lørdag 18. juli 2015

Nikolai med i front på Valdresrittet

Nikolai i spurten!
Vossevangen CK stilte med tre mann i eliteklassen på Valdresrittet 2015: Nikolai Hanevik, Bjarte Vethe og Rune Herheim. Rittet vart av det fuktige slaget grunna kraftig regn natta før. Eliten sykla 54 km med mykje flotte stiar (rett nok rimeleg gjørmete i dag). Nikolai synte særs positive takter og kom med i tetgruppa. Siste halvdelen låg han på 4.-5. plass og tok mange føringar. Litt dårleg spurt og sporval gjorde at 4. plassen vart til 6. plass. Plasseringa og kort tidsavstand til pallen viser at Nikolai er på gang att etter mykje sjukdom. Rune sykla òg godt og låg bra an halvvegs. Vart so litt sleten, men kom seg att siste halvdelen og kom inn på ein 16. plass. Bjarte hadde ikkje dagen med både forkjøling og punktering, og tok rittet som ei gjennomkøyring for seinare ritt. Sjå fleire bilete og rittrapportar under, samt resultat på våre resultatsider.


Nikolai
Vossevangen CK avd. Vaksdal var i dag med på Valdresrittet, eit artig terrengritt med start og mål ved Vaset i Valdres. På veg bort bøtta det ned med regn, så me var spente på forholda i løypa. Heldigvis slutta regnværet før start og sola titta fram, noko som medførte «kort-kort» bekledning. Rune og Bjarte stilte også til start. Fyrste del av løypa gjekk på grus, og med eit meget rolegt opningstempo holdt hovudfeltet på ca 30mann seg samla til fyrste skikkelege stigning. Her blei det sett eit jamt, hardt tempo mot toppen. På toppen gjekk det rett inn i eit lengre stiparti, som var veldig vått. Etter stipartiet var me 10 mann samla i tet, og me samarbeida greitt for å holda tempoet oppe på flatane. I den lengste grusbakken etter litt over halvvegs køyrt ritt, støyta 4mann ifrå. Eg holdt litt igjen og køyrte i eige tempo, med Hallingrittet frisk i minne der eg gjekk på ein voldsom smell etter for hardt køyr i motbakkane. Hadde litt å spa på med over bakketoppen og inn i dagens lengste stiparti med fine «singeltracks». Blei liggande åleine som nr 5, dei 4 i tet klarte eg aldri å ta igjen. Etter kvart kom det opp 3 ryttara til, og me køyrte ilag nesten heilt til mål. Kroppen kjentes bra ut, og eg var den mest aktive i kvartetten som jakta ryttarane i front. 4 km før mål gjekk eg i «solobrot» og fekk ei luke på dei 3 andre. Dei siste kilometrane inn til mål var på grus/vått gras, og hadde eit håp om å kapre 5 plassen. Men då det gjennstod eit par hundre meter tok ein ryttar meg igjen, og etter å ha totalt feilberegna siste sving inne på stadion, trilla eg imål som nr 7. Dette viste seg til å bli ein 6.plass, då ein ryttar i tet hadde brutt. Egentlig godt fornøgd med dagen, berre 30sek opp til 3plass. Etter ein lang og tung vinter/vår med mykje sjukdom, er endelig formen på anmarsj. Ser fram til Furusjøen rundt neste helg, som blir eit knallhardt ritt.

Rune:
Valdresrittet 2015 vart fuktige saker. Rett nok var det fint vær under rittet, men sprutregn natta før sette sine spor. Veldig mykje sti med gjørmeinnsjøar og fuktig sugegrus gjorde tevlinga til ein manndomsprøve som skilde godt. Eg kjende meg pigg fyrste timen, og var ikkje langt bak tetgruppa med Nikolai og ca. 10 andre på toppen av fyrste stigninga og inn i fyrste lange terrengparti. Sat greitt i ei seksmannsgruppe på stipartiet, men så kålta han framfor meg då ei av dei mange gjørmeinnsjøane var langt djupare enn både han og eg såg for oss. Då vart det litt jaging, men me kom oss opp att slik at me var seks i lag på det lengste grusstrekket. Etter ein time kom lengste motbakken, og då vart eg litt slakk. Slapp eit halvt minutt, og sykla siste timen åleine. Hamna i eit vakuum med lang avstand bakover, men såg etter kvart att dei eg hadde sleppt. Tok innpå på slutten og klarde å passera ein av dei før mål. Alt i alt er eg nøgd med berre 8 minutt opp til vinnar og ein 16. plass i eliteklassen.

Bjarte:
Tung dag på jobb. Følte meg egentlig frisk i veko til å starte på Valdresrittet, men kroppen var blytung frå fyrste tråkk. Så tanken på å bryte var faretruande stor, men viljen ville noko anna. Tenkte sidan dei ikkje store kanonane på terreng ikkje stilte at farten ville vere overkommelig, men merka fort at dette ikkje var min dag. Valgte derfor å ta det som ei gjennomkjøring. Etter ca. halvkjørt fekk eg fyrste punktering og bytta slange, bak. Då datt moralen endå meir, men fortsatte vidare og når det gjensto ca. 5 km fekk eg endå ein punktering, tenkte då å kjøre på felgen inn då eg trudde det berre var grusveg som i fjor inn til mål, men det viste seg å vere terrengparti og måtte då stoppe. Prøvde med guffe, holdt ei lita stund, stoppa igjen og fylte på ei guffe til og venta til den hadde størkna og trilla deretter til mål. Når kroppen ikkje fungerar og ein har teknisk uhell så raser tida, men eg fullførte. Var heilt tett i brystet når eg kom til mål, så skulle vel ha brutt løpet og tatt det med ro.  


Vossevangen CK sin trio i mål etter fin-fin innsats!

Roleg fart i starten i fylgje Nikolai sin rittrapport!

Rune mot mål etter eit flott resultat!

Bjarte mot mål!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar