torsdag 30. april 2015

Continentalcupen er i gang!

I går var fyrste rittet i årets Continentalcup. Rittet var ei artig og teknisk rundløypa oppe på Krohnegården/Melkeplassen utanfor Bergen. Vossevangen CK hadde tre mann på startlista, men sidan Nikolai Hanevik framleis slit med sjukdom laut Rune Herheim og Magnus Hanevik forsvara klubben si æra. Rune nytta høve til å ta andreplassen bak suverene Ellertsen frå Fana SK når 2-3 av dei sterkaste ryttarane ikkje kom til start. Magnus «debuterte» i denne type ritt og fekk seg ei skikkeleg god hardøkt. Sjå resultat på våre resultatsider, og les Rune sin

tirsdag 28. april 2015

Skivebrems på landevegssyklar - regelendring

I høve at UCI no skal byrje med utprøving av skivebremsar på landevegssyklar, har NCF kome med nokre presiseringar. Fyrst kom denne:

søndag 26. april 2015

Sætre-tempo 4. mai

Vossevangen CK sin sagnomsuste Sætre-tempo går av stabelen 4. mai. Oppmøte 18:00 ved Meieriet for felles oppvarming. Spre den glade bodskapen!

søndag 19. april 2015

Straumemilen 2015 - Rong med tempodebut!

Det tradisjonelle temporittet "Straumemilen" vart avvikla i dag, sundag 19.04, og Vossevangen CK hadde sendt leiaren til Bergen for å debutera som temporyttar. Været var fint og alt gjekk vel. Me har motteke fylgjande rapport frå Jørund:

lørdag 18. april 2015

Sund fellesstart

I dag hadde Vossevangen CK tre mann med i Sund fellestart. Kjetil Isaksen sykla i eliteklassen, medan Roger Eide og Rune Herheim deltok i masterklassen. Traseen var ein flott runde på Sotra på 24 km, der eliten sykla fem rundar og master sykla fire. Kjetil var diverre uheldig og fekk ei eika som rauk på bakhjulet. Dermed vart det ein DNF på han i dag, men Kjetil rapporterer om stigande form. Han kjem sterkt attende ved neste krossveg. Rune sat med inn med vinnargruppa i master. Roger hamna for langt bak då feltet delte seg på andrerunden. Då rauk strikken og det vart tungt å sykla i motvinden i ein liten trio. Alle tre rapporterer om ein

mandag 13. april 2015

Tor Halvor verdsmeister i vinter-triatlon!

Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng, Vossevangen CK, vart denne helga verdsmeister i vintertriatlon! Ein framifrå prestasjon. Tittelen på tevlinga var Royal Winter Triathlon. Den vart avvikla på Skeikampen og samla den ypparste verdseliten til dyst i herreklassen. Det enda med siger til Tor Halvor og Vossevangen CK. Dei var fyrst 20 km springing, deretter 30 km sykling og til slutt 30 km langrenn. Deltakarar frå det norske, russiske, italienske og tsjekkiske landslaget kjempa om gjeve pengepremiar i ultradistansen over 80 km.

søndag 12. april 2015

Kjetil nr. 3 på Rådalen rundt

Kjetil Isaksen vart i dag nr. 3 på sesongopninga i landevegssykling i Bergen/Fana. Rittet Rådalen rundt samlar mange av dei sterkaste ryttarane i krinsen. Eliteklassen sykla 10 runder på 6 km, og i mål var det berre Sandal frå Team Fixit og Madsen frå Bergen CK som klarde å kryssa mållina før Kjetil - med andre ord ein svært lovande start. Sjå resultatliste på våre resultatsider og les Kjetil sin rittrapport under + ein videosnutt av inspurten!