søndag 24. mai 2015

Seksvassrunden i regn og 2 grader

I dag gjekk Seksvassrunden av stabelen. Sjeldan har det vore så dårleg vær, men Vossevangen CK sine menn kjempa seg gjennom. Ingen kunne gjera noko med den utflytta vossingen Heine Nysæther. Han viste superkrefter og sykla solo omtrent heile rittet. I gruppa bak hadde me med Sindre Hirth, Jørund Rong og Rune Herheim. Denne gruppa vart mindre og mindre, og i Skjelvikje måtte også Sindre sleppa.
Jørund og Rune vart då sitjande i ei firemannsgruppa til mål og delt 3. plass. Samund Nordang tok ein frekkis og sette inn ein ekstra lang sluttspurt og tok andreplassen. Roger Eide klokka inn på 2:35, Eirik Aastvedt på 2:37, Sindre Hirth på 2:38, Nils Asbjørn Lie på 2:38, Kjell Olav Tryti på 3:13 medan Jan Erik Crook vart ein DNF i dag. Sjå komplett resultatlsite på våre resultatsider.


Rune sin rittrapport:
Eg stod og lurte på om eg skulle ta på meg jakka, men let ho vera att i garderoben. Dagens fyrste feil. Starten gjekk og Voss SK hadde stilt seg opp i prosesjon bak masterbilen. Aldri før har ein masterbil køyrd so lenge og so roleg. Regnet spruta, tempen var to grader og eg fraus. Heine Nysæther, utflytt vossing og NC-ryttar, var lei luffinga og klemde til omtrent rett etter at masterbilen endeleg forsvann. Eg lo godt inni meg og tenkte at det der går aldri. Dagens andre feilvurdering. Me nærma oss Bulken og feltet var vorte veldig lite trass i låg fart. Etter Bulken var me ca. 8 mann i ei rulla, inkludert Jørund, Sindre og eg. Snittfarten gjekk diverre ikkje særleg opp, og då me kom attende til Vangen hadde Nysæther fått 2,5 minutt! Tjukkabygde gjekk seint, så seint at Eirik Spurkeland frå Astrik stakk. He-he, han køyrer me inn att lenge før Tvinne tenkte eg. Dagens tredje feilvurdering. Samund Nordag klinka til nedatt frå Kyte og tok att Spurkeland. Kriza, tenkte eg. No for dei to med mest køyrestyrke og eg hadde ikkje fylgd med. Lukkelegvis ville ikkje Spurkeland ha med seg Nordang, så då tok me han att i Skjelvikje. På det tidspunktet var me berre tre stk. att i gruppa, Jørund, eg og ein frå Åsane CK, sidan mellom anna Sindre hadde måtta slept. So gjekk no turen vidare til Haugsvik og me tok innpå Spurkeland. Det gjekk lett opp til Haugsvik for min del, men det snudde brått då me skulle ned att. Me tok att Spurkeland i Vinjadalen og vart ei gruppa på fem stk. bak suverene Nysæther som berre auka jamt og trur heile vegen. Eg begynte å frysa noko so hinsides at eg knapt klarde å trø nedatt. Nordang stakk ei eller annan gong ned att mot Vangen og tok andreplasssen. Eg hadde meir enn nok med å halda i styret – giring kunne eg berre gløyma. Kom i mål til 3. plass saman med Rong, Spurkeland og Humblen. Det vart mitt kaldaste sykkelritt nokon gong.

Jørund sin rittrapport;
Vakna med hovudverk og hadde lyst å berre verta liggjande i senga i dag. Men då været var som det var, lagde eg meg til og reiste på ritt! Nokre grader pluss og pissregn lova godt. Eg kledde meg særs godt, både regnsbukse og regnsjakka! Eg har aldri sykla ritt i slik mondur før. Masterbil-køyraren lyt ta seg eit kurs, for det gjekk so seint frå Skulestadmo til Svartenakken at frosten sette seg i kroppen. Då masterbilen stakk, stakk Heine Nysæther etter. Eg såg at Vita Henie (Team Hitec Products, og fjorårsvinnar i Noregscup senior kvinner) støytte seg opp til han, og dei fekk fort eit par hundre meter, men eg hadde ingen tru på at det skulle halda lenge! Me vart etterkvart ein gjeng, men Nysæther såg me aldri att! Eg hadde blytunge bein i dag, og var glad det gjekk relativt roleg - Etter me kom nedatt på E16 vart me etterkvart ein gjeng som køyrde i lag. Rune var positiv og freista å få oss til å køyra på, slik at me skulle tetta dei lukene som Spurkeland og Norang hadde fengje. Me henta dei inn båe to, men Norang gjekk kontra og fekk ei luka som han heldt inn. Me andre kom inn på delt tredjeplass. Etterpå var det rett i badekaret, so i seng. Ein tøff dag. Vonar på betre bein, lettare kropp og finare vær ved neste høve!!

Nils Asbjørn har sendt oss fylgjande rapport;
"Kortversjon: nokon talde ned frå 10, det neste eg hugsar er at eg står i gymsalen på Skulestad skule og hakkar tenner i lag med Herheimen!

Den meir utfyllande rapporten: Tek sjansen og stiller opp med eit noko variert treningsgrunnlag. Ein kan lura på motivasjon, i og med at eg er etterpåmeldt på start og har sett og forstått kva som er i vente av regn og kulde. MEN eg tek ikkje lettkledd varianten, har aldri hatt så mykje kle på meg i eit sykkelritt som i dag. Ull, sykkeltrøye og vest! Det gjorde susen. Fraus faktisk ikkje på kroppen. Har som vanleg til mål å klara å henge med "pulje 2" opp Tjukkebyda for så å ha sjansen til å vera med heilt inn. Det går roleg i starten, registrerer at dei "blå lyna" stikk avgårde så snart startbilen fann 2. giret. Ingen intensjon om å henga med der, så eg legg meg fint til rette litt bak i feltet. Får ein fin tur rundt Vangsvatnet, melder meg etterkvart på rulla i "pulje 2" som tel ca. 15 mann. Får då beskjed av sjefen (les Røen) at ja her må alle vera med å bidra! Farten er ikkje verre enn at eg får i meg både drikke og næring opp til Fjose. Klarar å smile til fotografane (kor f... er bileta henne?) i det me passerer! Veit ikkje kva som har skjedd, men girhendelen min henger seg opp, og det er kun store klinga som fungerer frå Nedre Kyte. Då slår dei mørke tankane inn, skal dette verta dagen då beina fungerer og teknikken sviktar? Heldigvis er ikkje farten større enn at eg kan opp å stå og sitja å trø tunge gir (no veit eg korleis Horveien kjem seg rundt 6-vatn). Respekt!
Vinjadalen har for meg alltid vore eit mareritt. Men denne gongen klarar eg å henge med, og i det me ser Framnes forstår eg at no kjem eg inn i lag med gruppa! Det var forsåvidt før eg forstod at korte hanskar i 2 grader, regn og vind var tilnærma latterlig. Men eg trur fleire fekk problem med kulda rundt Oppheimsvatnet, og det resulterer i at eg har god kontroll trass i følelseslause fingrar. Turen frå Oppheim og til mål ber preg av dårlege forhold, med den køyrestyrken som var i gruppa burde me ha feia inn på rekordtid frå Oppheim og ned. Men denne dagen trur eg det var best å koma trygt i mål utan uhell.
Alt i alt ein veldig god tur for min del, sjølv om tida ikkje er noko å skryta av. At sykkelen sviktar litt kan eg tilgi no i etterkant då eg er trygt i mål.  


Neste år, då skal eg......"

Takk til støtteapparat, Halle, Egil, Dag og Nils og mogleg fleire! Alle bileter er av Vossevangen CK si fotogruppa/Egil Lidsheim!


Jan Erik var attende, og stillte med feltets tøffaste hanskar!

Eirik med Venge'n sin! Klar til dyst

Ein gamal kjenning - i dag utan sykkel! Nils var på plass,

Seksvass-sjefen sjølv, med Voss SK-spesialiteten Camelbak(!?)

Leiaren prøvde å halda humøret oppe, før start

Rune var optimist, og kasta jakka før start....tabbe

Kjell Olav og Jan Erik klar til start! Nye skotrekk på Tryti?

Nils Asbjørn dukka opp! 

Heine Nysæther gjekk solo og hadde power i beina - Imponerande

Liland; Rune, Vita Henie, Roger, Samund Norang og nokre til

Tjukkabygde: Rune, Vita Henie og Jørund

Sindre Hirth sat fint med lenge, men fekk det litt oppover mot Stondè

K kk kk aaa llll ddd....

Roger i mål! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar