søndag 16. oktober 2016

Heine Nysæther vart lagsmeister 2016 - Kjekk årsfest avslutta sesongen!

Vossevangen CK hadde lagsmeisterskap og årsfest i går laurdag 15.10. Tradisjonen tru vart det ein kort men hard batalje, i år med avslutting opp Dyrvedalen. Heine Nysæther synte seg sterkast, og tok sigeren framføre Jørund Rong. Kampen om bronseplassen var hard, der Forde Atterår klarde å lura seg framføre Arnstein Ringhim. Diverre var det ingen kvinner til start i årerts ritt.

mandag 26. september 2016

Heine køyrde Noregescup i Bergen!

I helga gjekk årets siste Norgescup på landeveg, den klassiske runden i Bergen. Larudag var det temporitt ute i Øygarden, medan fellesstarten gjekk sundag i den "vanlege" runden ute i Åsane.



mandag 29. august 2016

Terrengritt i Bømoen laurdag 3.9 kl. 12

Vossevangen CK inviterer til det femte og avsluttande rittet i Continentalcupen for terrengsykling no på laurdag. For meir informasjon og påmelding, trykk her.

søndag 28. august 2016

Birkebeinerrittet

Vossevangen CK hadde fire ryttarar med på årets birkebeinarritt. Bengt Arvidsson sykla fredagsbirken på den gode tida 4:31, i ausande regn. På laurdagsbirken imponerte Sondre Tysseland med 3:14. Dag Tore Roe sykla òg særs godt og kom inn på 3:24 der fleire minutt gjekk vekk på teknisk trøbbel med sykkelen. Steinar Røthe var fjerdemann frå klubben, og også han kom under fire timar med tida 3:53. Sjå resultat her.

lørdag 27. august 2016

Ultrabirken: Kjetil nr. 20 og Rune nr. 49

Kjetil Isaksen og Rune Herheim frå Vossevangen CK debuterte fredag på det kanskje røffaste eindagsrittet på terrengsykkel. Ultrabirken var i år på 117 km med mykje fantastisk sti. Kraftig regn og vind under rittet gjorde derimot løypa fleire hakk meir krevjande, både teknisk og fysisk. Kjetil imponerte og sykla inn til ein topp 20 plassering med tida 5:28:45. Rune sykla

mandag 22. august 2016

Heine vann Voss-Geilo


Heine Nysæther (Vossevangen CK) vann i helga Voss-Geilo, som vart skipa for fjerde gong. Heine kom inn saman med Svein Ivar Reiso (Nymark IL) og Fredrik Olsen (Åsane CK) på 4:48:30. Været var fint med sol og opphaldsvær, men det var noko motvind over fjellet. Me gratulerar Heine med eit nytt sterkt resultat!

onsdag 10. august 2016

Kjetil nr. 4 under Nordisk meisterskap i landevegssykling, klasse 35-39.

I helga gjekk Nordisk meisterskap i sykling, i tettstaden Sunne, vest i Sverige. Tempo gjekk laurdag, og "linjelöp" som Svenskane kallar det, gjekk sundag. Noregsmeister Kjetil Isaksen var på startstreken til fellestarten i dei svenske skogar. Været var fint og løypa var eigentleg flat, med ein liten bakke som skulle forserast kvar runde.

Kjetil nr. 4 under Nordisk meisterskap i landevegssykling, klasse 35-39.

I helga gjekk Nordisk meisterskap i sykling, i tettstaden Sunne, vest i Sverige. Tempo gjekk laurdag, og "linjelöp" som Svenskane kallar det, gjekk sundag. Noregsmeister Kjetil Isaksen var på startstreken til fellestarten i dei svenske skogar. Været var fint og løypa var eigentleg flat, med ein liten bakke som skulle forserast kvar runde.

Heine med solid køyring under NC-runde 4 i Stjørdal!

Heine Nysæther (Vossevangen CK) leverte eit godt ritt under Norgescupritt nr. 4 på landeveg denne helga. Det var den tøffe løypa i Stjørdal som stod for tur, med åtte tøffe rundar og totalt 4000 høgdemeter. Heine var fint med lenge, men fekk det tøft på den sjette runden. Kort oppsummerar han rittet slik; "Eg hadde litt tunge bein dei to fyrste rundane, so taua eg feltet på omlag 50 mann halve tredjerunden. Prøvde å gå solo på fjerderunden, og fekk hammaren på sjetterunden" 

Rasmus Fossum Tiller (Lillehammer CK) vann spurten framføre Åsmund Løvik (Fixit) og Tobias Foss (Lillehammer CK/Joker Byggtorget).




søndag 24. juli 2016

Vossevangen CK nr. 15 på Offroad Valdres

I går stilte tre mann frå Vossevangen CK opp i lagtevlinga Offroad Valdres. Dette må kallast eit type ekstremritt, der lag på to til tre deltakarar skal sykla 15,9 mil på til dels teknisk sti i fjellområda mellom Hemsedal og Fagernes. Bjarte Vethe, Carsten Christensen og Rune Herheim hadde ei

torsdag 7. juli 2016

Paul med solid innsats under Ironman Haugesund!

Evigunge Paul Skeie (Vossevangen CK) gjennomførte Ironman Haugesund sist helg, og det med stil. Les Paul sin fine rapport frå hardøkta her;


Paul i fint driv!

søndag 3. juli 2016

Breaking news: Kjetil vart Noregsmeister i M35-39.

Kjetil Isaksen (Vossevangen CK) tok i dag NM-tittelen i klassen M35-39 i dag, under Master-NM/veteran-NM på Nosodden!! Me gratulerar Kjetil med nok ein fantastisk prestasjon i eit knallhardt startfelt! Kjetil vann spurten "enkelt" og kom inn fem sekund framføre Fredrik Stephansen (Drøbak-Frong IL sykkel) og Maxim Golev (Felgen CK Trondheim).


Kjetil med NM-trøya!


Kjetil uttalar: "Det var ei fin løype, med ein skikkeleg bakke og elles mykje småknekkjarar. Løypa passa meg soleis bra. Det vart aldri nokre skikkeleg brot, Team Kjekkas prøvde, men kom aldri skikkleg i frå. Eg var veldig på vakt når folk gjekk til, for eg visste at om dei rette kom seg i brot, vart det vanskeleg. Før mål var det eit teknisk parti, og der låg eg langt framme. Omlag 1 km før mål stakk Fredrik Olsen, eg lot han gå. Me låg i ei gruppe på fem stk bak han. Eg bestemte meg for å klemma til, og eg gjekk "all inn" og stakk i frå gruppa mi, peiste forbi Olsen i den siste bakken opp mot mål og fekk ei relativt god luke. Det var veldig morro. No gler eg meg til premieutdelinga", seier ein blid og nøgd Noregsmeister på telefon!


Pallen i M35-39 Master-NM





Kristin nr. 6 i Jotunheimen Rundt!

Fredag kveld 01.07 var det start for Noregs tøffaste turritt, nemleg Jotunheimen Rundt. 430 kilometer med 4606 høgdemeter er for dei tøffaste! Kristin Sønnesyn sykla rittet som einaste Vossevangen CK'ar i år.

lørdag 25. juni 2016

Vossevangen CK med tre ryttar på Hallingrittet

Hallingrittet 2016 hadde værgudane på si sida i dag. Regna godt i går, og meldt godt med regn i morgon, men på rittet i dag var det sol og lettskya. Vossevangen CK stilte med tre ryttarar: Ola Blikberg Herheim i 9-10 årsklassen, Johanne Blikberg Herheim i 11-12 årsklassen og Rune Herheim i pulje 1 for dei vaksne. Både Ola og Johanne viste gode takter - Ola med styrke og Johanne med teknikk. Ungdomane fekk bryna seg, for dei sykla traseen som er det siste stipartiet i dei vaksne si løypa. Rune viste også gode takter og tok ein solid sjuande plass totalt, og ein andreplass i klasse M35-39. Trykk "Les mer" for resultatliste, fleire bilete og Rune sin rittrapport.

søndag 19. juni 2016

Lillhammer-Oslo, ei kjempeoppleving for Vossevangen CK

Laurdag 18.06 vart "Styrkeprøven" gjennomført, og for fyrste gong stilte Vossevangen CK lag på distansen Lillehammer-Oslo. Løypa var 189 kilometer  i år, og var lagt på vestsida av Mjøsa. Vossevangen CK stilte til start med 18 mann frå Voss og omegn, med berre eit forfall. Diverre var Nikolai Hanevik sjuk og kunne ikkje vera med oss til Lillehammer.

onsdag 15. juni 2016

Rune nr. 3 i det 3. rittet i Continentalcupen

I dag vart 3. ritt i continentalcupen arrangert på Os/Ulven. Arrangøren gjorde ein framifrå jobb, og stilte med ein delvis ny trase. Endringane gjorde susen, og det var god stemning. Det vart dobbelsiger til Fana SK, med Ellertsen på fyrste og Jordan på andre. Rune kom inn på ein fin-fin 3. plass, ti sekund bak Jordan. Nikolai Hanevik laut diverre melda forfall. Sjå Rune sin rittrapport under, og resultatliste finn du her.

Vossevangen CK køyrde Åsane lagtempo på Osterøy

Tysdag 14.06 vart regionens einaste lagtemporitt avvikla på vakre Osterøy, då Åsane Lagtempo stod for tur. Vossevangen CK debuterte i disiplinen, og stilte lag med Heine, Kjetil og Jørund. Løypa er knallhard, då den går ned ein bakke i gode 5 km og 170 høgdemeter, før ein skal oppatt same bakken i gode 5 km og 170 høgdemeter. Løypa skal køyrast tre gonger, tilsaman 32 kilometer.

mandag 13. juni 2016

Store oppturar og nokre nedturar under Noregscuphelg nr. 3!

I helga har det vore "Jæren sykkelfestival" med tredje runde i Norgescup'n landeveg. Laurdag var det gateritt ranking og sundag fellesstart.

Kjetil Isaksen knalla til med eit kjemperitt laurdag, og var nr 12 under gaterittet. Han fekk same tid som vinnaren, Kristoffer Halvorsen (Team Joker). Ketil seier i ein kort kommentar; "Det gjekk styggfort i dag, dei siste tre rundane snitta me over 50 km/t. ". Kjetil har no etablert seg i Noregseliten på gateritt, etter fleire veldig gode prestasjonar. Veldig morro! Me gratulerar.

Kjetil i aksjon under criteritumsrittet på laurdag! Kanonplassering.


video

onsdag 8. juni 2016

Heine og Jørund køyrde Ulven Tempo

Tysdag 07.06 var det duka for Ulven Tempo. Eit tradisjonsritt frå tilskiparklubben CK Henie. Vossevangen CK hadde Heine Nysæther og Jørund Rong til start. Os baud på småkaldt vær og med ein god del sidevind, men det var likt for alle!

Det var mange sterke rytterar til start, både unge og gamle. Heine tikka inn på små-fine 13:34  medan leiaren var 20 sekundar bak på 13:54. Heine stilte i Msenior medan Rong stilte i M40-44.

lørdag 4. juni 2016

Bergen-Voss i strålande vær - Vossevangen ck dominerte stort!

I eit strålande vær vart Bergen-Voss køyrt i dag laurdag 04. juni, Vossevangen CK hadde mange spreke rytterar til start i ulike puljer.

Oppsummert: Kjetil Isaksen vann i lag med sju andre sterke rytterar på 4:12:01 og Heine Nysæther var berre minuttet bak 4:13:13. Kristin Sønnesyn gjorde ein kjempeprestasjon og tok tredjeplassen i kvinneklasen på flotte 4:54! Kristin melder om ein fin tur og ei god oppleving! Vinnaren i dameklassen hadde eit heilt lag som køyrde for ho og vel so det. Soleis kan Kristin sjå på dette som ein endå større prestasjon, ho gjorde jobben åleine. Me gratulerar Kristin!

mandag 30. mai 2016

Heine med ny sterk soloprestasjon under Vestfold Rundt

Heine Nysæther (Vossevangen CK) gjorde ein ny kjempeprestasjon i helga, då han køyrde Vestfold Rundt. Heine var for sein å melda seg på, og kom seg ikkje inn i pulje 1 der han høyre heime. Han laut soleis køyra i pulje 2. Han gjorde som han ofte gjer, gjekk solo frå start!

onsdag 25. mai 2016

Heine nr. 3 i Sandefjord Tours!

Måndag 16.mai køyrde Heine Nysether Sandefjord Tours, og som vanleg støyta Heine frå start! Pga stor arbeidspress i web-avdelinga til Vossevangen CK kjem dekninga av dette rittet noko seint diverre. Les meir om korleis Heine sjølv skildra pallplassen!

mandag 23. mai 2016

Kjetil Isaksen med toppresultat i Noregscup'n!

Sist helg var det runde nr. 2 i Noregscup'n, og denne gongen var det Otterstad som skipa til sykkelfestival over tre dagar med tre ritt, gateritt, fellestart og temporitt. Kjetil køyrde gaterittet laurdag og kom inn som nr. 9! Det kan du lesa meir om her;

Kanon av Kjetil! Nr. 9 under NCF ranking-gateritt!

Sundag var det fellesstart med Heine Nysæther og Kjetil Isaksen til start. Heine har hatt ein litt tung NC-start i år, og var på ny uheldig. Han sat i hovudfeltet då det gjekk ein velt i langesona. Heine gjekk ned, og til alt hell vart han ikkje skada. Men rittet var over for Heine sin del.

søndag 22. mai 2016

Heine med maktdemonstrasjon på Seksvass! Køyrde solo på 2:09

Seksvassrunden gjekk i dag av stabelen, i vanleg vått vær. Men i motsetting til i fjor, var det faktisk fleire varmegrader! Det var eit relativt lite startfelt i år. Ein hadde i dag både Stalheimskleiva opp og i tillegg til Nordhordland Rundt. Dette lyt ein finna ut av, ein kan ikkje skipa til so  mange ritt på same dag i same region...!

mandag 16. mai 2016

Kristin Sønnesyn med sterk Vossevangen-debut under Fana 3-dagars

Kristin Sønnesyn debuterte for Vossevangen CK under Fana 3-dagars i helga, og leverte ein flott prestasjon, med tredjeplass i K-senior med lik tid som fyrste og andreplass!

lørdag 14. mai 2016

Kanon av Kjetil! Nr. 9 under NCF Ranking-gateritt!

I høve Noregscuphelg nr. 2, vart det i dag køyrd gateritt i Hamar. Kjetil Isaksen er i kjempeslag og knalla til med 9. plass! Dette er svært sterkt av Kjetil, då startfeltet var på nasjonalt nivå.

Me gratulerer Kjetil og ynskjer han lukke til i morgon under fellesstarten!


Sjå resultat på våre resultatsider, og klikk "Les mer" for å sjå video av spurten.

torsdag 12. mai 2016

Heine med sterk køyring under Ceresrittet

Sundag 8. mai vart Ceresrittet køyrt. Dette er eit populert lagtemporitt der fire rytterar køyrer saman over ei løype på 83 km. Tre stk lyt koma i mål. Tradisjonelt er rittet nytta av dei mange lagtemposatsande laga på austlandet til å måla krefter seg i mellom.

lørdag 30. april 2016

Vossevangen CK med kjemperesultat på Sund Fellestart!

I dag gjekk rittet "Sund fellestart" som ein del av "Ritthelg Bergen 2016". I morgon er det tempo med "Straumemilen" fyrst, og deretter rundbaneritt med "Flaktveitrunden". Heine Nysæther og Kjetil Isaksen stilte til start i fint vårvær på Sotra.

tirsdag 26. april 2016

Fyrste helg med Noregscup - Vossevangen med solid innsats. Kjetil klinka til i snjostormen

I helga var det fyrste runde i Noregscup'n, med den tradisjonelle runden i Skien/Grenlandsområde. Fredag kveld var det temporitt ranking, Laurdag var det Criterium/Kermesse, medan fellesstarten gjekk sundag.

tirsdag 19. april 2016

Heine køyrde "Runde van Berg" i helga!

I helga køyrde Heine Nysæther rittet "Ronde van Berg", som er ein slags norsk mini-Flandern lokalisert i Stavern-område. Heine gjekk sjølvsagt i alle brot som var i løpet av dagen og fekk seg ei skikkeleg god økt! Me har fengje fylgjande rittrapport frå syklisten sjølv:

mandag 18. april 2016

Flott langtur, god trening: Voss-Jondal-Voss

Vossevangen CK hadde sin årlege Voss-Jondal-Voss i helga, og dei som var med fekk seg både sol, god mat, mykje god trening og elles god stemning!

søndag 10. april 2016

Rådalen rundt: Vossevangen CK med frå start!

I helga var det sesongstart på landevegen. Laurdag var det Sotramila - 20 km tempo. Der tok Heine Nysæther, Vossevangen CK, ein god 6. plass i seniorklassen trass i at opna hardt og laut betala litt for det på slutten. Sundag stilte både Kjetil Isaksen og Heine for klubben vår i eliteklassen på Rådalen rundt. Båe to sykla godt, og Kjetil tok ein sterk 4. plass! Heine var diverre uheldig og øydela bakhjulet i siste nedoverbakken før mål. Sjå Kjetil sin rapport under, og sjå resultat på våre resultatsider.

mandag 21. mars 2016

Medlemskap 2016, pluss litt informasjon!

Gode syklistar!

Ein ny sykkelsesong er på gang, og det er berre å gle seg til mange fine turar og ritt! Vedlagt finn dykk medlemsgiro for 2016. I år freistar me ei digital løysing. Betal berre denne i mobilbank/nettbank, eller på vanleg vis om du ynskjer! 

Litt info;

fredag 19. februar 2016

Årsmøte, Vossevangen CK

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Vossevangen CK! Møt opp og ver med på å bestemma framtida til sykkelklubben.

Saker lyt vera komne til styret innan 05.03.2016 på e-post: vossevangenck@gmail.com

Førebels inkalling og dagsorden agenda - klikk på bilete.



søndag 24. januar 2016

Terminlista 2016

No er sida med lenkjer til tevlingar og ei lista med nokre utvalde tevlingar oppdatert for 2016. Sjå her.