lørdag 25. juli 2015

Nikolai nr. 14 på Furusjøen rundt NC maraton

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, stilte i dag til start på det hardaste rittet i Noregskøpppen i maraton terrengsykling. Furusjøen rundt er så hardt på grunn av lengda på 73 km, dei lange og bratte motbakkane, dei friske og lange nedkøyringane og dei svært lange og til dels tekniske stipartia. Dette gjer at det vert svært mykje vant mellom båtane - rittet skil kraftig. Nikolai enda til slutt på ein solid 14. plass. Carl Fredrik Hagen vann suverent, 8 minutt før tidlegare Vossevangen CK syklist Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng. Les Nikolai sin rittrapport under, og sjå resultat på våre resultatsider.


Nikolai:
Reiste fredag til Rondane for å vere med på Furusjøen rundt, som var norgescup terreng maraton. Løypa var på 73km med 3000 høydemeter, og ryktene tilsa norges hardeste trasé. Ryktene viste seg å vere sann, ei utrulig hard og spektakulær løype. Stilte til start med topp 15 som mål, det stilte 25 mann til start i norgescupklassen. Sterkt startfelt, så innsåg at eg kom til å kjempe i bakre del av feltet. Ut frå start sykla me i småkupert terreng for stigningane starta, og kjente allerede at beina ikkje var heilt på topp. Etter vel 7-8km begynte ein endelaus stigning, langt opp i høgfjellet. Underlaget var høgfjellsti, type stein og mose. Etter ca 1 time med motbakke kom fyrste drikkestasjon, og eg låg plassert på ca 17-18plass. Klatrer ein høgt opp, må ein nødvendigvis ned igjen også. Så neste timen var for det meste nedover på sti med varierande vanskelighetsgrad. Blei liggande ilag med Roar Sollie frå Raufoss sk, ein rytter på samme som nivå som meg. Me fann ut at å sykle ilag ikkje var så dumt, så me holdt ilag store deler av rittet. Etter endå meir terreng, type sti og traktorveg, kom dagens fyrste krampe i låret i ein heller blaut del av løypa. Har aldri vore plaga med krampe før, så dette var ein ny erfaring i rittaammenheng. Etter ca 40km på sti kom.me til ein meget drøy utforkjøring. Heldigvis var det tørre forhold, og eg kom helskinna ned ca 600 høgdemeter med ingen følelse i fingrane etter all bremsinga. Såg på gps'n at Eg hadde vore ute i snart 3t, men hadde endå 3mil igjen. Då passa det med ein killerbakke på vel 5km og 5-600 høgdemeter. Endelig grusunderlag, så her køyrte eg på og henta nokre plasseringer. Men på bakketoppen gjenstod det 2mil i kuppert terreng, og her fekk eg betale for hardkøyret opp grusbakken. Fekk på ny krampe i låra, og kroppen hadde forlengst slått leir i "red line district ",type mørkeraud sone. Siste mila mot mål var eg så grådig på felgen, det freista mest å legge seg i fosterstilling under ei furu og sovna inn. Men knekte meg til mål, aldri vore så utmatta på sykkelen før. Plasseringa var rundt 15plass, men tidsmessig var eg ein halv dag bak, vinnaren hadde nok hatt tid til eit lengre opphold i badstu og ein betre middag før ein sleten vossevangar sjangla over målstreken. Eit latterlig hardt ritt, men fantastisk område å sykle ritt i med utsikt til Rondane nasjonalpark.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar