lørdag 27. juni 2015

Roger vann Vossatri!

Roger Eide, Vossevangen CK, vann i dag triatlontevlinga Vossatri på suverent vis. Dette er ein del av ekstremsportveka, og Roger tok heim sigeren etter 200 meter symjing i utebassenget, ein 22 km lang terrengsykkeletappe om Raugstad og 5 km terrengløp i Prestegardsmoen til slutt.


Les den særs fyldige tevlingsrapporten frå Roger under, og sjå resultat på våre resultatsider.



Race report VossaTri 2015

VossaTri 2015 under Ekstremsportveko gjekk føre seg under særdeles gode vær forhold. Og formen har eg prøvd og prikka inn så godt eg kan. Grunna masse smeltevatn i Vangsen holdt den kun 6,8 grader. Dette gjorde til at svømme etappen vart flytta til utebassenget og korta ned fra 400m til 200m. Nåke som passa perfekt for meg, grunna fraspark på kvar vending og manglande svømmetrening sio august 2014… Me måtte og springa 500m fra utebassenget og bort til plenen nedafor Fleischer’s Hotel for å starta sykkel etappen.

Svøm: Me vart delt inn i heat og eg starta i heat nr.5 Kom godt i gang og ga alt, men ved første vending kjørte eg på med et skikkelig fraspark så eine brilleglasset fylte seg med vatten. Begynte å kjenna på syra etter passert 100m, men kara meg på land som andre mann i mitt heat. På med joggesko og satte kursen for sykkelen. Og vips var eg først i mitt heat. Adrenalinet koka og eg spring meg stiv. Svømme etappen+løp til Fleischer enda eg på tredje plass på tida 07.34 (beste tid 7.21)    

T1: Før start hadde eg satt sykkelen fint på plass i rett gir med sykkelsko og hjelm ved sia. Eg kløna litt med skifte, men det går greitt. Tid: 19sek. beste tid og opp i leiing.

Sykkel: Tok ut i litt for stort tempo, men stabiliserte seg når stigninga til Raugstad begynte. Allereie ved folkehøgskulen tok eg igjen første mann frå heat nr.4 Klarte å pressa rett over terskel. Og nye ryttarar dukka opp i horisonten. Oppe på Raugstad skulle det syklast ein runde i langrennsløypa ned kongevegen og opp igjen langrennsløypa før det bar utfor ned mot Gjerme i Dyrvedalen. Klarte å kjøra bra teknisk og taktisk(sprang med sykkelen over myrane som var meget våte) i dette partiet. Ned mot Dyrvedalen hadde eg ikkje sykla før og her var det meeeeget bratt og teknisk(strava seier 40% helling i skogen), men turde å satsa. Ut på asfalten og 8min klattring til toppen på Dyrvedalen og ned til Bulken skule. I fjor blei eg frå kjørt av ei dama i nedkjøringa, men i år blei da trødd på. På gamle vegen Inn mot T2 klarte eg å holda trykke oppe. Hadde plukka 15-16 mann på sykkel delen, men hadde ingen kontroll på om det var andre som hadde sykla fort i heata framom meg. klarte å kjøre med lette gir siste 2min. men var litt usikker på korleis eg hadde lagt/kasta joggeskoene fra meg i T1. Tid: 1t 16min (slo andremann med ca.10min)  

T2: klarte ikkje å plassera sykkelen skikkelig og blei ståande å holda den oppreist mens eg skifta sko. Fekk den på plass og ut på Tid: 25sek. (sjette beste tid) 

Løp: Beina føltes veldig stiv og tung, men fekk ned steg lengden og opp med frekvens og dermed var eg i gang. Løypa var 5km og lagt til terrenget Prestegardsmoen(kort fortalt: kulturhuset, prestegardslandet, idrettsbanen, gymnaset, innom skog og myr ut mot grannane, 2x10m løp i vatten til kne høyde, utedoen, 300m sandstrand, kulturrrhuset, mål) . Utover prestegardslandet var det tett med folk som var opptatt med heilt andre ting enn å sjå etter springande triatleter. LØYPE!!!!! og dei spratt unna smile emoticon bakken opp til gymnaset sugde vanvittig med krefter. Fekk bra med fart i beina gjennom skog og myr utover mot grannane. Innover sanden var det til å leita etter best mulig underlag. Og siste kreftene blei tømt mot mål utan den heilt store finale sprinten. Tid: 20:10 (slo andremann med 1 min)

Grunna dårlig speaker blei eg ikkje kåra til vinnar før eg var komt heim. Så det blei ikkje den store seiersrusen dessverre. Men stor fornøyd med egen innsats. Klarte å pressa meg på grensa frå start til mål på totaltid 1.44.13 (13.55 foran andremann).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar