mandag 4. mai 2015

Enorm tid av Rong på Sætre-tempoen

Ny VCK-tempodrakt! Sparar sekundar om ikkje minutt!
Jørund Rong leika med klubbkameratane sine i dag. Han vår så mykje raskare enn nest beste at han vart mistenkt for å køyra med motor i kranken. I tradisjonelt Sætre-tempovær, fem grader, kraftig regn og vind, suste Rongen inn til 13:57! Vinnaren dei siste åra, Nikolai Hanevik, vart forvist til 2. plass med tida 15:19. Rune Herheim tok siste pallplassen med tida 15:35. Rong siglar no opp som ein arvtakar til Nils Een i NM-master tempo. Det er berre å gle seg. Magnus Hanevik tok 4. plassen med  15.41, Roger Eide vart nr. 5 med tida 15.45, Martin Hindenes klokka inn på 16.14 og Eirik Aastveit på 16.35. Med andre ord, mange jamne ryttar og sterke tider i særs ugunstige værtilhøve. Men ein mann skilde seg ut: Rongen e kongen!

Rong seier i ein kommentar: "Eg har investsert tungt i tempoutstyr før denne sesongen, og det var kjekt eg fekk til ei bra tid. Tempo er moro, og eg vonar på fleire temporitt i år. Det er klart ein ikkje kan samanlikna tidene, når eg har spesialutstyr medan dei andre køyre vanlege landevegsoppsett, rett skal vera rett", avsluttar Rong.

Me takkar Halle for super kosting av løypa(!), Anton og Dag for tidtaking, Egil for at han freista å ta tid ved vending.

Det var vått og kaldt som vanleg - slik det skal vera på Setretempoen!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar