hardaste i verda: 3,8 km symjing i iskalde bylgjer i Hardangerfjorden, 180 km sykkel opp og over Hardangervidda, Dagalifjell og Imingfjell og til slutt 42 km maraton med målgang på toppen av Gaustadtoppen! Med totaltida 12:44:03 var det berre 4 kvinner som klarde å slå Silje, og faktisk berre 52 menn! Ein imponerande prestasjon. Sjå komplette resultat på våre resultatsider, og les Silje sin utruleg flotte race report under!

Cato representerte VCK i Grenserittet

Cato Vivelid Nilssen tok ansvar for at Vossevangen CK si drakt vart vist fram på årets Grenseritt. Grenserittet er eit svært populært terrengritt på 80 km frå Strømstad til Halden. Cato sykla inn til tida 3:50:03. Vann gjorde Wengelin frå Sverige på 2:26:51. Sjå resultatlister på våre resultatsider.

lørdag 25. juli 2015

Nikolai nr. 14 på Furusjøen rundt NC maraton

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, stilte i dag til start på det hardaste rittet i Noregskøpppen i maraton terrengsykling. Furusjøen rundt er så hardt på grunn av lengda på 73 km, dei lange og bratte motbakkane, dei friske og lange nedkøyringane og dei svært lange og til dels tekniske stipartia. Dette gjer at det vert svært mykje vant mellom båtane - rittet skil kraftig. Nikolai enda til slutt på ein solid 14. plass. Carl Fredrik Hagen vann suverent, 8 minutt før tidlegare Vossevangen CK syklist Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng. Les Nikolai sin rittrapport under, og sjå resultat på våre resultatsider.

lørdag 18. juli 2015

Nikolai med i front på Valdresrittet

Nikolai i spurten!
Vossevangen CK stilte med tre mann i eliteklassen på Valdresrittet 2015: Nikolai Hanevik, Bjarte Vethe og Rune Herheim. Rittet vart av det fuktige slaget grunna kraftig regn natta før. Eliten sykla 54 km med mykje flotte stiar (rett nok rimeleg gjørmete i dag). Nikolai synte særs positive takter og kom med i tetgruppa. Siste halvdelen låg han på 4.-5. plass og tok mange føringar. Litt dårleg spurt

mandag 13. juli 2015

Jørund nr. 14 i Master-NM fellesstart

Jørund Rong representerte Vossevangen CK sine fargar på fellesstarten i master-NM i helga. Det vart lagt opp til eit hardt ritt i Hallingdalen, der løypa hadde fleire lange og harde motbakkar og nokre friske nedkøyringar. Ikkje uventa hang Jørund med teten oppover, men laut gje luka til dei beste nedover. Likevel vart det eit sterkt resultat med 14. plass i klassen og berre 10 minutt bak vinnaren. Sjå resultat på våre resultatsider, og les Jørund sin rittrapport under.

søndag 5. juli 2015

Kjetil med siger i Jotunheimen Rundt!

Kjetil Isakssen (Vossevangen CK) leverte ein ny stor prestasjon i helga, då han vann Jotunheimen Rundt! Noreg hardaste turritt hadde i år 25-årsjubileum, og rittet var fullteikna i god tid før start. Startfeltet var sterkare enn på lenge og været var perfekt: Sol, fint temperatur og svak vind i ryggen! 430 kilometer og 4609 høgdemeter er uansett knallhardt :-) Vossevangen CK hadde i tillegg med Jon Arild Hellebust. Kjetil har sendt oss fylgjande rittrapport:
Kjetil leiar tetgruppa ned Sognefjellet. Hurrungane bak! Foto: Håvard Nesbø

mandag 29. juni 2015

Nils og Jørund med solid innsats under Master-NM Tempo på Åndalsnes.

Sundag gjekk Master-NM i tempo «av stabelen» på Åndalsnes. Vossevangen CK var til stades i Romsdalen med Kjetil som servicemann og med Nils og Jørund som syklistar. Løypa var heile 30 km lang, og so og seie heilt flat. Start og mål var i Åndalsnes sentrum. Nils som er ein veteran å rekne i NM-samanheng, syklar no i klassen 65-69 år, medan Jørund debuterte i NM-samanheng i klassen 40-44 år. 

lørdag 27. juni 2015

Roger vann Vossatri!

Roger Eide, Vossevangen CK, vann i dag triatlontevlinga Vossatri på suverent vis. Dette er ein del av ekstremsportveka, og Roger tok heim sigeren etter 200 meter symjing i utebassenget, ein 22 km lang terrengsykkeletappe om Raugstad og 5 km terrengløp i Prestegardsmoen til slutt.


Les den særs fyldige tevlingsrapporten frå Roger under, og sjå resultat på våre resultatsider.

Kjetil nr. 4 på Hedmarksvidda rundt


Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, fortset å imponera. Etter ein sterk 23. plass på NM gateritt i fredagskvelden tok han ein imponerande 4. plass på Hedmarksvidda rundt i dag. Hadde han ikkje trakka ut av pedalen i spurten hadde han truleg teke steget heilt opp på pallen i "debuten" på terrengritt på austlandet. Rittet hadde ein sterk eliteklasse, med mellom anna Terreng-noregsmeisteren Anders Fiskvik (2013), broren Erik Fiskvik og Joakim Vika. Løypa hadde mange terrengparti, der 26-tommaren til Kjetil fekk køyrt seg! Les Kjetil sin rittrapport under, og sjå resultat på våre resultatsider.

Vossevangen CK godt med på Hallingrittet

Nikolai Hanevik, Bjarte Vethe og Rune Herheim representerte i dag Vossevangen CK i Hallingrittet. I fantastisk vær hadde svært mange funne vegen til Golsfjellet, så farten vart høg og konkuransen hard. Nikolai tok ein solid 10. plass med tida 1:28:37, Bjarte ein 13. plass med 1:29:23 og Rune ein 17. plass med 1:31:01. Nikolai var med tetgruppa på 5 mann den fyrste halvtimen, men laut sleppa seg ned til gruppa med Bjarte og Rune. Bjarte tok 2. plassene i M45-49 og Rune 3. plassen i M35-39. Sjå resultat på våre resultatsider, og les rittrapportane under.

Kjetil nr. 23 på NM gateritt

Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, tok ein sterk 23. plass på NM gateritt fredag kveld. Gateritt er fartsfylt, teknisk og knallhardt køyr i ei rundløypa i ein by, og denne gongen var Gjøvik plassen det skjedde. Sjå resultat på våre resultatsider, sjå video under samt les Kjetil sin rittrapport:

lørdag 20. juni 2015

Bjarte og Team Atea nr. 2 på Trondheim-Oslo

Atea med redusert mannskap mot slutten
(Foto: Eirik granly)
Etter fleire år med noko rufsete vær fekk hardhausane som syklar 540 km frå Trondheim til Oslo fint vær. Bjarte Vethe, Vossevangen CK, syklar på Team Atea. Dei kjempe lenge om sigeren mot Rye Ekspressen, men etter nesten 14 timars tevling var Rye 3 minutt for raske. Sjå kvifor i Bjarte sin rapport under og sjå resultat på våre resultatsider.

Postvegrittet: knalldag for Vossevangen CK!

I strålande solsking og 20 grader låg alt til rette for eit særs vellukka Postvegritt i dag. Rittet finn stad i Dale i Sunnfjord og er 46 kilometer med sti, kjerreveg, grusveg og asfalt. Ein lengre del av rittet går langs Den Trondhjemske postvei. Tre gode stigningar og fleire friske nedkøyringar syter for at rittet skil godt. Kjetil Isaksen og Nikolai Hanevik starta hardkøyret omtrent frå start, og før halvegs var eit tomannsbrot eit faktum. I siste stigninga fem kilometer frå mål stakk Kjetil i frå og kom aleina i mål. Trass i ugunstig vind sette Kjetil ein solid ny løyperekord med tida 1:33:47. Nikolai viser at godformen er like rundt hjørna

søndag 14. juni 2015

Ny topplassering av Kjetil i NC!

Kjetil går "all inn" i spurten,
og leverer eit nytt kjemperitt!
Kjetil er i slag! I dag sundag 14.06, var det fellestart nr. tre i Noregscup'n. Etter eit kanonritt i går, fylgte Kjetil opp med nytt toppløp! I kamp mot dei beste laga i Noreg, imponerar han stort då han stiller som einsleg Vossevangar på dette nivået i år. I dag kom han inn som nr. 22 i det sterke feltet, på same tid som til dømes Fillip Eidsheim og Herman Dahl! Dette lovar bra for framhaldet! Me har fengje fylgjande skildring frå hovudpersonen sjølv:



Kjetil i Noregstoppen! Kanonkøyring under NC-helg på Eidsvoll

Kjetil Isaksen er i aksjon i helga, då det er tredje NC-runde, med Noregscuphelg på Eidsvoll. Laurdag var det rankingritt på 100 km, rundbane fire rundar. Store delar av Noregseliten stilte til start! Kjetil kjempa heilt i toppen og kom i mål på 13-plass på same tid som vinnaren! Dette er ein kjempeprestasjon av Kjetil som hevdar seg i toppen, trass i at han ikkje har eit lag rundt seg i løypa. Fillip Eidsheim frå Team Fixit.no tok sigeren, medan Garmin-proff Kristoffer Skjerping vart nr. 3!


Spurten går! Kjetil og Vossevangen CK er med!

mandag 8. juni 2015

Bjarte vann Mjøsa rundt med Atea

Bjarte Vethe, Vossevangen CK, sykla i går inn til bestetid på Mjøsa rundt saman med team Atea. Rittet er på heile 265 km gjennom variert terreng rund den største innsjøen i Noreg. Atea køyrde hardt og i tillegg hadde dei ein velt, slik at det var berre 8 mann som kom til mål i lag til slutt. Bjarte

søndag 7. juni 2015

Bergen-Voss i REGN-REGN-REGN

Kjell Olav alltid blid -
sjølv om me kom for seint til start!
Årets Bergen-Voss går inn i histora som tidenes fuktigaste. Kraftig regn frå start til Skjervet gjorde turen til ein blodslit for alle og ein kvar av dei 3000 deltakarane. Vossevangen CK hadde 21 påmelde, men fire av desse fekk aldri sykla på grunn av stengd E16. Det var svært sterk deltaking i den raskaste pulja i år, og Kjetil Isaksen tok ein solid 8. plass med tida 4:18:54. 19-åringen Bjørnar Vevatne Øverland (BCK) vann med tida 4:17:03. Han gjekk solo i Skjervet og heldt unna heilt til mål. Svært sterkt gjort og veldig lenge sidan nokon har vunnet Bergen-Voss i einsam majestet. May Lisbeth Flo imponerte i dameklassen med 26. plass på tida 5:41:59. Vossevangen CK

mandag 1. juni 2015

Bjarte og Atea vann Randsfjorden Rundt

Atea med Bjarte til høgre i vestlandsvær
Bjarte Vethe, Vossevangen CK, var med på Atea-laget som vann lagtevlinga på Randsfjorden rundt i går. Rittet er 148 km langt, og kilometrane vart ekstra lange på grunn av særs rufsete vær. Atea vann med over 4 minutt ned til Rye og Lillehammer. Sjå komplett resultatliste på våre resultatsider og reportasje frå rittet hjå landevei.no.

Eirik nr. 3 i M20-24 i Nordhordland rundt

Eirik Aastvedt, Vossevangen CK, sykla Nordhordland rundt i går. Han sykla inn til 3. plass i klassen for menn mellom 20 og 24 år på tida 2:37.51. Gunnar Eidsheim frå Fana IL vann rittet på tida 2:11:55. Sjå resultat på våre resultatsider.

mandag 25. mai 2015

Kjetil nr. 3 samanlagt i Fana 3-dagars!

Pallen på Fana 3-dagars, samanlagt!
Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, køyrde siste etappe av "Fana 3-dagars" i dag, nemleg Osterøy Rundt. Det vart køyrt 150 km i rundløype på 17-18 km. Kjetil kjempa hardt og klarde å sikra den viktige tredjeplassen i samandraget som han skaffa seg med siger i Lønningrittet og 9. og 10 plass på Rådalen rundt og Fanafjellet opp. Ein kjempeprestasjon av Kjetil - Me gratulerar han med pallplassen og gler oss alt til neste ritt han skal sykla! Me har fengje fylgjande spanande rittrapport frå hovudpersonen sjølv:

søndag 24. mai 2015

Kjetil med 9. og 10. plass i Fana 3-dagars i dag

Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, held fram med sterke resultat. Etter siger i fyrste ritt i går tok han 9. plass i Rådalen rundt i dag. Det var det 2. rittet i Fana 3-dagars. I kveld gjekk Fanafjellet opp som det 3. rittet, og der tok Kjetil ein solid 10. plass - det er som kjend ikkje i motbakkar han har sin spisskompetanse.

Seksvassrunden i regn og 2 grader

I dag gjekk Seksvassrunden av stabelen. Sjeldan har det vore så dårleg vær, men Vossevangen CK sine menn kjempa seg gjennom. Ingen kunne gjera noko med den utflytta vossingen Heine Nysæther. Han viste superkrefter og sykla solo omtrent heile rittet. I gruppa bak hadde me med Sindre Hirth, Jørund Rong og Rune Herheim. Denne gruppa vart mindre og mindre, og i Skjelvikje måtte også Sindre sleppa.

lørdag 23. mai 2015

Isaksen vann fyrste ritt i Fana tredagars!

Kjetil tok sigeren! Me gratulerar!!
I Pinsen går det tradisjonelle Fana 2-dagars, som i år er Fana 3-dagars, med fire aktive ritt på tre dagar. Fyrst ut var rundbanerittet "Lønningrittet" som gjekk i dag, laurdag 23.05.

Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, tok like godt sigeren! Dette er eit sterkt resultat, og fin oppreising for Kjetil som har hatt ein del uflaks og tekniske uhell i det siste! Me gratulerar og bukkar i hatten! Me har fengje inn fylgjande rapport frå storsyklisten sjølv:

fredag 15. mai 2015

Kjetil viste god form på Noregscupritt nr. 2

Det andre rittet i årets Noregskøpp på landevegen var Gylne Gutuer. Dette er eit spesielt ritt med mange grusparti og utan for mange høgdemeter. Eit teknisk ritt utan monsterbakkar skulle passa Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, svært godt, og det gjorde det. Han var lett med i det vesle hovedfeltet som var att ut på siste runden, og som ein av dei beste spurtarane att i gruppa såg ting

torsdag 14. mai 2015

Sindre Hirth nr. 2 i Hardhausen

I strålande solskin sleit mange sprekingar seg opp Stalheimskleiva i dag. Nokon syns det vart for lite å berre springa opp - dei deltok i "Hardhausen": sykkelritt kl. 15, rulleskirenn kl. 1530 og hovudløpet kl. 16. Vossevangen CK sin bestemann i Hardhausen vart Sindre Hirth med ein sterk andreplass, bak råskinnet Hans Inge Klette. Sindre sykla svært godt og tok andreplass i

Kjetil nr. 10 i Hamar Kriterium!

Endeleg fekk Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, vist kva som bur i han. I går klemde han til med ein sterk 10. plass i Hamar Kriterium. Les Kjetil sin rittrapport under og sjå resultat på våre resultatsider.

mandag 11. mai 2015

Kjetil med sterk debut i Ringerike Grand Prix

Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, sykla for fyrste gong ritt på UCI 1,2-nivå då han fekk stilla på Ringerike Grand Prix i går. Dei sterkaste norske landevegsryttarane

mandag 4. mai 2015

Enorm tid av Rong på Sætre-tempoen

Ny VCK-tempodrakt! Sparar sekundar om ikkje minutt!
Jørund Rong leika med klubbkameratane sine i dag. Han vår så mykje raskare enn nest beste at han vart mistenkt for å køyra med motor i kranken. I tradisjonelt Sætre-tempovær, fem grader, kraftig regn og vind, suste Rongen inn til 13:57! Vinnaren dei siste åra, Nikolai Hanevik, vart forvist til 2. plass med tida 15:19. Rune Herheim tok siste

søndag 3. mai 2015

Kjetil med ein del stong ut i sesongstarten

Kjetil Isaksen, Vossevangen CK sin einaste ryttar som syklar Noregscup-nivå landeveg i år, har hatt ein del utur i sesongstarten sin. I sesongopninga i Rådalen rundt tok han rett nok ein sterk 3. plass, men deretter har han hatt tre helger med stong ut. Les Kjetil sin eigen versjon under:

Styr og ståk, 3 x DNF på 3 uker …
Etter en godkjent 3. plass i Rådalen rundt,

lørdag 2. mai 2015

Vossevangen CK med storeslem på Håhaugrittet

I framifrå vårvær sykla fire spreke Vossevangen CK-syklistar dagens Håhaugritt. Håhaugrittet er eit terrengritt med uvanleg bratte og lange motbakkar gjennom frukthagar i majestiske Hardanger. Start og mål er ved Hauso skule, og med 800 høgdemeter fordelt på (berre) 23 km bør ein ha lette gir. Nikolai Hanevik tok ein suveren

fredag 1. mai 2015

Bjarte Vethe og ATEA nr. 2 i Enebakk rundt

Bjarte Vethe, Vossevangen CK, sykla i dag Enebakk rundt med ATEA. Enebakk rundt er eit intenst ritt på 80 km med lagkonkurranse. Trass i låge temperaturar vart det sykla svært fort, og Bjarte var med blandt dei som heldt heilt inn for Atea. Sjå resultat på våre resultatsider.

Os rundt: May Lisbeth Flo på 8. plass


I strålande vær gjekk den 36. utgåva av Os rundt av stabelen i dag. Vossevangen CK hadde tre pax på startlista, men då Jørung Rong vart ein DNS og Magnus Hanevik vart ein DNF, laut May Lisbeth Flo ta ansvar for å representera klubben med teljande resultat. Magnus fekk tekniske vanskar tidleg, sjå bilete under, og laut kasta inn handduken på toppen av Fanafjellet.

May Lisbeth derimot klarde seg riktig bra. Både utstyr og ryttar heldt heilt til mål, og May kom inn som 8. beste dame. Sjå resultat på våre resultatsider.

torsdag 30. april 2015

Continentalcupen er i gang!

I går var fyrste rittet i årets Continentalcup. Rittet var ei artig og teknisk rundløypa oppe på Krohnegården/Melkeplassen utanfor Bergen. Vossevangen CK hadde tre mann på startlista, men sidan Nikolai Hanevik framleis slit med sjukdom laut Rune Herheim og Magnus Hanevik forsvara klubben si æra. Rune nytta høve til å ta andreplassen bak suverene Ellertsen frå Fana SK når 2-3 av dei sterkaste ryttarane ikkje kom til start. Magnus «debuterte» i denne type ritt og fekk seg ei skikkeleg god hardøkt. Sjå resultat på våre resultatsider, og les Rune sin

tirsdag 28. april 2015

Skivebrems på landevegssyklar - regelendring

I høve at UCI no skal byrje med utprøving av skivebremsar på landevegssyklar, har NCF kome med nokre presiseringar. Fyrst kom denne:

søndag 26. april 2015

Sætre-tempo 4. mai

Vossevangen CK sin sagnomsuste Sætre-tempo går av stabelen 4. mai. Oppmøte 18:00 ved Meieriet for felles oppvarming. Spre den glade bodskapen!

søndag 19. april 2015

Straumemilen 2015 - Rong med tempodebut!

Det tradisjonelle temporittet "Straumemilen" vart avvikla i dag, sundag 19.04, og Vossevangen CK hadde sendt leiaren til Bergen for å debutera som temporyttar. Været var fint og alt gjekk vel. Me har motteke fylgjande rapport frå Jørund:

lørdag 18. april 2015

Sund fellesstart

I dag hadde Vossevangen CK tre mann med i Sund fellestart. Kjetil Isaksen sykla i eliteklassen, medan Roger Eide og Rune Herheim deltok i masterklassen. Traseen var ein flott runde på Sotra på 24 km, der eliten sykla fem rundar og master sykla fire. Kjetil var diverre uheldig og fekk ei eika som rauk på bakhjulet. Dermed vart det ein DNF på han i dag, men Kjetil rapporterer om stigande form. Han kjem sterkt attende ved neste krossveg. Rune sat med inn med vinnargruppa i master. Roger hamna for langt bak då feltet delte seg på andrerunden. Då rauk strikken og det vart tungt å sykla i motvinden i ein liten trio. Alle tre rapporterer om ein

mandag 13. april 2015

Tor Halvor verdsmeister i vinter-triatlon!

Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng, Vossevangen CK, vart denne helga verdsmeister i vintertriatlon! Ein framifrå prestasjon. Tittelen på tevlinga var Royal Winter Triathlon. Den vart avvikla på Skeikampen og samla den ypparste verdseliten til dyst i herreklassen. Det enda med siger til Tor Halvor og Vossevangen CK. Dei var fyrst 20 km springing, deretter 30 km sykling og til slutt 30 km langrenn. Deltakarar frå det norske, russiske, italienske og tsjekkiske landslaget kjempa om gjeve pengepremiar i ultradistansen over 80 km.

søndag 12. april 2015

Kjetil nr. 3 på Rådalen rundt

Kjetil Isaksen vart i dag nr. 3 på sesongopninga i landevegssykling i Bergen/Fana. Rittet Rådalen rundt samlar mange av dei sterkaste ryttarane i krinsen. Eliteklassen sykla 10 runder på 6 km, og i mål var det berre Sandal frå Team Fixit og Madsen frå Bergen CK som klarde å kryssa mållina før Kjetil - med andre ord ein svært lovande start. Sjå resultatliste på våre resultatsider og les Kjetil sin rittrapport under + ein videosnutt av inspurten!

mandag 2. februar 2015

Årsmøte, tinging av klede og ymse anna


Det vert årsmøte i Vossevangen CK vert sundag 22.02.2015 kl. 19:00 hjå Fitness1 i Vangsgata, 2.etg. Saker til handsaming lyt vera komne til styret innan 13.02.2015. Send til: Vossevangenck@gmail.com
 
Tinging av klede: Me opnar nettbutikken og tek imot tingingar fram til måndag 23.02.2015. Klubben støttar som i fjor opp med 40 % rabatt på oridinære prisar. Sjå meir detaljar under.
 
Fellestur til Mallorca; Minner om klubben sin

tirsdag 20. januar 2015

Lisens 2015

I midten av november opna kjøp av lisens 2015. Prosessen går som den gjorde i